Forsida til Dagbladet 28.04.1918

Dagbladet var ei Venstre-avis.

Av /Nasjonalbiblioteket.

Partipressa var eit system der avisene opererte som politiske organ og kvar avis var knytta til eit bestemt politisk parti. Systemet ble gradvis svekt frå 1970-åra av og gjekk heilt i oppløysing på 1990-talet. Etter dette har norske aviser vore redaksjonelt uavhengige av politiske parti.

Bakgrunn

Redaksjonen i Social-Demokraten
Redaksjonen i Social-Demokraten (seinare Arbeiderbladet, no Dagsavisen), ei avis tilknytta Arbeidarpartiet, i 1912. Fra venstre: Redaktør Olav Scheflo, redaksjonssekretær Ole Tokerud, journalist Gunnar Ousland, redaktør Jacob Vidnes, redaksjonssekretær Oscar Pedersen, redaktør Carl Jeppesen, journalist Olav Kringen, journalist Fernanda Nissen og journalist Jacob Friis.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Partipressa voks fram om lag samtidig som etableringa av dei politiske partia og gjennombrotetet for parlamentarismen i Noreg i 1884. Dei eldre avisene vart konservative og støtta Høgre, medan dei yngre avisene vart liberale og støtta Venstre. I denne perioden skjedde det samtidig ein enorm avisvekst. I 1850 var det 40 norske aviser, og i 1918 var talet 250 aviser. For partipressa vart perioden 1880 –1920 ei ekspansjonstid med stadig fleire partiaviser.

Målet med partipressa var å påverka lesarar for å oppretthalda eller få meir støtte til eit bestemt politisk parti. Dei fleste større stader hadde minst to aviser som representerte ulike politiske syn. Som partiorgan hadde avisa bindingar til partiet sitt både funksjonelt og strukturelt. Bindingane kom til uttrykk i avisinnhaldet der partiets eigne politikarar kunne rekna med velviljug omtale, medan politiske motstandarar vart møtt med ei meir kritisk haldning. Synet til partiet kom tydeleg fram både på leiarplass og i anna redaksjonelt stoff.

Bindingane viste seg òg i strukturelle band mellom partiet og avisa. I partiavisa var redaktøren og mange journalistar partimedlemmer, og eit fleirtal av redaktørane hadde òg verv i partiet. Stortingsjournalistane deltok på møte i «eigne» partigrupper, dei aksepterte teieplikt når det var naudsynt og under valkamp kunne redaksjonslokala til avisa nyttast til valkampkontor. Partia ga avisene økonomisk tryggleik som var særskild viktig i nedgangstider. Ofte var det partia sjølv som eigde avisene, men det kunne og vera privatpersoner eller familier og sympatisørar med sterke partiband.

Partitilknyting

Sandefjords Blad, forsiden 12 september 1983

Den partilojale journalistikken blei særleg tydeleg i valkampen. Avisene ga klare råd om kva parti lesarane skulle stemme på. Her er førstesida til Sandefjords Blad på valdagen, måndag 12. september 1983.

Sandefjords Blad, forsiden 12 september 1983
Sandefjords Blad.

Partitilknytinga var ofte formalisert i føremålsparagrafar og gjennom bindingar til partipresseorganisasjonar og pressebyrå. Partiavisene var med i presseorganisasjonane til partia: Høyrepressen, Venstrepressen, Arbeiderpressen og Bondepartipressen, og fekk tilsendt stoff frå partipressekontoret. I åra der partipressa styrde, var hovudmønsteret at dei fleste lesarane heldt seg til den avisa som støtta det partiet som stod dei nærmast, men partiavisene nådde likevel utover eigen veljarskare. Det hang saman med at på ein del utgjevingsstader las lesarane av dei mindre avisene òg den leiande avisa sjølv om ho hadde band til eit anna parti.

Det var Arbeiderpartiet, Høyre, Venstre og Senterpartiet som hadde den største partipressa. I Oslo var Arbeiderbladet (Dagsavisen) hovudorganet for Arbeidarpartiet og Aftenposten hovudorganet for Høgre, men desse partia hadde aviser i alle fylka. Venstre hadde òg ei stor partipresse med Dagbladet i Oslo, Fædrelandsvennen i Kristiansand, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Sunnmørsposten som viktige organ. Senterpartiet hadde Nationen i Oslo og Østlendingen i Elverum som dei viktigaste partiavisene. Partipressa bidro lenge til eit politisk avismangfold i byer og regionar.

Eit eksempel er Bergen der det kom ut fire partiaviser ein periode etter 1945: Bergens Tidende (Venstre), Bergens Arbeiderblad (Arbeidarpartiet), Arbeidet (Noregs Kommunistiske Parti) og Morgenavisen (Høgre). I tillegg kom den kristne avisa Dagen og nynorskavisa Gula Tidend ut i Bergen på denne tida.

Mot oppløysing

I 1970 vart den offentlege pressestøtta innført og tok over for partistøtta. Vidare vart TV ein stadig viktigare nyhende- og informasjonskanal i denne perioden. Fjernsynet skulle vera politisk upartisk, og det vart avisene etter kvart påverka av. I etterkrigstida og spesielt utover 1970-talet skjedde òg ei gradvis profesjonalisering der journalistane vart meir medvitne om yrkesrolla si og om idealet om uavhengig journalistikk.

Folkerøystinga om medlemskap i EF i 1972 viste at det ikkje var sjølvsagt at pressa hadde så stor påverknad på veljarane som ein tidligare hadde trudd. Føre folkeavstemminga støtta 81 prosent av avisene eit ja-standpunkt, men folket sa likevel nei. Avviklinga av partipressa starta for alvor i kjølvatnet av EF-saka, men det skulle likevel ta mange år før partipressa vart heilt avvikla. Det var først etter avviklinga av partipressa at mediekonserna steig fram og dei tidlegere partibanda vart avløyste av konserneigarskap.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Henrik G. Bastiansen: Lojaliteten som brast. Partipressen i Norge fra senit til fall 1945–2000. Norsk Medietidsskrift. 17.2
  • Guri Hjeltnes (red.): Imperiet vakler 1945–2010, bd. 3 i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie. Oslo 2010
  • Rune Ottosen (red.): Parti, presse og publikum 1880–1945, bd. 2 i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie. Oslo 2010
  • Per Overrein og Roar Madsen (2016) Partipressens avvikling – årsaker og faser. Mediehistorisk Tidsskrift nr. 25.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg