Hopp til innhold

Pressemelding: Fylkesleksikonet i Sogn og Fjordane kjem heim

Vestland fylkeskommune tek over ansvaret for Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med om lag 7000 lokalhistoriske artiklar.

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har sidan 2001 vore ei digital formidlingsteneste med lokalhistorie i sentrum. Tenesta blei etablert og drifta av NRK Sogn og Fjordane fram til 2015. Då tok Allkunne, ei avdeling i stiftinga Nynorsk kultursentrum, ansvaret for å gjere innhaldet tilgjengeleg på sin nettstad.

Ein ny heim

Frå 2021 skal Nynorsk kultursentrum samarbeide med Store norske leksikon om meir nynorsk leksikoninnhald på snl.no, og Allkunne blir avvikla. Det var difor på tide å finne ein ny heim til dette lokalhistoriske innhaldet, og Vestland fylkeskommune var ein heilt naturleg arvtakar. Fylkesarkivet er no ein del av verksemda i seksjon arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

– Vi er svært glade for at Fylkesarkivet tek over Fylkesleksikonet, slik at folk framleis får tilgang til dette innhaldet, seier tidlegare Allkunne-redaktør Stina Aasen Lødemel.

Bevaring er førsteprioritet

Vestland fylkeskommune er  svært nøgd med denne løysinga. – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har i mange år formidla eit breitt spekter av lokalhistorisk stoff frå Sogn og Fjordane, og vi ser på det som ei naturleg oppgåve for oss å sikre at det rikhaldige og populære innhaldet frå denne historiske formidlingstenesta blir bevart for ettertida, seier fagleiar Elin Storøstevik.

Brukarar av Fylkesarkivet vil i første omgang møte ein arkivversjon av leksikonet som er gjort tilgjengeleg for ålmenta. Sidan artiklane berre har blitt sporadisk oppdaterte, og det kan vere vanskeleg å spore kjeldene, må artiklane lesast med dette i mente.

Stor breidde

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane inneheld artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna.

– Vi veit at mange bruker Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Artiklane er til glede og nytte for mange lesarar. Vi er glade for at leksikonet no kjem heim til Sogn og Fjordane, og heim til eit breitt lokal- og regionalhistorisk miljø. No blir stoffet utvikla til det beste for lesarane, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Først publisert: 05.02.2021
Sist oppdatert: 05.02.2021