Hopp til innhold
Oddvar Torsheim. Oddvar Torsheim på Sophienholm i København. Ukjent år. Foto: Pål Bråtelund / oddvartorsheim.no (pressefoto).
Oddvar Torsheim. Oddvar Torsheim på Sophienholm i København. Ukjent år. Foto: Pål Bråtelund / oddvartorsheim.no (pressefoto).
X
Innhald

Oddvar Torsheim

Oddvar Hermannson Torsheim, biletkunstnar, grafikar, lyrikar og musikar. Ein humørfylt multikunstnar og samfunnskritikar, som målar si eiga samtid i surrealistiske bilete, ofte med tekstar på nynorsk som del av bileta.

Oddvar Torsheim er fødd 2. november 1938 i Bergen og flytta til Naustdal i Sogn og Fjordane då han var ni år gamal. Sidan 1970 har han budd i Førde, der han er lett å kjenne att i dei svarte kleda og med bumerket sitt: eit raudt halstørkle.

Torsheim byrja tidleg å kopiere kunstbileta i skulebøkene til faren, men trass i kunstnarleg teft mønstra han på båten «Ingerto» i slutten av tenåra. Etter ei tid som byssegut tok han kunstutdanning ved Bergens Kunsthåndverksskole i 1957–60 og gjekk sidan på grafisk skule i København i 1964–70.

I 1963 debuterte Torsheim på haustutstillinga i Oslo. Tre år etter slo han igjennom som grafikar i den radikale utstillinga «Gruppe 66» i Bergens Kunstforening.

I kunsten rører Torsheim seg mellom det absurde og komiske i eit figurativt formspråk som står nær popkunsten. Han nyttar observasjonane frå kvardagslivet som resonansbotn, og karakterane hans spring ofte ut av det vestnorske landskapet. I biletkunsten står teksten sentralt, men interessa for nynorsken kjem òg til uttrykk i musikken og lyrikken. Torsheim har gitt ut både plater og diktsamlingar.

I 2007 fekk Torsheim både Målprisen frå Noregs Mållag og Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Då han fylte 70, vart han utnemnt til æresborgar i Førde. Skulpturar av Oddvar Torsheim er sett opp i Gloppen (1998), Førde (2003) og Askvoll (2013), alle laga av kunstnaren Stig Eikaas.

Ein radikalar

I 1960-åra var Torsheim sentral i det radikale, eksperimenterande og samfunnsengasjerte kunstmiljøet i Bergen. Miljøet, som i ettertid har vorte kalla Bergensavantgarden, kulminerte i den kontroversielle utstillinga «Gruppe 66». Ved sidan av fotografi, vev, grafikk og lyrikk introduserte gruppa nye kunstnarlege uttrykk, mellom anna happenings og eksperimentell film.

På utstillinga markerte Torsheim seg som grafikar og lyrikar. Innhaldsmessig utfylte desse uttrykka kvarandre og var ei samansett blanding av attkjennelege figurar og formlaust kaos. Torsheim utforma òg utstillingsplakaten: eit hovud fylt med indre spetakkel.

Fleire av kunstnarane var òg med på den informative kunstutstillinga «Samliv», 1977–78, som var eit samarbeid mellom kunstnarar og helsearbeidarar. Her figurerte Torsheim som framføringskunstar med fleire av bileta sine i Laurie Grundts videoverk Paliflimpen (1969). Han stod i tillegg for bakgrunnsvokalen.

Då han flytta til Førde i 1970, møtte Torsheim lite forståing hos sambygdingane. Den første utstillinga hans i Førde skapte rabalder. Lokalavisa Firda skulda han for å vere pornografisk og blasfemisk, og fleire stilte krav om at utstillinga skulle takast ned. I dag er sunnfjordingane kjernepublikumet til «Torsheimen».

Bilete på nynorsk

Torsheim er både biletkunstnar, ordkunstnar og livskunstnar. Han omtaler seg sjølv som biletmakar og uttrykkjer seg allsidig i oljemåling, litografi, akvarell, teikning og silketrykk. Den leikande streken er karakteristisk, og til og med signaturen er forma som eit lite kunstverk: eit sjølvportrett.

Forteljinga har ei sentral rolle i kunsten hans, og fleire av figurane i bileta er lette å identifisere. Vestlendingen, djevelen og dei frodige kvinneskapnadane ligg gjerne i konturen til fjellknausane eller i dei meir frittståande krusedullane. Torsheim sprengjer òg proporsjonane med ein surrealistisk fantasi.

Dobbeltmoralen står sentralt i bileta. Torsheim spelar ofte på den tosidige menneskenaturen, som vert dregen mellom lyster og laster. I «Teologisk konflikt I» (1967) vert presten sine inste og usømelege tankar framheva, medan han står fram som from og gudfryktig i kyrkja.

Biletforteljingane tangerer ofte klisjeen, men med ein satirisk brodd maktar Torsheim å lyfte motiva, slik at det klisjéfylte får eit nytt og uventa innhald. Bileta kan slik vere både tvitydige og fleirtydige, men humoren er grunntonen i alt Torsheim har skapt.

«Terapeutiske sidesprang»

Torsheim nyttar gjerne notar og ord som biletskapande element, men musikken og lyrikken spelar òg ei viktig rolle ved sida av biletkunsten. Han har gitt ut fleire diktsamlingar, blant dei Syner i syttiåra (1980) og Svarte kvitingar i 80-åra (1987). På fødselsdagen hans i 2013 kom boka Solveigs aller siste song til sin ex, med songtekstar og illustrasjonar laga av Torsheim.

Sterkt inspirert av Beatles og Bob Dylan har han gitt ut fleire plater med sjølvskrivne tekstar på nynorsk. Debutplata Nynorskens skog (1992) inneheld til dømes gjendiktingar av Beatles-songar, men i Torsheims eige musikalske uttrykk. Han vrir og vrengjer på låtane og lagar sine eigne skalaer. Innhaldsmessig står tekstane nær tematikken i bileta hans.

Dragspelet og munnspelet er sentrale instrument, saman med den til tider kvinande songrøysta. På scena opptrer Torsheim oftast som eit einmannsorkester, men vert òg akkompagnert av dottera Jorunn Torsheim.

Video: Laurie Grundt: «Paliflimpen», videoverk i samarbeid med Oddvar Torsheim (framføring, måleri, vokal), 1969

Kjelder

Katrine Sele og Oddleiv Apneseth: Tvisynt tvilar – portrett av Oddvar Torsheim. Leikanger 2001

Oddvar Torsheim, Egil Røed, Lars Grundt ofl.: Gruppe 66. Grafikk, lyrikk, Bergen 1966

Oddvar Torsheim, Jorunn Veiteberg og Einar Økland: Oddvar Torsheim – i nynorskens skog, Oslo 2008

Peikarar

Nettstaden til Oddvar Torsheim

Først publisert: 25.09.2013
Sist oppdatert: 14.11.2018