Hopp til innhold
Olava Bidtnes i 2019. Fotograf: Mona Ødegård. Nytta etter avtale.
Olava Bidtnes i 2019. Fotograf: Mona Ødegård. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Olava Bidtnes

Olava Bidtnes er ein norsk poet som etter at ho debuterte som pensjonist, har gitt ut fleire diktsamlingar. Bidtnes har sosialfagleg utdanning og lang røynsle frå psykiatrien.

Olava Bidtnes er fødd 31. mars 1938 i Stjørdal. Ho flytta etter kvart nordover, og etter 47 år i Tromsø er ho i dag busett i Oslo. Ho gjekk som første kvinne Fengselsskolen i 1961–62. I åra 1965–67 studerte ho ved Noregs kommunal- og sosialhøgskole, før ho fram til 1970 tok vidareutdanning innanfor barne- og ungdomspsykiatri. I 1970–71 var ho student ved Den Sociale Højskole i København.

Etter 25 års teneste i barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar gjekk Bidtnes over til å arbeide med vaksne. Ho var innom alderspsykiatrien, før ho dei siste ti åra av yrkeslivet var tilsett ved Psykiatrisk poliklinikk ved Åsgård sjukehus i Tromsø. Der var ho huspoet og skreiv dikt i eit internmagasin, men òg revytekstar og songar til høgtidelege høve.

Først då Bidtnes gjekk av med pensjon, vart det litterære prioritert, og i 2004 debuterte ho med diktsamlinga Napp. Dei tre neste bøkene er òg diktsamlingar. I Tenke på kva havet heiter ein regnfull dag, frå 2011, utforskar ho med utgangspunkt i regnet noko universelt i det aller nærmaste miljøet. Bidtnes er ein ivrig fotograf, og boka er illustrert med eigne foto.

Gjennom dikta i Berre tru du er ein avdød (2013) får lesaren følgje eit sjukdomsforløp inn i døden og tida etter. Samlinga Blaff frå 2014 er dikt som handlar om ei gruppe alvorleg mentalt sjuke menneske som både psykiatrien og samfunnet kjem til kort overfor. Bidtnes har òg skrive andre typar tekstar. I 2018 var ho til dømes representert i novelleantologien Kysten i ditt liv.

 

Kjelder

E‑post frå Olava Bidtnes 15.2.2019

 

Mette Karlsvik: «Olava og bønnestenglane», forfatterforeningen.no, publisert 12.6.2015: https://www.forfatterforeningen.no/artikkel/olava-og-bonnestenglane

 

Peikarar

Litteraturnett Nord-Norge: «Olava Bidtnes», litteraturnettnordnorge.no

Morten Wintervold: «Når monologen får napp», nordlys.no

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 05.09.2019
Sist oppdatert: 05.09.2019