Hopp til innhold
Ove Røsbak. Foto: Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
Ove Røsbak. Foto: Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ove Røsbak

Ove Røsbak, forfattar og sceneartist med både barn og vaksne som målgrupper. Røsbak skapte stort oppstyr då han la fram opplysningar om Alf Prøysen si seksuelle legning.

Ove Røsbak er fødd 5. august 1959 på Furnes i Hedmark og er busett i Lillehammer. Han tok examen artium som privatist i 1980. Røsbak er ein svært allsidig kulturperson. I tillegg til å vere forfattar i mange sjangrar for både barn og vaksne har han brei og lang røynsle som sceneartist og foredragshaldar. Sidan 1978 har han livnært seg som kunstnar på heiltid.

I 1978 debuterte han med lyrikksamlinga Lævandes dikt. Som lyrikar han har nådd eit stort publikum, og med åra har det vorte mange samlingar. I tillegg har Røsbak skrive noveller og romanar, til dømes den sjølvbiografiske romanen Lommelyktgutten (2009). I tillegg til fleire historiske spel har han skrive skodespel for teaterscene og radio. Fleire av bøkene hans er skrivne på hedmarksdialekt. Også tematisk er bøkene forankra på Hedmarken, og i heimbygda. Kjærleik, sorg og tap er andre sentrale tema i forfattarskapen, alvorlege tema som ofte kjem til uttrykk gjennom bruk av humor.

Røsbak har gitt ut tre biografiar: Alf Prøysen. Præstvægen og Sjustjerna (1992), Rolf Jacobsen. En dikter og hans skygge (1998) og Margrete. Nordens dronning (2002), om den danske dronninga som grunnla Kalmarunionen.

I 2004 la Røsbak i artikkelen «En annerledes Alf Prøysen» fram opplysningar om at Prøysen var bifil. Dette skapte stort oppstyr. Prøysen sin nærmaste familie skulda Røsbak for løgn, medan andre kjende røyster tok til orde for at slike opplysningar ikkje var relevante for å forstå kunstnaren Prøysen. Ole Paus var ein av dei som gjekk kraftig ut mot Røsbak. Eit anna moment som skapte engasjement, var at dei nye opplysningane bevisst var haldne tilbake av Røsbak i biografien frå 1992.

Røsbak vart tildelt Prøysenprisen i 1980. Han fekk Austmannaprisen i 1981 og Hedmarksprisen i 1998. I 2010 fekk han Vidar Sandbecks kulturpris.

 

Kjelder

E‑post frå Ove Røsbak 30.4.2018

 

Nettstaden til Ove Røsbak, rosbak.no: https://www.rosbak.no/ [lesedato 17.10.2019]

Ove Røsbak: «En annerledes Alf Prøysen», dagbladet.no, publisert 10.6.2004: https://www.dagbladet.no/kultur/en-annerledes-alf-proysen/65978463 [lesedato 24.10.2019]

Jens Marius Sæther: «Jeg vil absolutt ikke være morsom. Jeg er en alvorlig mann.», dagsavisen.no, sist oppdatert 11.11.2014: https://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/reportasjer/jeg-vil-absolutt-ikke-vere-morsom-jeg-er-en-alvorlig-mann-1.294319 [lesedato 24.10.2019]

 

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Dag Kessel og Torunn Myhre: «Mer om Alf Prøysens seksuelle legning», nrk.no, publisert 24.9.2014

Anders Neraal: «Sammenhengen», bok365.no, publisert 2.11.2014

Først publisert: 30.06.2020
Sist oppdatert: 03.07.2020