Hopp til innhold
Steinarr Sommerset. Foto: Brand Barstein.
Steinarr Sommerset. Foto: Brand Barstein.
X
Innhald

Ny redaksjonssekretær i Allkunne

Steinarr Sommerset (35) frå Vanylven er tilsett som redaksjonssekretær i Allkunne. – Pålitelege kjelder til informasjon har aldri vore viktigare enn i dagens samansette medieverd. Allkunne er difor eit ypparleg kvardagsverktøy for allmenta, og eg ser fram til å få bidra til å formidle kvalitetssikra kunnskap på nettet på levande nynorsk, seier han.  

Sommerset har ein bachelorgrad i musikkteknologi og ein i medieproduksjon, begge frå NTNU, og har også fag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Han har vore praktikant i NRK Nynorsk mediesenter og jobba i NRK Kulturnytt, TV-aksjonen, Puls og Forbrukarinspektørane. Han har også arbeidd med fagomsetjing, kommunikasjonsrådgjeving, nettsamfunn og tekstproduksjon, mellom anna som ekstern ansvarleg for omsetjingar i Google. Han kjem no frå rolla som sjølvstendig omsetjar og språkvaskar.

– Sommerset har brei og relevant erfaring, og vi er trygge på at han vil bli ein viktig ressurs i det vidare arbeidet med å utvikle Allkunne som kvalitetssikra oppslagsverk på nynorsk, seier redaktør Stina Aasen Lødemel i Allkunne.

Allkunne er eit digitalt, redigert oppslagsverk på nynorsk, eigd og drive av Nynorsk kultursentrum. Allkunne har i dag 25 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om ulike emne, og nye artiklar kjem til kvar dag. Artiklane er skrive og kvalitetssikra av fagfolk, redaksjon og språkvaskarar.

– Eg brenn for rett og effektivt språk, og eg er oppteken av at nynorsken skal vere aktuell og framtidsretta: ei målform som alle, uansett bakgrunn, kan vere stolte av å bruke aktivt. Språk er identitet, og for meg er nynorsken særs viktig i så måte – eg hadde ikkje kunne vore meg sjølv utan han, seier Sommerset. Han tek til i stillinga 2. januar 2019.

For meir informasjon:

Redaktør Stina Aasen Lødemel, tlf. 700 47 595 eller 936 71 511, stina@allkunne.no

Først publisert: 16.11.2018
Sist oppdatert: 16.11.2018