Hopp til innhold
Dei fem første nynorskpraktikantane i 2004 (f.v.: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal) med statsråd Valgerd Svarstad Haugland (t.v.) og leiar Magni Øvrebotten (t.h.) bak. Kjelde: NRK Nynorsk mediesenter. Nytta med løyve.
Dei fem første nynorskpraktikantane i 2004 (f.v.: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal) med statsråd Valgerd Svarstad Haugland (t.v.) og leiar Magni Øvrebotten (t.h.) bak. Kjelde: NRK Nynorsk mediesenter. Nytta med løyve.
X
Innhald

NRK Nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter, kompetansesenter for nynorsk journalistikk. På få år er denne institusjonen blitt ein viktig leverandør av radio- og fjernsynsjournalistar.

Nynorsk mediesenter blei skipa i Førde i 2004 av NRK for å ta vare på «de særlige oppgaver Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur». Bakgrunnen var ein strid om nedlegging av fleire distriktskontor. Mediesenteret blei til som ein del av løysinga i den saka, i eit finmaska samspel mellom krefter i NRK-styret og i det politiske miljøet, med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i ei aktiv rolle.
Ut frå visjonen «Stolt nynorsk» utdannar institusjonen kvart år ti nye praktikantar for radio- og fjernsynsjournalistikk. Per august 2019 har mediesenteret utdanna 150 nynorskpraktikantar, og 57 prosent av dei jobbar i media. Nynorsk mediesenter held også medietreningskurs.
Nynorsk mediesenter er eit dotterselskap i NRK og skifta i 2009 namn til NRK Nynorsk mediesenter. Dagleg leiar frå 2004 har vore Magni Øvrebotten. Nynorsk mediesenter er medlem i Nynorsk Forum.
 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

NRK Nynorsk mediesenter: Statusrapport per 23.06.2010, nynorskmediesenter.no: http://www.nynorskmediesenter.no/LinkClick.aspx?fileticket=ygk8V5YmUTU%3d&tabid=1822 [lesedato 12.09.2010]

NRK Nynorsk mediesenter: «Vi er 15 år måndag», publisert 28.8.2019, nynorskmediesenter.no: https://nynorskmediesenter.no/vi-er-15-ar-mandag/#.XW0K-ev7SUk [lesedato 2.9.2019]

Først publisert: 17.09.2009
Sist oppdatert: 02.09.2019