Faktaboks

Olav Aukrust
Fødd
21. januar 1883, Lom, Oppland (no Innlandet)
Død
3. november 1929
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker Olav Olavsson Aukrust (1851–1931) og Mari Pålsdatter Andvord (1864–1936).

Gift med Gudrun Blekastad (1887–1984), datter av kjøpmann Ivar Blekastad (1850–1936) og Torø Ofigsbø (1858–1929).

Farbror til Odd Aukrust (1915–), Kjell Aukrust (1920–2002) og Tor Aukrust (1921–2007).

Olav Aukrust

Olav Aukrust

Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Olav Aukrust var ein norsk lærar og forfattar, og var ein viktig lyrikar i mellomkrigstida. Med dei tre samlingane Himmelvarden, Hamar i Hellom og Solrenning skapte han ein høgromantisk syntese av folkelege, nasjonale, og mystisk-religiøse element. Aukrust gjorde òg ein betydeleg innsats som kjennar og samlar av folkekunst.

Bakgrunn

Olav Aukrust var fødd i Lom i Kristians amt (no Innlandet) og døydde i diktarheimen Lyvjaberg på heimegarden i Lom. Han tok lærareksamen i Elverum i 1906 og artium i 1907, studerte eitt år i Kristiania og arbeidde som lærar ved fleire skular. Frå 1910 var han lærar ved Østfold folkehøgskuleMysen, frå 1913 til 1915 rektor ved Gausdal folkehøgskule og deretter ved Dovre folkehøgskule til 1917. Aukrust studerte språk, litteratur og filosofi, også på utenlandsreiser. Resten av livet freista han å livnære seg som diktar. Han fekk diktarløn av Stortinget våren 1929, men døydde av slag same året. Ein bauta av Aukrust, utformet av Dyre Vaa, er reist i Lom.

Forfattarskapen

Olav Aukrust
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CCO 1.0

Frå 1908 av fekk han trykkje enkeltdikt, blant dei Norrønasongen. Debutboka Himmelvarden vekte likevel sensasjon då ho kom i 1916. Diktsamlinga var på nesten 400 sider og skildrar ei religiøs erkjenningsreise gjennom eit fjell-landskap. Naturskildringane fangar opp ekko både av romantikken sine førestellingar om folkeånda, dekadansen med si vektlegging av død og undergang og trua på nasjonal og åndeleg attføding i Grundtvigs og Steiners ånd. Samtidig går dikta i dialog med nasjonale kjernetekstar som Draumkvedet og Henrik Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias.

Det nasjonale og lokalnorske er særleg framståande i Hamar i hellom (1926). Med Hamar i Hellom tek Aukrust for seg den folkelege kulturen, med humoristiske og krasse skildringar av bygdelivet, og med ein hovudtanke om at det beste i lokalkulturen skal reinsast og lyftast opp til universelle verdiar. Fleire av dikta i Norske terningar (gitt ut i 1931) knyter seg nærast til Hamar i hellom.

Då Aukrust døydde låg det att eit nesten fullført manus til Solrenning. I denne boka følgjer han opp den religiøse problematikken frå Himmelvarden, og han både presenterer og drøftar religiøse openberringsopplevingar. Ei rekkje etterlatne dikt, artiklar, talar og brev vart gitt ut i 1965 under tittelen Skaldespor.

Grundtvig og Steiner

Aukrust arbeidde i folkehøgskulen i sju år og kjende personleg mange av pionerane innanfor dette skuleslaget. Han tok opp i seg den kombinasjonen av kristendom og norskdom som prega denne idealistiske rørsla, og han var også eit godt døme på «det levande ordet» – han var ein fengslande talar. Grundtvig sin tanke om at kristendommen skulle forløyse dei nasjonale ressursane i kvart folk, passa slik med det målpolitiske engasjementet til Aukrust.

Aukrust fann dei reinaste uttrykka for norsk folkeånd i folkekunsten. Alt på Østfold folkehøgskule møtte han interessa for teosofi og antroposofi, og seinare vart han kollega med Ingeborg Møller Lindholm på Dovre. I antroposofien fann han reiskapar til å få kunnskap om den åndelege verda, noko han kombinerte med det nasjonale spørsmålet.

Åndeleg kunnskap vert nasjonal kunnskap hos Aukrust, og slik utmyntar han ein religiøs-kulturell ideologi som finn eit symbolsk uttrykk i olsokfeiringa, som kombinerer det norrøne, nasjonale og kristne. I dei siste åra sine var Aukrust sterkt oppteken av den kristne mystikken, særleg Emanuel Swedenborg.

Folkeleg humor

Aukrust var òg svært oppteken av dei materielle og stofflege sidene ved folkekunsten. Han samla inn store mengder antikvitetar og selde ei stor samling til Lom kommune. Han samla også inn folkeviser, dialektord, slåttar og segner, og mykje av dette fekk påverknad på diktinga hans. Mønster frå slåttar og stev er lette å høyre i rytmen hans, og han bruker segner i somme dikt («Sota»).

Med Hamar i Hellom lagar han ei bok som tek opp i seg også dei grove og groteske sidene ved bygdekulturen, og somme av desse tekstane («Aksión på Tande», «Bilbeistet») lever framleis på folkemunne. Her syner Aukrust ei innsikt i den eldre kulturen som kan minne om Mikhail Bakhtins karnevalisme. Kulturen svingar mellom den ville feiringa og erkjenninga av det heilage, og frå humor-dikta går Aukrust vidare til foredlinga av bygdekulturen i det store diktet «Emne», som avsluttar denne boka.

Tradisjonalist i det moderne

Aukrust skreiv dei første tekstane sine under inntrykk av nyromantiske diktarar som Obstfelder og Krag. Han vart lett gripen av undergangsstemningar og dekadanse. Når han valde bygda og det nasjonale som sentrale element i diktinga si, var det med ei personleg røynsle av det moderne, og gjennom eit sterkt krisemedvit. Det finst òg ei reindyrking av dei musikalske og klanglege elementa i somme av dikta hans, som kan få ein til å tenkje på ideane om «rein poesi» i den samtidige symbolismen.

Sjølv om han var tradisjonalist, var han òg påverka av ein gryande modernisme. Slik skapte han noko heilt nytt av tradisjonen, med eit personleg diktunivers av religiøse og kulturelle idear.

Bibliografi

  • Himmelvarden, 1916
  • Hamar i Hellom, 1926
  • Solrenning, 1930
  • Norske terningar, 1931
  • Dikt i samling, 1942, 1943, 1954
  • Skaldespor. Dikt, artiklar, talar og brev, 1965

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Bjarte: «Kosmiske førestellingar hos Olav Aukrust, [...]» i Edda 63 (1963), 252-68
  • Groth, Helge: Olav Aukrust : problematikk og utvikling, 1948
  • Hodne, Ørnulf: «Olav Aukrust og folketradisjonen» i Schön, Ebbe, red.: Folklore och litteratur i Norden, 1987, 67-101
  • Høystad, Ole Martin: «Det elementære og det sublime i Olav Aukrusts og Tarjei Vesaas' dikting» i Lærkesen, Ivar m.fl., red.: Naturhistorier, 1999, 293-316
  • Krokann, Inge: Olav Aukrust, 2. utg., 1944
  • Larsen, Alf: Den kongelige kunst, 1948 («Det norske»: 97-124)
  • Mæhle, Leif: «Innleiing» i Aukrust, Olav: Skaldespor, 1965, 1-45
  • Mæhle, Leif: Vegen til varden, 1968
  • Skard, Sigmund: «Olav Aukrusts kjærleiksdikting» i NLÅ 1984, 14-23
  • Sørbø, Jan Inge: Ørneflukt og ormegard : ein biografi om Olav Aukrust, 2009
  • Ystad, Vigdis: «Olav Aukrust og diktarspråket» i Bliksrud, Liv & Vigdis Ystad, red.: Hugbod : heidersskrift til Leif Mæhle [...], 1997, 36-51

Faktaboks

Olav Aukrust
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052755002119

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg