Hopp til innhold
X
Innhald

Olaug Bollestad

Olaug Vervik Bollestad, sjukepleiar, tidlegare ordførar i Gjesdal kommune, nestleiar i Kristeleg Folkeparti og landsbruks- og matminister frå 2019.

Olaug V. Bollestad er fødd 4. november 1961 i Strand i Rogaland. Ho var elev ved Strand gymnas i 1977–80 og gjekk på bibelskule i Oslo i 1981–82. Ho tok sjukepleiarutdanning ved Røde Kors sykepleierskole i Stavanger i 1984–87, administrativ leiing og økonomi ved NKI i 1992–94 og vidareutdanning som intensivsjukepleiar ved Universitetet i Stavanger i 1997–99. Bollestad arbeidde som ungdomsarbeidar i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1980–84, og ho var tilsett ved Stavanger universitetssjukehus i 1987–2007 og i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1995–97.

Bollestad hadde ikkje vore medlem i KrF lenge før ho blei vald inn i kommunestyret i Gjesdal, og ho var kommunestyrerepresentant i 2003–15, leiar av Gjesdal KrF i 2004–06, og i perioden 2007–13 var ho ordførar i kommunen og medlem av Rogaland fylkesting. Frå 2008 til 2014 var ho medlem av landsstyret i partiet og medlem av sentralstyret frå 2015. Ho blei 2. nestleiar i 2015, 1. nestleiar i 2017, konstituert leiar i januar 2019 og nestleiar frå april 2019. Bollestad var varamedlem til Stortinget for KrF frå Rogaland i 2009–13 og blei vald inn på fast plass i periodane 2013–17 og 2017–21.

Ho var medlem av helse- og omsorgskomiteen den første perioden og blei leiar av komiteen i 2017. I 2019 blei ho utnemnd til landsbruks- og matminister i Erna Solberg si utvida regjering.

Då KrF skulle bestemme seg for politisk vegval hausten 2018, var Bollestad motstandar av dåverande partileiar Knut Arild Hareide sitt ønske om å innleie forhandlingar med Arbeidarpartiet. Ho fekk kritikk frå andre i partiet for rolla ho spela då Rogaland KrF, i motsetnad til andre fylkeslag, vedtok ikkje å ta omsyn til mindretalet ved delegatvalet til KrFs historiske landsmøte om blå eller raud retning.

På landsmøtet vedtok eit knapt fleirtal, med nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad i spissen, å innleie forhandlingar med regjeringspartia, og KrF gjekk i regjering saman med Venstre, Høgre og Framstegspartiet i januar 2019.

Bollestad har hatt ei lang rekkje offentlege verv i Gjesdal kommune og Rogaland fylkeskommune, mellom anna var ho medlem av styret for Jærmuseet, Jæren Kompetansesenter og leiar i styret for Gjesdal Næringspark AS i 2007–11. Ho var òg medlem av Landstinget for Kommunenes Sentralforbund (KS) i 2011–13.

 

Kjelder

Olaug V. Bollestad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OVB [lesedato 22.1.19]

Gard Oterholm og Tore Gjerstad: «KrF-nestleder Bollestad: – Gjenspeiler Rogalands ønske om å gå til høyre», dn.no, publisert 20.10.2018: https://www.dn.no/politikk/krf/knut-arild-hareide/olaug-bollestad/krf-nestleder-bollestad-gjenspeiler-rogalands-onske-om-a-ga-til-hoyre/2-1-456083 [lesedato 24.1.19]

 

Peikarar

«Olaug Bollestad ny landbruks- og matminister», video publisert 22.1.2019, dagbladet.no

Ole Marius Aune Sandmo: «Bondelaget tror på godt samarbeid med ny statsråd», publisert 22.1.2019, bondelaget.no

Jon Kristian Fadnes: «Olaug Bollestad blir ny nestleder i KrF: Alt endret seg da mannen ble syk», publisert 1.4.2015, dagsavisen.no/rogalandsavis

Først publisert: 29.04.2019
Sist oppdatert: 29.04.2019