Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Grepstad

Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur.

Ottar Grepstad er fødd i Øyer 1. oktober 1953 og voks opp i Nedre Vats i Rogaland. Han studerte filologi ved Universitetet i Bergen, der han vart cand.philol. i 1983 med hovudoppgåva Høvesdikting i EF-striden 1970–72.

Grepstad var forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Det Norske Samlaget i tida 1980–94. I perioden 1984–88 var han også redaktør for Syn og Segn. I 1998 vikarierte han som dagleg leiar i Noregs Mållag. I 1999 vart han tilsett som direktør for Nynorsk kultursentrum. Den første oppgåva var å leie oppføringa av Ivar Aasen-tunet i Ørsta, fylle det med innhald og byggje opp institusjonen Nynorsk kultursentrum.

Under Grepstad si leiing har Nynorsk kultursentrum vorte ei autoritativ stemme i saker som gjeld nynorsk skriftkultur. Med stor faktakunnskap og solid dokumentasjon har han halde ei mengd foredrag og skrive artiklar, avisinnlegg, statistikk, bøker og bidrag til offentlege utgreiingar, der han har teke opp den nynorske skriftkulturen frå ulike sider. Også som sekretær i Nynorsk forum, som styremedlem i Kulturrådet 2005–09 og i Språkrådet, der han var styremedlem i 2006–10 og leiar frå 2010 til og med 2015, har han brukt evna si til å dokumentere og vise samanhengar i samfunnet. I 2016 vart han leiar for International Network of Language Museums.

Grepstad har ein stor litterær produksjon bak seg, både som sakprosaforfattar og redaktør. Eit av hovudverka er Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk (1997), som førte til at han fekk Norsk språkpris av Språkrådet i 1999. I 2014 vart han heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og i 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Forfattaren

Ottar Grepstad har vore oppteken av retorikk sidan han sat under kateteret til Georg Johannesen på Universitetet i Bergen, og han uttrykkjer seg klart og godt i alt han skriv. Gjennom 40 år har det vorte eit trettitals bøker, der han anten har vore medforfattar, redaktør eller forfattar åleine. Særleg sakprosa og språk har gått att i det han har skrive om, og det var naturleg at det var Grepstad som skreiv boka om «sakprosaens teori og retorikk», som er undertittelen på boka Det litterære skattkammer (1997). Andre hovudverk frå Grepstad er Retorikk på norsk (1988), Viljen til språk (2006), Avisene som utvida Noreg (2010) og Historia om Ivar Aasen (2013).

Grepstad er oppteken av å dokumentere det han skriv om, anten det er i språkfaktabøker eller sakspapir til styret for Nynorsk kultursentrum. Det har ført til mykje nynorsk statistikk, noko som har kome til nytte i arbeidet med å dokumentere stoda for nynorsk skriftkultur. Mykje av denne dokumentasjonen er samla i Nynorsk faktabok frå 1998 og 2005, og i Språkfakta, som har kome i digital utgåve frå 2010.

Grepstad går av som direktør ved Nynorsk kultursentrum når han fyller 65 år i oktober 2018. Som avrunding på arbeidet gir han ut Aasen-bibliografien. Skrifter av og om Ivar Aasen 1825–2017.

Nynorskdirektøren

I 1995 vedtok Stortinget at det skulle byggjast ein nasjonal kulturinstitusjon i Ørsta, Ivar Aasen-tunet. I februar 1999 vart Ottar Grepstad tilsett som den første direktøren for stiftinga Nynorsk kultursentrum og institusjonen Ivar Aasen-tunet. Fram til bygningen stod ferdig 6. april 2000, kunne Grepstad fylle den nye institusjonen med innhald og leggje planar for drifta. Den tida nytta han godt. Saman med styre og råd bygde Grepstad opp ein stab med brei kompetanse, som driv med forsking, formidling og vidareføring av Dei nynorske festspela, som hadde vore arrangerte sidan 1992. Nasjonalt tok Grepstad rolla som ein nynorsk strateg, dokumentarist og institusjonsbyggjar, mellom anna gjennom dei nynorske årstalane som han heldt i perioden 2001–12. I desse talane gjekk han igjennom stoda for nynorsk skriftkultur på eit breitt spekter av samfunnsområde.

galleri


Grepstad var hovudredaktør for det nynorske nettleksikonet Allkunne frå det vart påbegynt i 2007 og fram til 2014. Grepstad har heile tida vore oppteken av at Nynorsk kultursentrum skal vere eit godt digitalt museum, og det vart nemnt som ein av grunnane til at museet vart kåra til «Årets museum» i 2015.

Som direktør for Nynorsk kultursentrum har Grepstad sett fordelen med at fleire står saman i arbeidet for nynorsk skriftkultur. Då politikarar i Ulvik og Vinje ønskte å samarbeide med Nynorsk kultursentrum for å markere Olav H. Hauge og Aa.O. Vinje, såg Grepstad at det ville vere gunstig å få fleire nynorske institusjonar inn under same hatt. Det har ført til at Nynorsk kultursentrum no omfattar Olav H. Hauge-senteret, Allkunne og Vinje-senteret i tillegg til Ivar Aasen-tunet.

Også internasjonalt har Grepstad sett verdien av å samarbeide med fleire. Han tok derfor kontakt med språkmuseum i andre land, og i 2016 danna dei International Network of Language Museums, med Grepstad som leiar.

Politikaren

Begge foreldra til Ottar Grepstad var frå Jølster og flytte dit som pensjonistar, så Grepstad definerer seg som jølstring, sjølv om han har budd der berre i feriar. Faren var lærar, og familien flytte frå Øyer til Nedre Vats i Ryfylke i 1957, då Ottar var fire år gamal. Han gjekk på Bryne gymnas i 1970–73, der han var aktiv i Bryne elevmållag og Unge Venstre. I 1973 fekk han Fridthiov Oos’ pris for ein av dei beste nynorske stilane til examen artium det året.

Grepstad var leiar i Unge Venstre i 1975–76, men seinare har han valt rolla som kulturpolitikar framfor å vere partipolitikar.

Forlagsmannen

I 1980 vart Grepstad tilsett som forlagsredaktør i Det Norske Samlaget, der han snart fornya arbeidet med nynorsk sakprosa. Saman med Sverre Tusvik lanserte han ideen om ein nynorsk essayserie der kjende forfattarar, filosofar og samfunnsvitarar vart bedne om å skrive om ulike samfunnsspørsmål. Elles var han redaktør for verk som Berge Furres biografi om Lars Oftedal, og han vart etter kvart redaksjonssjef og assisterande forlagssjef.

Då Grepstad vart redaktør for Syn og Segn i 1984, fornya han tidsskriftet med ny bladbunad og færre, men større nummer. Saman med eit redaksjonsråd fanga han opp aktuelle problemstillingar i tida og bestilte artiklar frå etablerte namn som Reidar Djupedal – og frå ferske forfattarar som Jon Fosse.

Strategen

Ingen annan enkeltperson i nyare tid har hatt meir å seie for statusen til nynorsk skriftspråk enn Ottar Grepstad. Både som strateg og institusjonsbyggjar har han vist kva språkleg jamstilling inneber, og kva det krev av styresmaktene. Han har vore ein tydeleg talsperson for nynorsk skriftspråk i kraft av stillinga ved Nynorsk kultursentrum og posisjonen som sekretær for Nynorsk forum. Derfor har styresmaktene også lytta til han og brukt han som bidragsytar til sentrale dokument som språkmeldinga, St.meld. 35 (2007-2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, og kulturmeldinga frå 2003, St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014.

Som styremedlem og styreleiar i Språkrådet i tida 2006–15 var Grepstad med på å utvikle Språkrådet, som fekk eit vidare samfunnsoppdrag enn føregjengaren Norsk språkråd. Då den nynorske rettskrivinga skulle reviderast, føreslo Grepstad saman med Jan Olav Fretland og Magni Øvrebotten at ein skulle oppnemne ei rettskrivingsnemnd med både fagfolk og brukarar, og at arbeidet skulle gjennomførast som ein open og demokratisk prosess. Resultatet av arbeidet til Riise-nemnda var at ei ny rettskriving for nynorsk – utan klammeformer – vart innført 1. august 2012.

Då Universitetet i Oslo ikkje lenger ville ta ansvar for Språksamlingane, gjorde Grepstad ein stor innsats for at samlingane skulle verte verande på offentlege hender. Også når det gjeld regionreforma, har han gått inn i debatten for å passe på at nynorsk skriftspråk vert sikra i dei nye kommunane og fylkeskommunane.

Saman med styret for Nynorsk kultursentrum har Grepstad heile tida vore oppteken av at institusjonen skal arbeide for å gjere det lettare for folk å vere nynorskbrukarar. Som nynorskstrateg har Grepstad vore oppteken av at også folk som til vanleg ikkje arbeider med språk, skal vere med i arbeidet for det nynorske skriftspråket, mellom anna då han laga forprosjektet til Ivar Aasen-året 1996 og lanserte ideen om Språkåret 2013. Ein sentral tanke med Språkåret 2013 var at det ikkje skulle vere eit nytt Aasen-år, men ei feiring av alt språkleg mangfald, i tillegg til 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen, og tilsette i Nynorsk kultursentrum har ikkje delteke i redaksjonell handsaming av denne.

Kjelder

E‑post frå Jan Olav Fretland 30.5.2018

Telefonsamtalar med Grete Riise 25.5. og 28.5.2018

 

Jan H. Landro: «Med eit veldig behov for å forstå». Syn og Segn 3B/2013. Spesialutgåve (festtidsskrift til Ottar Grepstad)

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget: Årsmelding og rekneskap 2017 med vedlegg

 

Ottar Starheim: «Ottar Grepstad», allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/kjende-personar/ottar-grepstad//1898/78673/ [lesedato 25.5.2018]

Forfattarprofil på samlaget.no: https://samlaget.no/collections/ottar-grepstad [lesedato 28.5.2018]

Ottar Grepstad: «Historia vår», aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/import/museum/historia_var/Historia+v%C3%A5r.b7C_wlbOYM.ips [lesedato 27.5.2018]


Bibliografi 

Bibliografi over Ottar Grepstads verk og anna redaksjonelt arbeid.

Peikarar

Nettstaden til Aasen-tunet 

Først publisert: 05.06.2018
Sist oppdatert: 01.10.2018