Faktaboks

Odd Furøy
Fødd
24. juni 1930, Sørreisa, Troms og Finnmark
Død
26. februar 1994, Lillehammer, Innlandet

Odd Furøy var ein norsk skodespelar.

Odd Furøy var fødd i Sørreisa i Troms. Han var fiskarsonen som vart lærar, og som deretter forlot skulelivet til fordel for teaterkunsten. Han tok examen artium ved Eids gymnas på Nordfjordeid i 1951 og lærarskuleeksamen på Hamar 1956. På gymnaset og lærarskulen var han med i teatergrupper, og han avgjorde at det var skodespelar han ville verte. Utan formell teaterutdanning debuterte han 1959 som skodespelar på Studiescenen, eit turnéteater han sjølv var med og skape. I 1960–1962 var han tilsett ved Trøndelag Teater, i 1962–1964 ved Rogaland Teater og i 1964–1994 ved Det Norske Teatret.

Furøy medverka i over 70 framsyningar ved Det Norske Teatret, i roller av norske og utanlandske dramatikarar, både tragediar og komediar. Han spela Henrik Ibsen og William Shakespeare så vel som samtidsdrama av Harold Pinter, Henry Miller og Tarjei Vesaas. Komediane han var med i, kunne ha ein mørk undertone, som i Ai, ai for ein artig krig! av Joan Littlewood, eller dei var av det burleske slaget, som Stolane av Eugène Ionesco.

Furøy var fleire sesongar med i Spelet om Heilag-OlavStiklestad. Frå 1978 medverka han i eit titals filmar. I ein av dei, Søsken på Guds jord, som vart spela inn på Dyrøy i Troms, fekk han snakke sin barndoms sørreisadialekt. Furøy var òg ein flittig gjest i fjernsynsteateret og radioteateret. I 1990, til 50-årsmarkeringa av invasjonen av Noreg, gjorde han rolla som utanriksminister Halvdan Koht i radiodramatiseringa Slik var 9. april 1940.

I tillegg turnerte Furøy med Riksteatret, siste gongen i Kristin Lavransdatter, som vart spela under OL på Lillehammer i 1994.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arkivet, Det Norske Teatret
  • Bergljot Engeset: Intervju med Odd Furøy i Dag og Tid 23.5.1985
  • Knut Ove Arntzen ofl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991

Faktaboks

Odd Furøy
Historisk befolkingsregister-ID
pa00000000295314

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg