Faktaboks

Olav Bø

Olav Jørundsson Bø

Fødd
19. mai 1918, Bygland, Agder
Død
26. juli 1998, Bærum, Viken
Verke
Folkeminnegranskar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Jørund Telleivson Bø (1869–1947) og Siri Olavsdotter Dale (1887–1971).

Gift 16.12.1950 med adjunkt Inger Mathilde Hylleraas (8.8.1927–), dotter til professor Egil Hylleraas (1898–1965) og Magda Christiansen (1900–87).

Olav Bø

Olav Bø syner fram ein nisse. Ukjent år. Norsk folketru og segner var eit av mange interessefelt for folkloristen Bø.

Av /Kraftmuseet.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Olav Bø var professor i folkeminnevitskap. Han var ein mykje brukt popularisator av faget sitt, og formidla kunnskapen sin gjennom ulike medium også langt utanfor akademiske sirklar.

Bakgrunn

Olav Bø var fødd i Bygland i Setesdal. Etter examen artium ved Hornnes gymnas i 1938 gjekk gardbrukarsonen på befalsskule i Kristiansand fram til 1940. Under andre verdskrigen følgde lærarskuleeksamen i 1942 og motstandsarbeid.

Bø studerte filologi frå 1946 og vart cand.philol. frå Universitetet i Oslo med norsk hovudfag 1950 og hovudoppgåve om Johannes Skar. Fem år seinare vart Bø dr.philos. med avhandlinga Heilag-Olav i norsk folketradisjon.

Frå 1956 arbeidde han som førstearkivar ved Norsk Folkeminnesamling, frå 1970 vart han dosent ved Institutt for folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo, og frå 1974 og til han gjekk av med pensjon i 1988 var han professor same staden.

Forskaren og formidlaren

Olav Bø

Olav Bø med primstav, 1985. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Olav Bø
Av /NTB Scanpix ※.

Forskingstradisjon

Fast forankra i forskingstradisjonen frå Moltke Moe og Knut Liestøl fokuserte Bø på hevdvunne og deskriptive forklaringsmodellar i folkeminnevitskapen. Bø heldt fast ved etablerte forståingsmåtar i faget gjennom heile sitt virke, sjølv når forskingsfronten endra seg i dei seinaste åra han var aktiv.

Populærvitskapleg formidling

Bø var forskar og forfattar med mange interessefelt. Viktig i ein vitskapleg kontekst er samarbeidsprosjektet Norske balladar (1973) saman med Ådel Gjøstein Blom (1919–1990). I den populærvitskaplege serien Norsk kulturarv var han med i «Kulturervingen», redaksjonsnemnda for dette verket. Sjølv skreiv han første bindet Norsk skitradisjon (1966) og saman med Ørnulf Hodne (1935–) ellevte bindet Norsk natur i folketru og segn (1974).

Som medarbeidar i Norges litteraturhistorie nådde han store lesargrupper. Her gir han ei informativ utgreiing om ulike sjangrar innanfor folkediktinga og tangerer spørsmål om opphav, utbreiing og innsamling. Siste arbeidet han gav ut, var Peter Christen Asbjørnsen 1997. Posthumt kom boka om skikongen og motstandsmannen Johan Grøttumsbråten.

Han var høgt respektert som ein inspirerande førelesar. Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle i Setesdal med særleg vekt på heimbygda Bygland.

Målsak

Bø deltok i mange NRK-program. Språkrøkt og målsak var viktig for Bø, som heldt fast ved byglandsdialekten heile livet. Han skreiv eit folkeleg og lett forståeleg nynorsk. Artiklar om ulike emne publiserte han i dagspressa og tidsskrift som Kirke og kultur, Norsk Husflid og Syn og Segn.

Verv

Bø hadde fleire verv. Han var mellom anna styreleiar i Kringkastingsringen 1956–1957, og sat i arbeidsutvalet i Noregs Mållag 1957–1958. Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963, formann i Landsnemnda for bunadspørsmål og styremedlem i Det Norske Samlaget, der han vart utnemnd til heidersmedlem i 1983.

Utmerkingar

Bø mottok Norges almenvitenskapelige forskningsråds (NAVF) pris for det populærvitskaplege arbeidet sitt i 1983. I 1988 vart han utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

Publikasjonar i utval

  • Heilag-Olav i norsk folketradisjon (1955), doktoravhandling
  • Norsk skitradisjon (1966), band 1 serien Norsk kulturarv
  • Vår norske jul (1970)
  • Folkemedisin og lærd medisin (1972)
  • Utsyn over norsk folkedikting (1972)
  • Norske balladar (1973), saman med Ådel Gjøstein Blom
  • Norsk natur i folketru og segn (1974), saman med Ørnulf Hodne, band 11 serien Norsk kulturarv
  • Årshøgtidene i norsk tradisjon (1980)
  • Norske segner. Segner i utval (1981), saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne
  • Høgtider og minnedagar (1985)
  • Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru (1987)
  • Folketradisjon og kulturarv (1988)
  • På ski gjennom historia (1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1974 og seinare utgåver
  • Kjell Bondevik: «Olav Bø» i Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø. Oslo 1978
  • Inger Christiansen: «Olav Bø. Selektiv bibliografi 1978–1998», i Norveg nr. 2/1998
  • Det Norske Samlaget 1868–1993. Jubileumskalender Oslo 1993
  • Velle Espeland: «Olav Bø som folkeminnegranskar», i Norveg nr. 2/1998
  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Alf Hellevik ofl.: «Føreord» i Olav Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
  • Knut Kolsrud ofl. (red.): Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø 1978 (med fyldig bibliografi 19501977 av Inger Christiansen). Oslo 1978
  • Ragnar Pedersen: Minnetale over professor Olav Bø. Det Norske Videnskaps-Akademi. Oslo 2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg