Ranka Knudsen var ein norsk skodespelar og forfattar. Ho opptredde på dei store scenene og på småstader landet rundt, og skreiv også bøker og skodespel i ulike sjangrar.
Ranka Knudsen var fødd i Trondheim. Ho debuterte som skodespelar ved Trøndelag Teater i 1907, som Dina Dorf i Samfundets Støtter. I 1908 spela ho i Kjærlighetens komedie. Begge stykka stod på repertoaret til den nystifta Nasjonalturneen. Då Det Norske Teatret vart etablert i 1913, var ho med i opningsframsyninga og var tilsett ved teateret til 1918. Sist i trettiåra spela ho mor Aase i Peer Gynt og mor til Brand i Brand ved Trøndelag Teater.
I 1913 debuterte Knudsen som forfattar med romanen Drude Helmers ekteskap, ei av dei første bøkene i Noreg med homofili som tema. På tjuetalet skreiv ho historiske forteljingar frå vikingtida og svartedauden, på trettitalet kom dei fire bøkene om Uroa, ei foreldrelaus jente med utforskar- og sjølvstendetrong.
Ho kombinerte evnene som skodespelar og forfattar ved å skrive for scena. I 1919 sette ho opp Arne Vangen på Det Norske Teatret, i 1922 I det Herrens år på Trøndelag Teater. Begge stykka hadde ho skrive sjølv. Dei historiske kunnskapane kom til synes då ho var regissør for Olav den heilage, som vart spela på Stiklestad, og i Einar Tambarskjelve, som samla tusenvis av tilskodarar på Gimle i Melhus.
Knudsen var kunstnarleg allsidig og aktiv gjennom fleire tiår. Ho var diktopplesar og instruktør for amatørteater på bygdene, turnerte frå sør til nord med einkvinneteateret sitt og var «tante Ranka» i barnetimesendingar frå Trøndelag. I 1960 gjesta ho Oslo med Anne Pedersdotter, der ho spela alle rollene åleine.
Som forfattar brukte ho namnet Ranka Knudsen, som skodespelar Ranka Samuelsen, med ektemannen sitt etternamn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.