Hopp til innhold
Olav Gullik Bø. Foto: Egil Heggen. Brukt med løyve for Allkunne.
Olav Gullik Bø. Foto: Egil Heggen. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Olav Gullik Bø

Olav Gullik Bø er ein norsk forfattar og lærar. Han har skrive fleire diktsamlingar og mange skodespel med tilknyting til lokale historiske hendingar i Valdres.

Olav Gullik Bø er fødd i Vestre Slidre 6. mai 1931, er oppvaksen i Vang i Valdres og har budd mesteparten av livet sitt på Fagernes.

Han gjekk på lærarskule og var lærar i Oslo i nokre år før han studerte norsk og engelsk ved Universitetet i Oslo. Seinare har han arbeidd som adjunkt ved Valdres gymnas og Nord-Aurdal ungdomsskole.

I åra 1981–85 var Bø leiar i Nord-Aurdal Mållag. Han har òg vore leiar i Valdres Mållag.

Bø har gitt ut tre diktsamlingar med petitdikt og to stevsamlingar og dessutan sju spel som har vore framførte ulike stader i Valdres. Det nyaste spelet, Riddarspranget, vart sett opp på Beitostølen sommaren 2018 og er tenkt som eit årvisst spel. Både dikta og steva hentar motiv frå dagleglivet og har ofte ein humoristisk snert. Spela tek alle utgangspunkt i historiske hendingar eller segner med handling frå Valdres.

I tillegg har Bø skrive mange stev og dikt til avisa Valdres under pseudonymet «OL-gull». Som lærar har han vore oppteken av at elevane skulle få kjennskap til valdresforfattarar og lokalsamfunnet i det heile. Han har difor laga ei studieutgåve av Knut Hauges bøker om Ulfsætta, ei litteraturhistorie frå Valdres og to antologiar med Valdres-litteratur.

Sidespor

Dei breie vegane går dei fleste
på leiting etter det aller beste.
Men lykka kan vera vel så stor
langs smale vegar og sidespor.

Stevet «Sidespor», i Olav Gullik Bø: Stevleik i skjemt og alvor. Kvitvella Forlag 2006

Kjelder

E-post frå Olav Gullik Bø 27.11.2018

 

Oppland Forfatterlag: Hilsen fra Oppland. Et litterært tverrsnitt fra Bjørnson til Sandemo. Lillehammer 1991

Oppland forfatterlag: Vandring med ord. Antologi. Lillehammer 2007

 

«Olav Gullik Bø», forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/olav-gullik-bo/ [lesedato 21.6.2018]

 

Peikarar

Spelet om Riddarspranget, beitostolen.com

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019