Hopp til innhold
X
Innhald

Overnasjonal

Overnasjonalitet vil seie at ein internasjonal organisasjon kan gjere fleirtalsvedtak som er bindande for alle medlemslanda, også for dei som har stemt imot.

Ein overnasjonal organisasjon står over, og kan overstyre, nasjonale lovgivarar. Medlemskap i organisasjonen er frivillig, men når eit land har vorte medlem, er det forplikta til å følgje dei vedtaka organisasjonen kjem fram til. Om vedtaka er i utakt med nasjonale vurderingar, har dei overnasjonale avgjerdene forrang.

Tap av suverenitet er prisen medlemslanda betaler for å oppnå eit større gode, til dømes velstand og tryggleik i eige land, eller innverknad internasjonalt. I overnasjonale organisasjonar er små og store statar formelt likestilte. Små land har difor mest å oppnå ved medlemskap. Stormakter kan påverke internasjonal politikk på eiga hand.   

Graden av overnasjonalitet varierer mellom organisasjonane og i den enkelte organisasjonen. Når Hovudforsamlinga i FN vedtek ein resolusjon, er ikkje medlemslanda forplikta til å følgje han opp. I Tryggingsrådet er vedtak bindande dersom eit fleirtal av dei 15 medlemene er einige.

Europarådet sin menneskerettskonvensjon er rettsleg bindande for dei landa som har godkjent han, og Den europeiske menneskerettsdomstolen kontrollerer at konvensjonen vert overhalden. Norske styresmakter har opplevd at rettsavgjerder som har gått heilt til Høgsterett, har vorte anka til Menneskerettsdomstolen og omstøytt der.

I EU vert medlemslanda sin innanrikspolitikk i aukande grad avgjord gjennom fleirtalsvedtak som også mindretalet må respektere. Gjennom EØS-avtalen gjeld store delar av EU-regelverket også for Noreg.

 

Kjelder

Elin Nyberg: «Norge har alltid vært avhengig av en stormakt», uis.no, publisert 16.2.2017: https://www.uis.no/om-uis/nyheter-og-presserom/norge-har-alltid-vart-avhengig-av-en-stormakt-article112890-8108.html [lesedato 13.10.2019]

Utanriksdepartementet: «Norges justispolitiske samarbeid med EU», regjeringen.no, sist oppdatert 13.8.2018: https://www.regjeringen.no/no/tema/europapolitikk/tema/justis-og-migrasjon1/id685931/ [lesedato 13.10.2019]

Øyvind Østerud: «Raymond Aron – det 20. århundres Thucydid», sv.uio.no, sist oppdatert 11.11.2013: https://www.sv.uio.no/mutr/kronikk/osterud0201.html [lesedato 12.10.2019]

 

Peikarar

Jenny Nortvedt: «Sikkerhetsrådet: Bør Norge få plass?», nupi.no

Først publisert: 24.04.2020
Sist oppdatert: 24.04.2020