Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Ragnhild Sælthun Fjørtoft, programmedarbeidar og programvert i NRK i 45 år, frå 1969 til ho gjekk av med pensjon i 2014. Ho har vore ein tydeleg og konsekvent brukar av nynorsk i riksmedia.

Ragnhild Sælthun Fjørtoft er fødd 9. juni 1947 i Lærdal i Sogn og Fjordane. Ho gjekk på Firda gymnas i 1963–66 og tok treårig lærarskule i Tønsberg (no Høgskolen i Vestfold). I 1968–69 var Sælthun Fjørtoft riksinstruktør for fråhaldsorganisasjonen NSUA (Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund), og i 1969 begynte ho i NRK. Der arbeidde ho mellom anna som produsent, omsetjar, programleiar og programvert til 2014 og var heile tida oppteken av språkbruk og språkrøkt. I 2015 var ho forteljarstemma i serien Bygd reis deg på TV2, ein dokumentarserie om Lærdal etter den store brannen i 2014. 

(Artikkelen held fram under videoen)

 

Video: Ragnhild Sælthun Fjørtoft, 1972. NRK

I 2002 gav Sælthun Fjørtoft ut Under bergfall, ei samling av dei kjæraste dikta hennar. Ho var medlem av forbundsstyret til NSUA i 1969–70, og ho har òg vore styremedlem i mellom annan UNICEF Norge, Strømmestiftelsen, FORUT – solidaritetsaksjon for utvikling, nestleiar i Antislaveriselskapet og leiar for foreininga Venner av Det Norske Teatret.

Sælthun Fjørtoft har òg vore leiar for språkarbeidet i NRK og har fått fleire prisar for den sikre bruken sin av nynorsk, mellom anna Kringkastingsprisen i 1994, Storegutprisen i 2004, heidersprisen under utdelinga av Gullruten i 2006 og Kringkastingssjefens språkpris for 2010. Fjørtoft fekk Kongens fortenestemedalje i 2014.

 

Video: Ragnhild Sælthun Fjørtoft takkar for helsingar i samband med at ho slutta som programmedarbeidar og programvert i NRK etter 45 år, 2014. NRK

Kjelder

Viggo Valle: «Ragnhild Sælthun Fjørtoft», nrk.nohttp://www.nrk.no/programmer/radio/stjerneklart/1.7906710 [lesedato 3.6.2014]

Video-kjelder

Ragnhild Sælthun Fjørtoft, 1972. NRK.no: http://www.nrk.no/video/ragnhild_saelthun_fjortoft_1972/8C643DC804069C9C/ [lesedato 6.6.2014]

Ragnhild Sælthun Fjørtoft takkar for helsingar i samband med at ho slutta som programmedarbeidar og programvert i NRK etter 45 år, 2014. NRK.no: http://www.nrk.no/video/rort_ragnhild_ragnhild_saelthun_fjortoft_takker_for_hilsener/7F85283C8461AC40/ [lesedato 6.6.2014]

Peikarar

«I kveld tar hun farvel som "hallodame"», nrk.no

«'Hallo'-Ragnhild slutter på skjermen», vg.no

«Sjå arbeidsplassen til kanalvertinna», nrk.no

«Fekk språkpris av sjefen sin», nrk.no

«Dikt for sjåarane», dagbladet.no

Ragnhild Sælthun Fjørtoft: «Takk, NSUA», fmr.no

«Rørt TV-Ragnhild ble overrasket med medalje», nrk.no


Først publisert: 06.06.2014
Sist oppdatert: 19.09.2018