Hopp til innhold
Olav Rytter. Fotograf er ukjend. Kjelde: Dag og Tid. Nytta etter avtale.
Olav Rytter. Fotograf er ukjend. Kjelde: Dag og Tid. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Olav Rytter

Olav Rytter, journalist og kringkastingsmann, filolog og omsetjar. Han var ei norsk røyst i kringkastinga frå London under krigen, gjorde teneste for FN i fleire land og vart den første redaktøren i avisa Dag og Tid.

Olav Rytter var fødd 29. januar 1903 i Kristiansund og døydde 7. juni 1992 i Oslo. Han var son til forfattaren og omsetjaren Henrik Rytter.

Rytter tok examen artium på latinlinja ved Kristiania katedralskole i 1921 og vart mag.art. i slavisk filologi i 1931, med indisk og klassiske språk som støttefag. Han hadde studieopphald ved Karlsuniversitetet i Praha i 1928–32 og var lektor i norsk ved Universitetet i Warszawa i 1933–35.

Rytter var redaktør for den nyskipa nynorskavisa Norsk Tidend i 1935–37 og var programsekretær i NRK frå 1938 til 1946, i krigsåra ved den norske kringkastinga i BBC i London. Han laga ei rad reportasjar om dei norske styrkane i Skottland og om marinen. I 1943 vart han utnemnd som instruktør og leiar med kapteins grad med tanke på kringkasting på norsk grunn i sluttfasen av krigen. Vinteren 1944–45 var han med som informasjonsoffiser under frigjeringa av Nord-Noreg.

Etter krigen var han eit par år lektor i tsjekkisk og polsk ved Universitetet i Oslo og i russisk ved Frogner og Vestheim gymnas. I 1948 vart han mellombels leiar for FNs informasjonskontor for Tsjekkoslovakia, og fram til 1950 for Jugoslavia. Han vart fast tilsett i FNs informasjonsteneste i 1953 og tenestegjorde i Jakarta i Indonesia, i Teheran, med Iran og Afghanistan som arbeidsområde, og i Kairo i Egypt, med dei arabiske landa i Midtausten som verkefelt.

Frå 1963 arbeidde Rytter med journalistisk og litterær verksemd. Hausten 1963 var han redaktør for Dag og Tid, deretter utanriksmedarbeidar 1964–74.

Han gav ut Slavisk målreising (1934, revidert utgåve 1971), Frå Nybergsund til Honnørbrygga (1946, ei samling kringkastingstalar og reportasjar frå krigsåra), Vietnam i går, i dag – og i morgon? (1965, den første norske debattboka om Vietnam) og Det tsjekkoslovakiske drama (1968).

Rytter var formann i Studentmållaget i 1927 og i Oslo Arbeidarmållag i 1939. Frå 1964 til 1969 var han varaformann i FN-sambandet og i 1964–68 varaformann i Én Verden.

Politisk høyrde han heime på venstresida. Då kampanjen «Norge ut av Nato» vart starta i januar 1968, vart Rytter vald til leiar.

Rytter var ein produktiv omsetjar og gav ut omsetjingar frå mellom anna gresk, sanskrit, tsjekkisk, polsk og russisk. I 1975 fekk han Norsk kulturråds omsetjarpris.

For arbeidet under krigen vart han heidra med Deltakarmedaljen, Kong Christian den X.s frihedsmedalje og den sovjetiske Za pobjedu 1945-medaljen («For sigeren i 1945»). Han fekk også tildelt den tsjekkoslovakiske ordenen «Kvite løve».

 

Kjelder

Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003

Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det norsk samlaget 1868–1968. Oslo 1968

Jan Brodal: «Olav Rytter», minneord, Aftenposten 5.8.1992

Hans Fredrik Dahl: «Dette er London». NRK i krig 1940–45. Oslo 1978

Hans Fredrik Dahl: NRK i fred og krig. Kringkastingen i Norge 1920–1945. Oslo 1991

Kari Enholm: NATO-basen Norge. Vårt bidrag til atomopprustning og kald krig 1949–72. Oslo 1973

Rolv Werner Erichsen (red.): Studentene fra 1921. Oslo 1971

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

NTB: «Olav Rytter 85 år», Aftenposten 29.1.1988

Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? 1973. Oslo 1973

 

Hans Fredrik Dahl: «Olav Rytter», i Norsk biografisk leksikon, nbl.snl, sist oppdatert 2009: https://nbl.snl.no/Olav_Rytter [lesedato 20.2.2019]

Erling Lægreid: «Olav Rytter – ein brysam intellektuell?», Syn og Segn nr. 1/1986. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digitidsskrift_2014092382249_001?page=9

 

Peikarar

Olav Rytter: Frå Nybergsund til Honnørbrygga, nb.no

NRK TV: «Til norsk ved Olav Rytter», video, nrk.no

Først publisert: 08.05.2019
Sist oppdatert: 09.05.2019