Hopp til innhold
X
Innhald

Nynorsk

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål, det vil seie dei tradisjonelle norske dialektane, i motsetnad til bokmål, som har røter i den dansk-norske språktradisjonen. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.

Språkfamilie

Nynorsk er eit nordisk (eller nordgermansk) språk. Nordisk er ei grein av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er vanleg å dele dei nordiske språka i to greiner, vestnordisk og austnordisk. Islandsk, færøysk, det utdøydde språket norn (som blei talt på Shetland, Orknøyane, Hebridane og i delar av det skotske fastlandet) og nynorsk er vestnordiske språk, medan svensk og dansk er austnordiske. Bokmål ligg på grensa mellom vestnordisk og austnordisk.

 

Ut frå korleis språka er innbyrdes forståelege, blir moderne nordisk òg delt i skandinavisk eller fastlandsnordisk (norsk, svensk og dansk) og øynordisk (islandsk og færøysk). Etter norrøn tid har norsk i stor grad følgt dei same utviklingslinjene som svensk og dansk – både i lydverk, grammatikk og ordtilfang.

 

Språkhistorie

Urnordisk oppstod då nordisk skilde lag med annan germansk i dei første hundreåra etter Kristi fødsel. Kring 700 delte urnordisk seg i norrønt (gamalvestnordisk) og gamalaustnordisk, men skilnadene var relativt små, og alt nordisk språk blei lenge kalla dǫnsk tunga ('dansk tunge'). Frå 700-talet til 1350 var norrønt språket i Noreg, frå 800-talet også på Færøyane og Island. På 1000-talet oppstod eit skilje mellom færøysk og norsk på den eine sida og islandsk på den andre.

 

I den mellomnorske tidbolken, frå 1350 til 1525, då færøysk og norsk skilde lag, fekk skandinavisk store mengder lånord frå nedertysk, språket til hanseatane. Dei nedertyske lånorda – til dømes substantiva arbeid og vilkår og verba skildre, bruke, føle, nytte, prate og snakke – trengde unna gamle nordiske ord og gjorde det vanskelegare for danskar, svenskar og nordmenn å forstå færøysk og islandsk, og omvendt. Den mellomnorske bolken fall saman med Kalmarunionen (1389/1397–1521) mellom Danmark, Sverige og Noreg, med Danmark som dominerande part. Då trengde dansk bort norsk som skriftspråk. Stillinga til dansk skriftspråk blei endå sterkare etter reformasjonen i 1536, då Noreg kom under dansk styre, og ein dansk bibel, Christian IIIs Bibel, frå 1550, blei spreidd i Noreg.

 

Det norske språkstadiet etter 1525 kallar vi moderne norsk eller nynorsk. Gjennom arbeidet til Ivar Aasen blei norsk skriftspråk att på 1800-talet, under namnet Landsmaal (det vil seie målet for heile landet), frå 1917 skrive landsmål, og sidan 1929 kalla nynorsk (i motsetnad til gamalnorsk). Du finn meir om arbeidet til Ivar Aasen i ein eigen artikkel.

 

Gjennom eit stortingsvedtak 12. mai 1885 blei landsmålet – «det norske Folkesprog» – jamstilt med dansk – «vort almindelige Skrift- og Bogsprog», og i 1892 blei det tillate å nytte landsmålet i skulen.

 

Ordhistorie

Ser vi bort frå nordiske ord som kom inn i engelsk i vikingtida og mellomalderen, er ski det norske ordet som har nådd lengst ut i verda, rett nok med den engelske uttalen /ˈskiː/ – jamfør bulgarsk ski (ски), gresk ski (σκι), hindi skī (स्की), japansk sukī (スキー), koreansk seuki (스키), kastiljansk og katalansk esquí og portugisisk esqui.

 

Eit anna norsk vintersportsord, slalåm (av sla, 'som hallar' og låm, 'skispor'), har nesten nådd like langt, jamfør japansk surarōmu (スラローム) og armensk slalom (սլալոմ). Det er òg lånt inn i språk som har sitt eige arveord for 'ski' – til dømes har russisk lyži (лыжи) for 'ski', men 'slalåm' heiter slalom (слалом). Finsk har suksi (fleirtal sukset) 'ski' og pujottelu ('slalåm'), men nyttar òg slalom.

 

Den typisk norske naturformasjonen fjord er òg verdskjend under det norske namnet – jamfør albansk fjord, kastiljansk og baskisk fiordo, katalansk fiord, russisk fjord (фьорд), gresk fiórð (φιόρδ), tyrkisk fiyort, armensk fjord (ֆյորդ), indonesisk fyord, koreansk pioreu (피오르) og malayalam phjorɖ (ഫ്യോർഡ്).

 

Nynorsk rettskriving

Landsmål/nynorsk har vore igjennom ein lang språkplanleggingsprosess. Dei viktigaste endringane skjedde i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959 og 2012. Tabellen nedanfor viser korleis substantiva Arm/arm, Gjest/gjest, Skaal/skaal/skål, Reim/reim, Visa/visa/vise, Hus/hus og Auga/auga/auge skulle bøyast etter Norsk Grammatik (1864) av Ivar Aasen og etter rettskrivingsreglane i 1901, 1917, 1938 og 2012. Før 1901 følgde dei som skreiv landsmål, i hovudsak rettskrivinga til Ivar Aasen, med ein del individuell variasjon. Med rettskrivinga i 1901 kom det eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Sideformene står i parentes i tabellen nedanfor. Hovudformene skulle nyttast i lærebøker, men elevane kunne òg nytte sideformene. Systemet med sideformer blei avskaffa i 2012, då vi på fleire punkt fekk ei strammare norm.

 

Nynorsk_tabell Rettskrivinga.jpg?w=600

   

Det er ei viss usemje mellom nynorskbrukarar om revisjonane, og nett som ein del bokmålsbrukarar lenge nytta ei uoffisiell norm dei kallar riksmål, finst det uoffisielle nynorsknormer. Eit døme finn vi i Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm (Oslo 2017), redigert av Arvid Langeland. Det finst òg ei høgnorskrørsle, som i hovudsak held seg til 1917-normalen.

 

Språksystem

Binding i nomenfrasar

Eit karakteristisk drag ved norsk er måten binding (skiljet mellom ubunden og bunden form) blir uttrykt på i ein nomenfrase. Sjå først på dei engelske nomenfrasane an old car ('ein gamal bil') og the old car ('den gamle bilen'), der berre artiklane an og the viser om frasen er ubunden eller bunden.

 

I dei tilsvarande danske frasane en gammel bil og den gamle bil er bindinga uttrykt ved både artiklar og adjektiv. På norsk uttrykkjer vi tre gonger at frasen er ubunden eller bunden: ein gamal bil, mot den gamle bilen. Her liknar norsk på svensk og færøysk, der det heiter høvesvis en gammal bil / den gamla bilen og ein gamal bilur / tann gamli bilurin. Islandsk vel ei anna løysing – adjektivet og substantivet viser binding, men det er ingen artiklar: gamall bíll / gamli bíllinn.

 

Ønskjer vi å ta med eigedomspronomenet min, set vi det på norsk etter den gamle bilen, slik at vi får den gamle bilen min. På dansk er ikkje den med, og min står først: min gamle bil. Her skil òg svensk lag med norsk og følgjer same mønster som dansk: min gamla bil. Færøysk liknar derimot norsk: tann gamli bilurin hjá mær, bokstavleg 'den gamle bilen hos meg'. Islandsk set òg eigedomspronomenet til etter ein vanleg bunden frase, og utan artikkel: gamli bíllinn minn.

 

Tre kjønn mot to kjønn

Det nynorske skriftspråket og radikalt bokmål har tre grammatiske kjønn – hankjønn, hokjønn og inkjekjønn – og skil seg frå moderat bokmål og svensk og dansk skriftspråk, som berre har to grammatiske kjønn – felleskjønn og inkjekjønn – som vist i denne tabellen, der bokmålR og bokmålM står for høvesvis radikalt og moderat bokmål:

Tekst i kapittelet «Språksystem» (Tre kjønn mot to kjønn) gjort om til tabell i nynorsk-artikkelen.

  

Talet på grammatiske kjønn utgjer likevel ikkje noko klart skilje mellom dei fastlandsnordiske språka. I tradisjonelle svenske dialektar er det vanleg med tre kjønn, og dialektane på dei fleste danske øyane og austlege delar av Jylland har hatt tre kjønn inn i nyare tid. Fleire norske storbydialektar er på veg mot to kjønn.

 

Nynorsk, bokmål, svensk og dansk

Nedanfor er den nynorske (N) setninga «Ho trudde at den feitaste av tjuvane sparka hol i døra» skriven i feite typar og jamførd med svensk (S), landsmålet (L) til Ivar Aasen utan stor forbokstav i substantiva, bokmål (B) og dansk (D). Det står éi form i kvar rute, og mange ruter dekkjer fleire språk. Grå ruter viser former som samsvarer med offisiell nynorsk. Nynorsk og bokmål står på to linjer kvar. På linje N står dei tillatne formene etter 2012-rettskrivinga. På linje B står dei meste brukte bokmålsformene. På linje NT og BR står høvesvis «tradisjonell nynorsk» (tillatne former før 2012) og «radikalt bokmål» (enno tillatne).

Tekst i kapittelet «Språksystem» (Nynorsk, bokmål, svensk og dansk) gjort om til tabell i nynorsk-artikkelen.

  

Med uttalen som er skildra i avsnittet «Uttale», læt denne setninga slik med nynorsk leseuttale:

 

/hu 2trʉde ɑt den 2fæitɑste ɑːʋ 2çʉːʋɑne spɑrkɑ 1hɵːl i 1døːrɑ/

 

Dette skil seg lite frå tradisjonelle målføre – som desse døma viser:

 

Nissedal          /hu 2trʉde ɑte dæn 2fæitɑste ɑ 2çuːʋɑne spɑrkɑ 1hɵːl i 1dyni/

Sandefjord      /hu 2trʉde ɑte den 2fæitɑste ɑ 2çʉːʋɑne spɑrkɑ 1hoɽ i 1døːrɑ/

Tromsø            /hu 2trʉdʲe ɑte denʲ 2feitɑste ɑ 2çyːʋɑn spɑrkɑ 1hol i 1døːrɑ/

 

Uttale

Det er mange uttaleskilnader mellom nynorske målføre. Her set vi opp eit vanleg system i Vest-Telemark – mellom Austlandet og Vestlandet. Systemet har ti korte og ti lange vokalar:

Tekst i kapittelet «Uttale» (vokalar) gjort om til tabell i nynorsk-artikkelen.

  

I tillegg finst ein del diftongar: ei /æi/, øy /øy/, au /ɵʉ/, oi /oy/, ai /ɑi/, ui /ʉy, uy/.

 

Vokalane /ɵ  ɵː/ blir skrivne o og finst i ord som sove /2sɵːʋe/, kol /1kɵːl/ og golv /1ɡɵlʋ/, medan /o  oː/ blir skrivne å og finst i låve /2loːʋe/, kål /1koːl/ og åtte /2ote/. Dei fleste dialektar har /o  oː/ eller /ø  øː/ i staden for /ɵ  ɵː/, jamfør til dømes sove /2soːʋɑ/, kol /1køːɽ/ og golv /1ɡøɽʋ/ i Oslo eller sove /2soːʋe/, kol /1kol/ og golv /1ɡolʋ/ i mellom anna Kristiansand og Tromsø.

 

I mange nynorske grammatikkar er det sett opp eit heilt anna vokalsystem enn det vi har presentert her. Olav T. Beito set i Nynorsk grammatikk (Oslo 1986) opp dei 14 vokalane /í  ì  ý  ỳ  ú  ù  é  è  ø  ó  ò  æ  å  a/, som alle finst i både kort og lang utgåve, og med varierande uttale i ulike dialektar. Vokalane med akutt aksent (´) er trongare enn dei med gravis aksent (`). Dei lange vokalane kan illustrerast med desse orda, i ortografisk form med aksentar på nokre vokalar: bíte (infinitiv), bìte (perfektum partisipp), brýte (infinitiv), nỳkel (substantiv), hús (substantiv), hùg (substantiv), lét (preteritum av late), lèt (presens av late), søt (adjektiv), fót (substantiv), skòt (substantiv), hær (substantiv), båt (substantiv) og dag (substantiv). Dette systemet går tilbake til Ivar Aasen, som vurderte å ha med gravis aksent i rettskrivinga, men forkasta ideen. I Norsk Ordbog (1873) kjem informasjonen likevel fram, til dømes ved at han skriv ii i parentes for í og i' i parentes for ì.

 

Konsonantsystemet ser slik ut:

Tekst i kapittelet «Uttale» (konsonantar) gjort om til tabell i nynorsk-artikkelen.

 

Språket skil mellom stavingar med og utan trykk. Stavingar med trykk kan vere aksentuerte eller uaksentuerte, og det finst to ulike aksentar, aksent 1 og aksent 2, som kan skilje ord frå kvarandre – jamfør vatnet /1ʋatne/ og vatne /2ʋatne/. I denne uttalevarianten er aksent 1 ein låg tone og aksent 2 ein fallande tone.

 

Du kan lese meir om språkstoda i Noreg i artikkelen «Norsk».

 

Meir informasjon

Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd- og ordlære. Oslo 1970 (2. utg. 1986)

Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Arne Garborg: Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Kristiania 1877

Marius Hægstad: Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet, 1. utg. Namsos 1879, 8. utg. Bergen 1912

Leiv Heggstad: Norsk grammatik for skule-ungdom. Kristiania 1914

Leiv Heggstad: Norsk grammatikk (større utgåve). Oslo 1931

Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. (Norsk målreising II). Oslo 2011

Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1738–1868. (Norsk målreising I). Oslo 2010

Gustav Indrebø: Norsk målsoga. Bergen 2001

Arvid Langeland (red.): Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm. Oslo 2017

Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie I–IV. Oslo 2016–2017

Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag av norsk språkhistorie. Oslo 2014

Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Kristiania 1864

Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Kristiania 1873

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 05.10.2017
Sist oppdatert: 05.06.2018