Hopp til innhold
X
Innhald

Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje er ei stavkyrkje i Vang kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja vart riven i 1747, men stod ferdig gjenreist i 1965, godt over 200 år seinare.

Øye stavkyrkje vart truleg bygd rundt 1200 og stod på Øyeflaten like ved Vangsmjøse. Stavkyrkja vart riven då bygda fekk ny kyrkje i 1747. Då den «nye» kyrkja skulle restaurerast i 1935, fann ein 156 delar av stavkyrkja under golvet. På det tidspunktet var det ingen i Vang som visste at gamlekyrkja låg lagra der.

Valdres Folkemuseum ivra for at stavkyrkja skulle setjast opp att på museumsområdet på Fagernes, men Øye kyrkjelyd kravde at kyrkja skulle setjast opp att i Øye. I åra 1953–65 vart kyrkja rekonstruert og sett opp att på ei ny tuft noko lenger unna Vangsmjøse. Arbeidet med teikningar til gjenreisinga starta i 1950, og det vart gjort ei prøveoppsetjing av dei bevarte delane i 1953. Kyrkja vart så oppført i perioden 1955–65.

Den gamle tufta var kjend på grunn av ein minnestein som framleis står der. Innskrifta lyder: «Her sto Øye stavkyrkje 11-1200–1747.» På baksida stod det: «Gud signe dei so kvile her.» Tufta vart ofte overfløymd om våren, og gravene kunne stå halvfulle med vatn. Det var grunnen til at det i 1740 vart bestemt at dei skulle byggje ny kyrkje på Øyebakkin.

Øye stavkyrkje har eit rektangulært skip og eit noko smalare kortilbygg. Ho har fire frittståande stolpar som ber taket over kyrkjeskipet. To ekstra hjørnestolpar ber taket over koret. Taket er dekt av spon, slik det opphavleg var. Det går svalgangar rundt heile kyrkja. I 2010 vart Øye stavkyrkje restaurert gjennom stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren og fekk ny takspon.

Kyrkja er gjenreist slik ho truleg var då ho var ny – utan vindauge eller benker. På langveggene er det små gluggar. Dei utskorne portalane som står i kyrkja, er kopiar av originalane frå mellomalderen, som er i Oldsaksamlinga. Døypefonten er frå mellomalderen, truleg frå 1300-talet, og er skoren av eitt emne. Han kom frå St. Tomas-kyrkja på Filefjell, som vart riven i 1808.

I dag er Øye stavkyrkje først og fremst ein turistattraksjon, men av og til er det messe i kyrkja sommarstid.

Ein av dei moderne pilegrimsvegane startar ved Hedalen stavkirke og går via Reinli stavkyrkje, Lomen stavkyrkje, Høre stavkyrkje og Øye stavkyrkje til St. Thomas-kyrkja på Filefjell. Den opphavlege kyrkja var plassert nær den gamle ferdselsåra over Filefjell, som skal ha vore hellelagd ved kyrkja. Då som no låg kyrkja ved vegen der folk ferdast.

Helsing til Øye stavkyrkje
Stod ho dei mange hundreår
i dalen djupt mellom fjell.
Ættene skifte, og haust og vår –
livet med morgon og dag og kveld –
Lukke og liding i evig straum – tende og nørde den gamle draum –
tona attende frå klokke og tårn – den same lovnad for heimsens born
om frelse når livet si grense traut, – og Ånda materien braut.

Utdrag frå diktet «Helsing til Øye stavkyrkje», skrive av Knut Hauge og sett på trykk i avisa Valdres dagen før den gjenreiste kyrkja vart vigsla.

Kjelder

Ivar Aars: «Øye stavkyrkje», Årbok for Valdres 2003, nr. 19 i serien «Kyrkja vår»

 

Riksantikvaren: «Øye stavkirke – funne att og gjenreist», riksantikvaren.no: https://www.riksantikvaren.no/Tema/Kirker/Stavkirker/De-enkelte-stavkirkene/OEye-stavkyrkje-funne-att-og-gjenreist [lesedato 28.2.2019]

Riksantikvaren: Øye stavkyrkje – Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet. Rapport 2016, ra.brage.unit.no: https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421068 [lesedato 28.2.2019]

Stavkyrkjeeigarforum: «Øye stavkyrkje», stavechurch.com: https://www.stavechurch.com/oye-stavkirke/ [lesedato 28.2.2019]

 

Peikarar

Sigrid Christie, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: «Øye stavkirke», i NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

Først publisert: 23.08.2019
Sist oppdatert: 23.08.2019