Hopp til innhold

Opplysningstida

Tenkinga om vitskap og politikk tok ei heilt ny retning i Europa på 1700-talet. Korleis verda og samfunnet hang saman, måtte frå då av forklarast med logikk, ikkje berre med tradisjon.

Nye oppdagingar gjorde at vitskapen endra seg frå 1500-talet og utetter. Eit nytt syn på verda braut igjennom: Jorda var ikkje lenger sentrum i universet. Tyngdekrafta heldt verdsaltet saman, heller enn Gud. Tilværet vart ordna etter matematiske lover. Både naturen og samfunnet vart sette i eit nytt lys. Gamle autoritetar, kyrkja og kongemakta, vart utfordra, særleg utover 1700-talet, ei tid prega av tru på framgang og fornuft. «Opplysning» kalla Immanuel Kant det, og meinte at det var «menneska si frigjering frå sjølvpåført umyndigskap».

Menneskeleg dømekraft vart no målestokken for sikker kunnskap. Innarbeidde oppfatningar vart avviste dersom dei ikkje stemte med observasjonar og eksperiment. Evna til å forstå vart granska i seg sjølv. Nokre, slike som David Hume og John Locke, hevda at menneska hadde ei ibuande evne til å forstå samanhengar, dei trong berre tankekraft. Andre, slike som Baruch Spinoza og Christian Wolff, hevda at all kunnskap kom frå erfaring med verda utanfor.

Politikk og samfunn vart òg kritisert. Fleire filosofar ivra for større spreiing av politisk makt, mellom andre Charles Montesquieu og Jean-Jacques Rousseau. Heller enn at ein konge skulle avgjere alt, skulle fleire ta del i statsstyret, og makta burde delast mellom fleire statsmakter. Ingen skulle ha særrettar, og fellesskapen sine interesser skulle gjelde. Alle var fødde like og frie. Staten skulle difor sikre mest mogleg fridom for alle, der alle var like for lova. Om det galdt kvinner og slavar, var ein meir ueinige om. Full folkemakt høyrer heller til ei seinare tid.

Meiningar og kunnskap flaut over landegrensene. Lærde menn utveksla stadig brev, medan skrifter var spreidde internasjonalt. I mange land vart nye tankar og samfunnskritikk sensurert. Til slutt braut dei likevel igjennom i politiske omveltingar. Den amerikanske revolusjonen (1776) og den franske (1789) skapte radikale demokratiske statsordningar for si tid. Den norske Grunnlova i 1814 bygde likeins på idear frå opplysingstida.

 

Kjelder

Jonathan Israel: Democratic Enlightenment. Philosophy, Revolution, and Human Rights 1750–1790. Oxford 2011

Jonathan Israel: Enlightenment Contested. Philosophy, Modernity, and the Emancipation of Man 1670–1752. Oxford 2006

Jonathan Israel: Radical Enlightenment. Philosophy and the Making of Modernity 1650–1750. Oxford 2001

 

Peikarar

«Ludvig Holbergs skrifter», holbergsskrifter.dk

Erling Sandmo: «Opplysningstiden i Danmark-Norge», norgeshistorie.no

Early modern philosophy: «Early modern texts», earlymoderntexts.com

Først publisert: 27.09.2019
Sist oppdatert: 14.10.2019