Hopp til innhold
X
Innhald

Olea Crøger

Olea Styhr Crøger var ein av dei første som samla folkeviser og anna tradisjonsstoff ved det nasjonale gjennombrotet. Mannlege konkurrentar hausta æra.

Crøger var fødd i Heddal i Telemark 27. april 1801 og døydde i Kristiania 21. november 1855. Ho vart gravlagd i Seljord.

Crøger fekk musikalsk opplæring i heimen. Ho underviste ei tid i song og musikklære på seminaret i Kviteseid, den første private lærarskulen i landet, etablert i 1819. Elles var ho huslærar hos sorenskrivar Florentz i Kviteseid og i prestegarden hos M.B. Landstad. Crøger, som var ugift, vart seinare gardbrukar i Seljord.

Nasjonalromantikkens muse

Crøger var ein habil kvedar og informerte Ludvig Mathias Lindeman, komponist, musikkpedagog og organist, særleg kjend for pionerinnsatsen med innsamling av norske folketonar. Arbeidet resulterte i Norske Fjeld-Melodier (1841) og Ældre og nyere Fjeldmelodier utgitt heftevis frå 1853 til 1867.

At Crøger spela instrumenta gitar, langeleik og salmodikon, var viktig i innsamlingsarbeidet ho gjorde. Ho nytta ein spesiell siffernotasjon til nedteikning av meloditilfanget, og Lindeman inkluderte noko av arbeidet hennar.

«Fjellmelodiane» vart til stor inspirasjon for Edvard Grieg og andre nasjonalromantiske komponistar, som Johan Svendsen. Det synest ikkje som om Grieg, som stadig nemner Lindeman i breva sine, kjende til Crøger i det heile. Ho døydde då Grieg var ung gut. Grieg var elles oppteken av musikkhistorie og ivrig etter å synleggjere kvinner si rolle i musikklivet, både komponistar og utøvarar.

Alt i 1840 hadde Jørgen Moe gitt ut Samling af Sange, Folkeviser og Stev i norske Almuedialekter med melodiar av Lindeman. I 1841 kom Asbjørnsen og Moes første eventyrsamling.

Nasjonalromantikken, ofte kalla det nasjonale gjennombrotet, vert gjerne tidfesta frå ca. 1840 fram til Landstads Folkeviser kom ut i 1853.

Eit vanskeleg utgivnadsprosjekt

Det er uklart når Crøger starta innsamlingsarbeidet. Lindeman meinte det var alt i 1839, medan M.B. Landstad hevda at både han og Crøger byrja i 1840/41. Fleire tok til orde for å redde norsk folkekultur i denne tida då munnleg og annan tradisjon var i ferd med å gå i gløymeboka. Sjølv om arbeidet vart dominert av menn, var Crøger ikkje åleine kvinne. Eit døme er forfattaren Camilla Collett.

På 1840-talet vart Collett oppteken av folketradisjon. Ho og ektemannen P.J. Collett samarbeidde ei tid med P.Chr. Asbjørnsen og Jørgen Moe. Moe skreiv om dette mellom anna i eit brev til Asbjørnsen datert 9. november 1842, der han samanliknar Colletts oppskrift av «Østenfor sol og vestenfor maane» med Crøgers ditto.

Crøger hadde ambisjonar. Ho kontakta Jørgen Moe og seinare P.T. Mallings forlag i 1842 med oppmoding om å gi ut folkevisesamlinga hennar, men dei synte i første omgang lita interesse. I 1843 kontakta Crøger sokneprest Thønnesen i Nissedal. Heller ikkje dette gav nemneverdige resultat.

Crøger vende seg då til Landstad, som var positiv til eit samarbeid. Samstundes var no Moe, Malling og Christian Unger ivrige etter å nytte Crøgers materiale, men det var Landstad som fekk inkludere mykje av arbeidet hennar i samlinga Norske Folkeviser 1853. Sjølv om han nemner Crøger i føreordet, vart dei fleste konkrete spor etter henne på det nærmaste snart sletta. 

Først i Telemark

Fleire har i ettertid vore samde om at Crøger var pådrivar for innsamlingsarbeidet av balladar  i norsk kontekst. Ein av dei første var dansken A.P. Berggren på 1860-talet.

Rikard Berge og H.G. Heggtveit gav ut arbeidet Olea Crøger i 1918. Då hadde Hulda Garborg heidra henne i artikkelen «Norske Folkedanse» fire år før. Garborg meinte at Crøger var ignorert med urette.

Mellom norske forskarar som har merka seg Crøger, er Moltke Moe, O.M. Sandvik, Knut Liestøl, Olav Bø og Ådel Gjøstein Blom. Blom har hevda (1982) at då Moe gav ut samlinga av songar i 1840, var han ikkje medviten om norsk balladetradisjon. Etter Blom si meining kan Crøger ha vore første samlar i Telemark i det heile, og arbeidet må skrive seg frå 1839 eller tidlegare. Dessutan er det sannsynleg at Crøger er den som først gjorde Lindeman  «merksam på den rike Telemarks-tradisjonen».

I Blom og Bø (1973) finst Crøger sine oppskrifter til kjempe- og trollvisene Torekall etter Anne Golid, Seljord, og Frånarormen og Islandsgalten etter Lavrans Groven, Seljord, ei oppskrift frå Nissedal av den naturmytiske visa Ravnen og Blakkjen med ukjend kvedar, og Åsmund Frægdegjæva med ukjend kvedar, Midt-Telemark.

Blom (1982) opplyser om nokre av Crøgers oppskrifter av legendeviser: Lita Kari og Olav lyg på stolt Margjit,  båe med ukjend kvedar, og stoff til Draumkvedet  frå kvedar Krestens(e) Eivindsdotter Trae, Åmotsdal. Dateringa er vanskeleg, men det dreier seg truleg om 1840-åra.

Ved Heddal kyrkje er det reist minnestøtte over Crøger utført av Anne Grimdalen i 1955. Tore Bjørn Skjølsvik laga i 1982 statue av Crøger ved Heddal prestegard. På grava hennar i Seljord pryda med eit vakkert relieff står det mellom anna: «Ho folkeminne samla inn og oss det gav.» 

Kjelder

Otlu Alsvik ofl. (red.): Musikken og vi, bd. 2. Oslo 1983

Finn Benestad (red.): Edvard Grieg. Brev i utval, bd. 1 og 2. Oslo 1998

Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1974

Ådel Gjøstein Blom: Norske mellomalderballadar 1. Legendeviser. Oslo 1982

Ådel Gjøstein Blom og Olav Bø: Norske balladar. Oslo 1973

Hulda Garborg: «Norske Folkedanse», i Fredrikke Mørck (red.): Norske KvinderEn oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814–1914, bd.1. Kra. 1914

H.G. Heggtveit og Rikard Berge: Olea Crøger. Risør 1918

Anne Berit Klungsøyr: «’Ellers nævnes hendes navn sjelden Og det er uret.’ Om Olea Styhr Crøger (1801–1855). Anonym folkeminnesamler forut for sin tid», Samtiden  nr. 1/1991 Seinare trykt i Årbok for norsk folkemusikk 1995

Anders Krogvig (red.): Fra Det nationale Gjennembruds Tid. Breve fra Jørgen Moe til P. Chr. Asbjørnsen og andre. Kra. 1915

M.B. Landstad: Norske folkeviser. Oslo 1968

Ola Kai Ledang: «Folkemusikk i Norge» i Kari Vogt ofl. (red.): Kvinnenes kulturhistorie fra 1800 til vår tid, bd. 2. Oslo 1985

Anita Midtbø: «Olea Crøger – eit namn vi ikkje bør gløyma», i  Årbok for Telemark 1961

Fredrikke Mørch (red.): Norske kvinder. En oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814–1914, bd. 1. Kra. 1914

Kari Vogt ofl. (red.): Kvinnenes kulturhistorie fra 1800 til vår tid, bd. 2. Oslo 1985

Gudrun Hovde Gvåle: «Knud Gislesen», hjartdalhistorielag.no, udatert, http://www.hjartdalhistorielag.no/gislesen.htm [lesedato 17.02.2011]

Sigurd Aa. Aarnes: «Olea Crøger», snl.no, udatert, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Olea_Crøger/utdypning [lesedato 17.02.2011]

Peikarar

Heddal Stavkyrkje, kunstnarar på Kulturstigen

Først publisert: 17.08.2011
Sist oppdatert: 30.11.2017