Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Lavik

Olav Lavik, bonde og forfattar frå Askøy som skreiv prosa og poesi om lokale og allmenngyldige tema.

Olav Lavik var fødd på Askøy ved Bergen 18. november 1918 og budde der til han døydde 15. februar 1996. Han levde heile livet på slektsgarden Sætre som bonde og hagebrukar. Han var sjølvlærd i engelsk og las seg til store kunnskapar i litteratur. I 25 år var han aktiv medlem i Norges Fredslag.

Dei første forteljingane sine fekk han på prent i 15–16-årsalderen, men det var med dramaet Dømd i 1939 han oppnådde anerkjenning som diktar. I alt skreiv han fire skodespel. Den første diktsamlinga, Nattfugl skrik i svart skog, kom i 1954. Seinare følgde eit titals diktutgivingar, den siste i 1995. Lyrikken hans er inspirert av livet og naturen i vestlandsbygda, men femner om tidlause tema som ufred og undring, venskap og vemod. Nokre av dikta spring ut av det fredspolitiske engasjementet hans, til dømes «Hiroshima», andre av Laviks kamp mot EU, til dømes «Nei!», frå 1972.

Lavik var òg satirikar. Under namnet Malvin Multemyrmoen skreiv han treffsikre kommentarar på vers til hendingar i samtida, og det var som Multemyrmoen han vann ei diktartevling i Bergens Tidende. Den lyriske forma hans er tradisjonell, med ordrim og faste mønster, eigna til å syngje. Vigleik Dyrøy har tonesett fleire av dikta hans, som dei saman turnerte med i Hordaland. Dyrøy og gruppa Demring har òg gitt ut ein CD, Diktet og draumen, med Lavik-songar.

Lavik var sterkt til stades i det lokale kulturlivet. Komedien Raud rubin røva i natt (1961) vart sett opp av ungdomslaget i Tysnes. Han skreiv den offisielle Askøy-songen, «Song til Askøy», var med på vise- og lyrikkveldar, skreiv teaterstykke som han instruerte og sette opp på lokale scener, og var sjølv ein habil skodespelar. Gjennom NRK nådde han eit større publikum gjennom «Ord for dagen», eit radioprogram med dikt, kåseri og utdrag av talar. Nokre av dikta hans er omsette til russisk og svensk.

I 1971 fekk han Hordaland fylke sitt kunstnarstipend, i 1993 Askøy kommune sin kulturpris, Kipekjerringa.

Kjelder

Harald Clausen: «Predestinert til Ordet», i Vigleik Dyrøy (red.): Kall meg rimsmed og jordtræl. Olav Lavik i liv og diktning, med teikningar av Liv Eriksen. Askøy 2009

 

Torbjørn Tumyr Nilsen: «Askøys glemte dikterhøvding», av-avis.no, publisert 17.7.2016 (krev abonnement): https://www.av-avis.no/magasin/i/Q4pvW/Askoys-glemte-dikterhovding [lesedato 4.3.2019]

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Olav Lavik på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 14.08.2019
Sist oppdatert: 16.08.2019