Faktaboks

Ola Enstad
Fødd
10. november 1942, Lesja, Innlandet
Død
2. august 2013, Oslo
Verke
Billedhugger
Familie

Foreldre: Gårdbruker Sverre Enstad og Rannveig Solberg.

Gift 1969 med sosialsjef Kristin Irja Thorenfeldt (27.1.1949–).

Ola Enstad

Ola Enstad i 1986. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Ola Enstad
Av /NTB Scanpix ※.

Ola Enstad var ein norsk biletkunstnar. Han arbeidde med skulptur i forskjellige materiale samt fotomontasje og har utført fleire offentlege utsmykkingar. Stilen hans var lett abstrahert og uttrykket kraftfullt og symbolsk.

Han starta utdanninga si på arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, men etter ei tid gjekk han over til keramikklinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1967–1969. Deretter kom han til Statens kunstakademi, der han studerte aktmodellering og portrettering under Per Palle Storm fram til 1973. Sidan arbeidde han som skulptør og biletkunstnar.

Uttrykk og verk

"Dykkar skulptur" av Ola Enstad
Dykkar skulptur, på Vaterland i Oslo, av Ola Enstad. Fotoet er hentet fra Digitalt Museum.
"Dykkar skulptur" av Ola Enstad
Av .
Lisens: fri

Enstad oppnådde maksimal uttrykkskraft ved eit minimum av verkemiddel med sine store menneskehovud av betong, som i ei storlinja form fri for detaljer gav ein monumental effekt. Dette kom til uttrykk i til dømes Borgerskapets diskrete sjarm (1972–1973, Nasjonalmuseet i Oslo). Hovuda i skulpturen blir gjerne tolka som symbol for makthavarar i samfunnet.

Dobbeltheita i Enstads kunst kan verke både humoristisk og truande, og kamp mot einsretting og undertrykking er gjennomgangstema. I sitt biletunivers jobba han med variasjonar over motiv som øglen, og i 1980-åra med samanstillingar av små froskemenn i støypt polyester med våtdrakter og surstoffbehaldarar. Maskeaktige, mimikklause hovud var motiv han stadig vende attende til. Han synte eit kritisk blikk mot maktovergrep, einsretting og framandgjering, noko som vert understreka av dei fleirtydige titlane på mange av arbeida hans. Med ironi og svart humor framstilte han fantasiskapningar og menneskefigurar innesperra i klaustrofobiske drakter eller rom. Enstad sine fotomontasjar skjerper publikums visuelle evne og rykkjer vekk vanlege referanserammer ved overraskande kombinasjonar og dimensjonar.

Eit «gesamtkunstverk» av ei biletbok frå 1997, som tek for seg ein serie av Enstad sine skulpturar, har den ironiske tittelen Den endelege løysinga på skulpturproblemet. Innleiinga er av Jon Hellesnes, og boka inneheld bidrag av Kjartan Fløgstad. Enstad sjølv skreiv etterordet. Han er òg representert med eit essay, «I gamle dagar», om møtet med kunstnaren Konrad Mehus, i ei bok om han frå 2012.

Utstillingar

Den første separatutstillinga heldt han i Kunstnerforbundet i Oslo i 1973. Han hadde seinare fleire separatutstillingar både utanlands og i Noreg, mellom anna ved Hå gamle prestegard i Rogaland våren 2012, med framvising av skulpturar og fotomontasjar laga i Chongqing og Beijing. Enstad har elles vore med på ei rekkje gruppeutstillingar rundt om i verda.

Av offentlege utsmykkingar har han mellom anna laga eit maskeaktig veggrelieffNationaltheatret stasjon i Oslo (1980) i samarbeid med Bård Breivik, som blei sterkt ramponert. Deler av verket er likevel tatt vare på og remontert i vestibylen. Den kontroversielle skjelettkonstruksjon i tre av ei kamøgle, Stegosaurus, blei også utsett for hærverk. Skulpturen vann førstepremie i Norsk Kulturråds konkurranse om skulptur i leikemiljø i 1977 og var i 1980-åra plassert i Torshovdalen i Oslo før den blei demontert. Han har også laga statuen Neve med rose (1991), oppført på Lilletorget i Oslo. Enstad deltok mellom anna i utstilling i São Paulo, Brasil 1991. Han fekk statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1990.

Nasjonalmuseet i Oslo eig fleire verk, blant anna 4 vogger (tre og tekstil, 1983).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Ola Enstad

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg