Hopp til innhold

Pønskarlaget

Pønskarlaget, ein klubb av filologistudentar ved universitetet i Kristiania som møttest for å drøfte vitskaplege emne på landsmål, mest aktive i åra 1903–1912. Drøftingane resulterte også i to pamflettar om den norske språkstriden.

Initiativet til Pønskarlaget vart teke av Johan Fredrik Voss hausten 1903. Føremålet var å møtast ein gong i månaden på hybelen til ein av medlemene for å høyre og drøfte ei utgreiing om eit emne på nynorsk, eller landsmål, som var det vanlege namnet den tida. Målet var å verte betre i nynorsk fagspråk. Marius Hægstad hadde i 1899 vorte professor i landsmålet og dialektane. Men nynorsk vitskapleg ordtilfang var på denne tida lite utvikla.

Det første foredraget var om Per Sivle og vart halde på ein hybel i Pilestredet 47. Dei neste emna var Erik Pontoppidans Glossarium Norvagicum, forfattaren Jens Tvedt, den skotske diktaren Robert Burns og Aasmund Olavsson Vinjes Ferdaminne.

Dei første medlemene i laget var Johan Fredrik Voss, Leiv Heggstad, Severin Eskeland, Olav Skjerven, Albert Joleik og Peter Tennfjord. Men same året kom Olav Midttun, Knut Liestøl, Hans Kjæstad og Fredrik Wexelsen med. I 1911 hadde laget 17 medlemer, men berre rundt halvparten møtte kvar gong.

Frå 1911 til siste møtet 13. desember 1927 vart det ført ein uformell protokoll. Til saman er rundt 60 medlemer nemnde i protokollen i denne perioden.

Mange av «pønskarane» sette seinare spor etter seg i norsk samfunnsliv. Av dei som var innom laget det første tiåret, hadde i det 1940 vorte åtte professorar og fem rektorar på høgare skular eller lærarskular.

Pønskarlaget var først og fremst eit samtalelag der ein drøfta filologiske emne, men også mange praktiske tiltak i Studentmållaget, som hadde vorte skipa i 1900, vart planlagde der. Olav Midttun omtaler Pønskarlaget som ein «surdeig» i Studentmållaget.

Eit resultat av drøftingane i tidlege år var opplysningsskriftet «47 spørsmaal og svar om sprogstriden. En saglig utredning ved to filologer». Heftet vart gitt ut anonymt i 1909, men var ført i pennen av Didrik Arup Seip og Leiv Heggstad. Det kom i mange og store opplag. Riksmålsforbundet gav ut eit motskrift forfatta av professor Hjalmar Falk, og dei to anonyme forfattarane svara med «Smaa og store mænd omkring sprogstriden. En citatsprøite ved to filologer».

 

Kjelder

Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003

Einar Breidsvoll: Studentmaalaget i 20 aar. Oslo 1920

Olav Dalgard ofl. (red.): Studentmållaget 50 år. Oslo 1952

Pønskarlaget. Protokoll 6. februar 1911–13. desember 1927, Ms.8° 2453, Nasjonalbiblioteket

Ellen Rodvang: Sosial åpning – kulturell erobring. Målsak og målmenn ved Det Kongelige Frederiks Universitet, hovudoppgåve, Universitetet i Oslo 1999

Johan Fredrik Voss: «Pønskarlaget», Syn og Segn nr. 10/1940

Fredrik Wexelsen og Lars Reinton: «Or 'Pønskara saga'», Syn og Segn nr. 10/1958


Olav Midttun: Livsminne. Oslo 1971. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007071900018

 

Peikarar

Om Pønskarlaget i Syn og Segn 1940, nb.no

Om Pønskarlaget i Syn og Segn 1958, nb.no

«47 spørsmaal og svar om sprogstriden. En saglig utredning», nb.no

«Sma og store mænd omkring sprogstriden. En citatsprøite ved to filologer», nb.no

Først publisert: 08.05.2019
Sist oppdatert: 09.05.2019