Hopp til innhold
Lenestol i teak og børsta stål frå 1957. Modell 1889, designa av Gerhard Berg for P. I. Langlo's Fabrikker. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: OK-2003-0189. CC BY-NC 4.0.
Lenestol i teak og børsta stål frå 1957. Modell 1889, designa av Gerhard Berg for P. I. Langlo's Fabrikker. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: OK-2003-0189. CC BY-NC 4.0.
X
Innhald

Peter Ivarson Langlo

Peter Ivarson Langlo, industrigründer, forretningsmann og frontfigur for møbelindustrien på Sunnmøre.

Peter Ivarson (P. I.) Langlo var fødd på Stranda på Sunnmøre 6. januar 1892 og døydde der 15. april 1940. I tenåra lærte han seg å flette korger av peddig, eit importert trevirke som vart svært bøyeleg når det låg i bløyt. Han fann ut at det også var mogleg å lage møblar av det mjuke materialet, og saman med nokre kameratar sette han i gang med å flette korgstolar med sete og rygg av rotting, eit anna lett formbart treslag. Arbeidet gjekk føre seg i kjellaren på heimegarden. I 1920 flytta han produksjonen til eit større lokale i Stranda sentrum. Salet auka, og i 1925 var Langlo den største korgmøbelfabrikken i Norden.

Langlo hadde marknadsteft og tilpassingsevne. Under første verdskrigen var det vanskeleg å importere pil og peddig til korgmøblane, men då tok han til å bruke norsk bjørk i møbelproduksjonen. På slutten av tjuetalet var etterspurnaden etter spinkle korgstolar metta. Folk ville ha meir solide møblar, og i 1929 gjekk han over til å lage stoppa stolar med tunge trerammer. Kundane var kjøpevillige, og i 1940 var møbelstoppfabrikken hans den største i Skandinavia.

Arbeid ved P. I. Langlo's Fabrikker i 1952. Foto: Arne F. Køpke. Kjelde: Riksarkivet. Arkivreferanse: RA/PA-0797/U/Ua/L0006/0137. CC BY.

Arbeid ved P. I. Langlo's Fabrikker i 1952. Foto: Arne F. Køpke. Kjelde: Riksarkivet. Arkivreferanse: RA/PA-0797/U/Ua/L0006/0137. CC BY.

Som bedriftsleiar var Langlo påverka av amerikanske bedriftseigarar, som effektiviserte produksjonen gjennom samlebandprinsipp og akkordløn. Medan korgflettarane mest var sjølvstendige handverkarar med ansvar for det ferdige produktet, fekk stoppmøbelarbeidarane ansvar for berre ein avgrensa del av produksjonen. Dei tente godt på akkord, men såg likevel lenge på industrijobben som ei attåtnæring til gardsdrifta. Fabrikken gjekk med overskot, og Langlo pløgde overskotet tilbake til verksemda og til bygdefellesskapet. Fagforeiningar var både han og arbeidarane skeptiske til, dei kom først etter krigen.

Langlo sin eineståande framgang som møbelgründer inspirerte folk rundt om i sunnmørsbygdene til å prøve seg i same bransjen. I nabokommunen Sykkylven var det 40 møbelfabrikkar før 1950. Møbelsuksessen på Sunnmøre var i siget. På 2000-talet er Stressless- og Tripp Trapp-stolar framleis internasjonale salssuksessar.

 

Kjelder

Eldar Øyehaug Høidal og Kjetil Tandstad: Møbeleventyret. Møringane som møblerte landet. Førde 2018

 

Asbjørn Gjærde: Stranda. Industri og samfunn. Ålesund 1990. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007081004006?page=5 [lesedato 5.5.2019]

E. Ramnefjell: «Pioneren i norsk møbelindustri», i Øystein Røyseland (red.): Norske askeladder. Eventyr i det 20. århundre. Oslo 1969. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/37ac51330844629ccdd724e7fe828d31?page=0&searchText= [lesedato 3.3.2019]

Peikarar

NRK P2 Museum: «Fra kurvstol til møbelindustri», 3.9.2016, radio.nrk.no

Mats Linder: «P.I. Langlo's kurvmøbelfabrikk – Utrolig produktkatalog fra 1930», matslinder.no

Hallvard Østrem: «Møbeleventyret på Sunnmøre er ikkje over», framtida.no

Først publisert: 06.01.2020
Sist oppdatert: 06.01.2020