Hopp til innhold
X
Innhald

Organisk kjemi

Kjemi blir delt inn i to hovudgrupperingar, organisk kjemi og uorganisk kjemi. Stoff som inneheld karbon, blir kalla organiske stoff.

Fram til 1800-talet var det vanleg å tru at nokre stoff inneheld ei «livskraft» som berre levande plantar og dyr kunne produsere. Ein kalla desse stoffa organiske. Etter kvart greidde forskarar å framstille fleire organiske stoff i laboratorium. Det var då ein skjøna at det ikkje var noka spesiell kraft i desse stoffa. Det som var felles for alle stoffa, var at dei inneheldt grunnstoffet karbon (C).

Organisk kjemi handlar om karbonsambindingar. Karbonsambindingar er viktige for alt som lever. Samstundes finst det karbonsambindingar i ikkje-levande stoff, og ein kan altså òg framstille slike sambindingar i eit laboratorium. Organiske sambindingar kan innehalde fleire atom, til dømes oksygen (O), nitrogen (N), svovel (S) eller fosfor (P). Men det finst òg karbonsambindingar som ikkje høyrer til gruppa organisk kjemi, til dømes karbondioksid (CO2), karbonsyre og stoff som berre består av karbon (diamant, grafitt og kol).

Organisk kjemi kan ein dele inn i fleire store hovudgrupper, til dømes hydrokarbon, alkoholar, karbohydrat og organiske syrer. Stoffgruppene blir delte inn ut frå fellestrekk i oppbygginga og måten dei reagerer på. Alle stoffa i ei stoffgruppe har den same særeigne gruppa av atom. Det er denne atomgruppa som avgjer dei kjemiske eigenskapane, og vi kallar dei ei funksjonell gruppe.

Organiske sambindingar som inneheld karbon og hydrogen, blir kalla hydrokarbon. Hydrokarbon finn vi i mellom anna i råolje og naturgass. Alkohol er ei anna gruppe av organiske sambindingar. Felles for alle alkoholar er at dei inneheld minst éi –OH- gruppe. Ei –OH-gruppe er eit oksygenatom som bind seg til eitt hydrogenatom, i den andre enden av oksygenet er det bunde til eit karbon. Organiske syrer (karboksylsyrer) er den tredje gruppa av organiske sambindingar. Felles for alle karboksylsyrer er at dei inneheld minst éi gruppe atomar som blir kalla karboksylgruppe (–COOH). Karbohydrat er den fjerde store stoffgruppa innanfor organiske sambindingar. Karbohydrata er bygde opp av atoma karbon, hydrogen og oksygen. Til saman dannar desse atoma sukkermolekylar med korte eller noko lengre kjeder.

Kjelder

Hanne S. Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 10. Naturfag. Oslo 2008

Merete Hannisdal og Vivi Ringnes: Kjemi for lærere. Naturfag i grunnskolelærerutdanningen 5.–10. trinn, 2. utg. Oslo 2013

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo 2015

Odd. T. Hushovd: «Kjemi 1. Aldehyder og ketoner», lokus.no: https://www3.lokus.no/index.jsp?languageId=3&didLogin=true&marketplaceId=34417953&siteNodeId=71405929&didLogin=true [lesedato 8.9.2019]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Alkohol», mn.uio.no, sist oppdatert 14.8.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/alkohol.html [lesedato 2.9.2019]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Organiske syrer», mn.uio.no, sist oppdatert 10.4.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/o/organiske-syrer.html [lesedato 7.9.2019]

Peikarar

NRK Skole: «Hva er fossilt brensel?», nrk.no https://www.nrk.no/skole/?mediaId=21268&page=search&q=olje

NRK: «Det er kjemi overalt», nrk.no https://www.nrk.no/video/PS*29249 Nasjonal digital læringsarena (NDLA): «Karbohydrater», youtube.com https://www.youtube.com/watch?v=Esn8TZq6A8s&t=157s

Først publisert: 13.11.2019
Sist oppdatert: 20.11.2019