Hopp til innhold

Økosystem

Alle organismar på jorda er ein del av eit økosystem. Eit økosystem er summen av alle produsentane, konsumentane, nedbrytarane og miljøet som finst i eit geografisk avgrensa område.

Alle organismar som finst i eit økosystem, kallar vi biologiske (levande) faktorar i økosystemet. Dei organismane som bruker solenergi til å lage oksygen og sukker, kallar vi produsentar. Både plantar, algar og plankton er produsentar, og dei blir til mat for konsumentane. Konsumentar er organismar som ikkje kan lage si eiga næring, og som difor er avhengige av plantar eller andre dyr. Både planteetarar og rovdyr er konsumentar. Nedbrytarane i eit økosystem sørgjer for at døde plantar og dyr blir brotne ned, slik at produsentane får tilgang på minerala dei treng for å vekse. 

Miljøet i økosystemet legg grunnlaget for den levande delen av økosystemet. Berre dei organismane som er tilpassa dei abiotiske (ikkje-levande) faktorane, kan leve i økosystemet. Typiske abiotiske faktorarar er landskap, klima, jordsmonn, vasstilgang, lysforhold, oksygeninnhald og næringssalt.

Det finst mange ulike økosystem, som kvar har sine særtrekk. Her skal vi sjå på økosystemet myr som døme:

I myra er marka blaut, og det kan vere store temperatursvingingar i løpet av døgnet og året. Oksygentilgangen kan stadvis vere liten. I dette miljøet kan produsentar som torvmose og bjønnskjegg klare seg godt. Dersom tilgangen på næringssalt er stor, kan myrfiol og gulstarr trivast, medan molte er betre tilpassa eit miljø med mindre næringssalt. Av konsumentar finn vi her insekt, edderkoppar og amfibium. I tillegg finst det fuglar som snipe, orrfugl og ender, og elg og hare kan nytte myra som beite. Sopp, bakteriar og rundormar er nedbrytarar. I tilfelle der det er oksygenmangel i myra, har anaerobe svovelbakteriar gode leveforhold.

 

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Per Audun Heskestad, Dag O. Hessen, Arnodd Håpnes og Øystein Røsok: Bios 1. Biologi 1, 3. utg. Oslo 2012

 

Peikarar

Svein Gunnar Råen og Ragnhild Kjeldsen.: «Økologi og økosystemer», ndla.no

Først publisert: 26.05.2020
Sist oppdatert: 26.05.2020