Hopp til innhold
X
Innhald

Populisme

Ordet populisme kjem frå det latinske ordet for «folk» (populus). Populistar hevdar å tale folket si sak mot ein korrupt og røyndomsfjern elite.

Populisme er eit politisk tankesett som gjer skiljet mellom folket og eliten til ei overordna konfliktlinje i samfunnet. Folket og eliten er ifølgje dette tankesettet skilde grupper med motstridande verdiar og interesser. Populistar framstiller seg sjølve som folket sine sanne representantar og skuldar etablerte elitar for systematisk å motarbeide folkeviljen.

Populistiske politikarar er kjenneteikna av ein folkeleg retorikk som spelar på mistillit til rådande institusjonar. Dei stiller ofte krav om meir direkte demokrati, med fleire folkerøystingar og færre bindingar, og dei kritiserer politisk, kulturell og/eller økonomisk globalisering.

I norsk samanheng finn vi att desse trekka i så ulike parti som Framstegspartiet og Raudt. At parti både til høgre og til venstre kan vere populistiske, heng saman med at populismen i seg sjølv ikkje slår fast kva grupper i samfunnet som utgjer «folket» og «eliten», eller kva folket sin sanne vilje er. Her har ulike populistar ulike syn – ofte henta frå ein annan politisk ideologi, til dømes sosialisme, konservatisme eller nasjonalisme.

Venstrepopulistar som Evo Morales i Bolivia og Bernie Sanders i USA mobiliserer arbeidstakarar og andre marginaliserte grupper til kamp mot den økonomiske eliten eller «the one percent». Høgrepopulistar som Donald Trump i USA, Viktor Orbán i Ungarn og Jair Bolsonaro i Brasil har brodd mot «politisk korrekte» elitar i politikk og media, som dei meiner er i utakt med den «tause majoriteten» av vanlege folk. Andre populistar står meir fritt frå tradisjonelle ideologiar, til dømes femstjernerørsla i Italia.

Populismen byggjer på sentrale idear i demokratiet og kan ofte tene som demokratisk korrektiv i eit elitedominert politisk system. Førestillinga om «folket» som ei eintydig gruppe med éin vilje er likevel problematisk frå ein demokratisk ståstad. Folket er i røynda ei mengd ulike menneske med ulike meiningar, mål og verdiar, og denne pluralismen er ein viktig verdi i eit liberalt demokrati.

Få politikarar definerer seg sjølve som populistar, omgrepet blir oftast brukt av kritikarane. Eit unntak er det amerikanske populistpartiet rundt førre hundreårsskifte, som særleg mobiliserte folk på landsbygda. Dels inspirert av dette fanst det òg grupper i Noreg i 1960- og 70-åra som talte for populisme og var opptekne av distrikt og økologi. Denne retninga har likevel lite felles med det vi kallar populisme i dag.

 

Kjelder

Cas Mudde og Cristóbal Rovira Kaltwasser: Populisme. Omsett av Helle Sommerfelt, med forord av Anders Jupskås. Oslo 2019

Jan-Werner Müller: What Is Populism? Princeton 2016

 

Peikarar

Timbro: «Timbro Authoritarian Populism Index», populismindex.com

Limor Gultchin og Jordan Kyle: «Populists in Power Around the World», Tony Blair Institute for Global Change, institute.global

Jordan Kyle og Yascha Mounk: «The Populist Harm to Democracy: An Empirical Assessment», Tony Blair Institute for Global Change, institute.global


Sist oppdatert: 01.10.2019