Hopp til innhold
X
Innhald

Pål Steigan

Pål Steigan er ein norsk venstreradikal politikar og samfunnsdebattant som driv nettstaden steigan.no. Han har vore forlagsredaktør og er no sjølvstendig næringsdrivande innanfor kultur og informasjonsteknologi.

Pål Steigan er fødd 31. mai 1949 i Oslo. Han engasjerte seg tidleg på venstresida i politikken. I 1969 vart han leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF). SUF hadde fram til då vore ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF, seinare SV), men braut med moderpartiet fordi dei meinte at det ikkje var radikalt nok.

SUF hadde det kommunistiske samfunnssystemet i Kina under Mao Zedong som ideal. Dei vart difor ofte kalla maoistar, men brukte sjølve nemninga «marxist-leninistar» eller «ml-arar».

I 1972 vart partiet Arbeidernes Kommunistparti – forkorta AKP (m-l) – skipa som ei vidareføring av SUF. Steigan var leiar frå 1975 til 1984. Partiet stilte til val som del av Raud Valallianse (forløparen til Raudt), men kom aldri inn på Stortinget i Steigan si tid. Likevel var ml-rørsla, særleg i 1970-åra, mektig i studentpolitikken, kulturlivet og delar av fagrørsla. Forlaget Oktober og avisa Klassekampen er varige resultat av aktiviteten deira.

Som partileiar møtte Steigan Mao Zedong og den kambodsjanske leiaren Pol Pot, som sette i verk massedrap på sitt eige folk midt i 1970-åra. Steigan måtte tole hard kritikk for at han ikkje tok tydeleg avstand frå dette folkemordet.

I 1980-åra gjekk Steigan ut av aktiv politikk. Som forlagsredaktør i J.W. Cappelens Forlag (1985–99) var han mellom anna ansvarleg for leksikonet Caplex, som i 1995 vart lansert som Noregs første leksikon i multimedieversjon. I 1999 skipa han IT-konsulentfirmaet Artemisia AS, og han har engasjert seg i fleire tiltak innanfor kulturlivet.

I 2011 etablerte han nettstaden steigan.no, der han sjølv er redaktør, bloggar og debattant. Han reknar seg framleis som kommunist, men har fleire gonger vore på kant med tidlegare partikameratar. Han har til dømes markert seg som ein sterk forsvarar av Russland si linje i dei internasjonale konfliktane i Libya og Syria.

Kjelder

Bjørn B. Brøndbo: «Cappelen: Caplex-brosjyre», om multimedieleksikonet Caplex, teknoguru.no: http://www.teknoguru.no/portfolio/cappelen-brosjyrer-og-pressemeldinger/ [lesedato 30.11.2018]

Bernt Hagtvet: «Det unnvikende oppgjøret», om Pol Pot-debatten, dagbladet.no, publisert 17.7.2003: https://www.dagbladet.no/kultur/det-unnvikende-oppgjoret/65900711 [lesedato 30.11.2018]

NRK Skole: «De rødeste i politikken 1977», tv-klipp, sendt 1.9.1977, nrk.no: https://www.nrk.no/skole/?page=search&q=De%20r%C3%B8deste%20i%20politikken&mediaId=13741 [lesedato 30.11.2018]

Pål Steigan: «Er det rett å gjøre opprør når fienden står i landet?». Steigan i debatt med tidlegare partikamerat Erling Folkvord om Syria, kurdarane og Russland, steigan.no, publisert 17.7.2018: https://steigan.no/2018/06/er-det-rett-a-gjore-oppror-nar-fienden-star-i-landet/ [lesedato 30.11.2018]

Om Pål Steigan på nettstaden steigan.no: https://steigan.no/author/psteigan/ [lesedato 30.11.2018]

Peikarar

Presentasjon av Steigans bok En folkefiende, aschehoug.no 

Kritisk melding av En folkefiende i VG, vg.no 

Nik. Brandal: «Totalitær venstreorientering», allment om AKP (m-l), norgeshistorie.no 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018