Onara O’Neill er en britisk professor i filosofi, politikar og samfunnsdebattant som koplar moralfilosofi til politisk teori og praksis på ein jordnær måte.
Ho studerte historie ved University of Oxford i 1959–1962 og tok doktorgraden i filosofi ved Harvard University i 1969. Frå 1977 til 1992 var ho tilsett ved universitetet i Essex, der ho vart utnemnd til professor i 1987. Frå 1992 til 2006 var ho rektor ved University of Cambridge. I 1999 vart ho adla til baronesse og fekk fast sete i Overhuset.
I doktoravhandlinga og i seinare studiar tek ho for seg pliktetikken til Immanuel Kant (1724–1804) for å sjå om han held mål som moralsk rettesnor i det 20. hundreåret. Ho set pliktetikken opp mot konsekvensetikken og teorien om rasjonelle val og kjem fram til at Kant sin teori er enklare og meir universell. Eit kjenneteikn ved forskinga hennar er viljen til å gjere filosofiske tankar konkrete og handlingsretta. I tale og skrift har ho kasta seg inn i aktuelle samfunnsspørsmål, eit engasjement som har gjort henne kjend for eit breitt publikum. Den raude tråden i forfattarskapen er tillit, rettferd og menneskerettar.
I 2015 vart ho æra med den austerrikske Kantprisen, og i 2017 med den norske Holbergprisen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.