Hopp til innhold
X
Innhald

Oksitansk

Oksitansk var språket til trubadurane.

Ordhistorie
Mellom dei få orda vi har lånt frå oksitansk, er maskot 'ting, ofte dokke el. dyr(efigur), som skal gi lukke'. På oksitansk heiter det mascòta [masˈkɔtɔ] 'maskot', 'amulett', som er diminutiv (minskingsform) av masca [ˈmaskɔ] 'heks', 'maske'. Fransk har lånt det vidgjetne ordet amour 'kjærleik' frå oksitansk, der det heiter amor [aˈmur], som kjem av latin amorem 'kjærleik'. På fransk er amorem blitt til ameur, som tyder 'brunst, dvs. paringsdrift hos uksar'.
 
Språkfamilie
Oksitansk høyrer til den galloromanske greina av romansk. Dei romanske språka stammar frå latin, som var eit italisk språk. Italisk er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
 
Språkhistorie
Dei eldste oksitanskspråklege dokumenta skriv seg frå 900-talet, og frå denne tida og fram til 1400-talet var oksitansk det dominerande språket i Oksitania. Oksitansk var språket til trubadurane (oksitansk los trobadors) og var difor kjent og hadde høg prestisje over heile Europa på 1100- og 1200-talet. På 1400-talet tok fransk til å trengje inn i Oksitania, og etter revolusjonen i 1789 miste oksitansk all offisiell status. Det blei likevel skrive mykje litteratur på oksitansk, og på 1800-talet var det ein litterær renaissença 'renessanse', ikkje minst knytt til Frédéric Mistral (1830–1914), som fekk nobelprisen i litteratur i 1904, og andre forfattarar knytte til den oksitanske kulturrørsla lo Felibritge.
 
Språksystem
Ein får eit godt inntrykk av korleis oksitansk ser ut dersom ein samanliknar det med ein del andre romanske språk og latin:
 
LATIN
ITALIENSK
FRANSK
OKSITANSK
KATALANSK
KASTILJANSK
TYDING
clavem
chiave
clef
clau
clau
llave
'nøkkel'
noctem
notte
nuit
nuèch
nit
noche
'natt'
cantare
cantare
chanter
cantar
cantar
cantar
'syngje'
capram
capra
chèvre
cabra
cabra
cabra
'geit'
linguam
lingua
langue
lenga
llengua
lengua
'tunge'
 
Uttale
Her er dei oksitanske vokalane:
 
 
 
 
i [i]
u [y]
o [u]
 
 
 
 
 
 
e/é [e]
 
ò [ɔ]
 
 
 
 
 
 
è [ɛ]
 
 
 
 
 
 
 
 
 
a/á [a]
 
 
 
 
 
A står normalt for [a], men i trykksvake stavingar i slutten av ord blir han uttalt [ɔ], som i lenga [ˈleŋgɔ] 'språk'.
 
Konsonantsystemet ser slik ut, der ein heva F og B fortel om ein bokstav er følgd av høvesvis i/e/é/è eller u/o/ò/a/á når dei er uttalte på ein særskild måte:
 
p [p]
t [t]
ccF, x [ts]
ch [tʃ]
cB, quF [k]
b, v [b]
d [d]
 
j, gF, tgF [dʒ]
gB, guF [ɡ]
f [f]
 
s, ss, cF, ç [s]
 
 
 
 
s, z [z]
 
 
m [m]
n [n]
 
nh [ɲ]
 
 
r [ɾ], rr [r]
 
 
 
 
l [l]
 
lh [ʎ]
y [j]
 
N blir som regel ikkje uttalt sist i eit ord, jamfør occitan [utsiˈta] 'oksitansk' og Miègjorn [mjɛˈdʒur] 'Midi'. Det finst fleire oksitanske ortografiske normer, og dei to vanlegaste er nòrma classica 'klassisk norm', som vi bruker i denne artikkelen, og nòrma mistralenca 'mistralsk norm', som mellom anna poeten Frédéric Mistral brukte.


Sist oppdatert: 14.02.2019