Hopp til innhold
X
Innhald

Programmering

Programmering er å førebu eit sett med instruksjonar (kode) for ei datamaskin. Til det bruker ein oftast skriftlege programmeringsspråk, men visuelle, blokkbaserte språk blir stadig meir populære innanfor undervisning og spelutvikling.

Ei elektronisk datamaskin kan eigentleg berre forstå 0 (straum av) og 1 (straum på), også kalla binærkode. Å programmere direkte med ein slik kode er uhandterleg for dei fleste menneske, så programmerarar skriv oftast kommandoar i eit programmeringsspråk som ligg nært opp til menneskespråk, vanlegvis engelsk. Slike program blir forma om (kompilert) til binærkode, gjennom eitt eller fleire trinn, så datamaskiner kan køyre dei på utrekningseininga si, som blir kalla prosessor.

Opphavleg måtte program spesialskrivast for maskina som dei skulle køyre på. Dette blir kalla lågnivåspråk og ligg nært opp til kommandoane som prosessoren køyrer. Døme er assemblerspråk, C og C++. Etter kvart har høgnivåspråk som Java, Python og C# kome til. Desse språka ligg nært opp til engelsk skriftspråk og blir støtta i dei fleste vanlege operativsystema. Større program blir ofte delte opp i funksjonar, sett med instruksjonar som kan kalle på kvarandre.

Visuell, blokkbasert programmering er dei siste åra blitt stadig vanlegare innanfor undervisning og spelutvikling. I slike språk organiserer ein instruksjonane i blokkar/nodar i ein flytdiagram for å modellere programflyten. Dette har gjort programmering meir tilgjengeleg for barn og vaksne utan teknisk erfaring. Scratch er døme på eit visuelt språk som blir brukt til å lære programmering. Spelmotoren Unreal Engine har språket Blueprint, som gjer det lett for speldesignarar med lite teknisk bakgrunn å programmere. For konkurrenten Unity har ein fleire utvidingar for dette formålet, mellom anna PlayMaker.


Kjelder

EDUCBA: «High level languages vs Low level languages (Infographics)», educba.com, publisert 2016: https://www.educba.com/high-level-languages-vs-low-level-languages/ [lesedato 23.10.2019]

Aman Goel: «What is Programming?», hackr.io, oppdatert 14.1.2020: https://hackr.io/blog/what-is-programming [lesedato 21.10.2019]

Merriam-Webster: «programming», merriam-webster.com: https://www.merriam-webster.com/dictionary/programming [lesedato 21.10.2019]

 

Peikarar

Høgskolen i Østfold: Kurs om programmering i skulen, hiof.instructure.com

Oracle: Dokumentasjon av programmeringsspråket Java, docs.oracle.com

Python: Dokumentasjon av programmeringsspråket Python, docs.python.org

Microsoft: dokumentasjon av programmeringsspråket C#, docs.microsoft.com

Scratch: Offisiell nettstad for programmeringsspråket scratch, scratch.mit.edu

Unreal Engine: Dokumentasjon av programmeringsspråket Blueprint, docs.unrealengine.com

Hutong Games: Offisiell nettstad for programmeringsspråket PlayMaker, hutonggames.com

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 16.01.2020