Hopp til innhold
Rasmus Løland
Rasmus Løland
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Aasen-tunet
X
Innhald

Rasmus Løland

Rasmus Løland, forfattar, journalist, nynorskaktivist og fritenkjar. Løland skreiv fleire gode barnebøker og var ein engasjert forkjempar for det nynorske språket.

Rasmus Løland var fødd i Sand kommune (i dag Suldal kommune) 21. eller 24. mai 1861 og døydde av tuberkulose i Asker 12. oktober 1907. Han voks opp i ein velståande, seinhaugiansk familie som òg var sterkt prega av kampen for parlamentarisme og allmenn røysterett og kampen mot unionen. Det var ein litteraturlesande og avislesande heim, som dessutan tok tidleg standpunkt for landsmålet.

I over ti år stod livet hans mest stilt i kampen mot psykisk og psykosomatisk sjukdom, kombinert med ei årelang gjennomarbeiding av den kristne trua. Samstundes var dette ein periode då han arbeidde med ideane sine og skreiv dei første versjonane av dei tidlege bøkene sine.

Løland debuterte i 1891 med novellesamlinga Folkeliv. Den første barneboka hans var Paa sjølvstyr (1892), og etter kvart vart han den første norske forfattaren som produserte ein omfattande realistisk litteratur for born. Han gav i alt ut 30 bøker. I tillegg til barnebøkene var det vaksenbøker, omsetjingar, eventyrsamlingar og skodespel. Han flytta frå Sand til Oslo permanent i 1897. Frå 1903 budde han i Asker, som næraste nabo og ven til ekteparet Garborg.

Barnebokforfattaren

Boka Paa sjølvstyr profilerte Løland både som barnepsykolog og sosialrealist. Han skreiv naturleg og usentimentalt frå borna sin ståstad og såg verda med deira auge. Dette var radikalt i ei tid der barnelitteraturen primært skulle fremje moralske og oppsedande verdiar.

Men Løland si tilnærminga til barnet gjekk igjennom ulike fasar. Etter den sosialpolitiske Paa sjølvstyr kom ein mellomfase på eit individualiserande og meir moraliserande plan med Ungar (1892), Kort vart det av jola? (1894) og Smaagutar (1897). I den siste fasen introduserte bøkene Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906) barndom som tema i norsk litteraturhistorie.

I 1897 la Løland fram sitt eige program for barnelesnad. For det første måtte ein skrive eit språk som gjorde lesinga lett for barnet. For det andre måtte ein skrive naturleg og direkte. Det tredje var at ein eventuell moral måtte kome naturleg fram i det ein fortalde, og ikkje vere utanpåhengd. Åra 1902–07 var Løland redaktør i Norsk Barneblad. Han har inspirert mange barnebokforfattarar fram til i dag.

Utdrag frå Kvitebjørnen av Rasmus Løland
Og bjørnen voks og voks så et gjekk monaleg fram. Han kunne nok ikkje stå heilt fritt på fire føter, når han skulle vera så stor og vera hol innvendig, han måtte stå nedpå med heile bulen. Men dei laga greie føter i alle fire kantane på han, og hovud og hals og rygg og rumpe var alt som på ein skikkeleg bjørn. Han fekk svarte augo og naseborer av kol. Kjeften stod på vidt gap, og det låg ei diger tunge inni. Og han stod så høgt med hovudet at dei måtte stå oppå ein høg stabbe då dei skulle få det til.

Utdrag frå Rasmus Løland: Kvitebjørnen. Det Norske Samlaget 1999 (modernisert utgåve). Først gitt ut i 1906 på Gyldendalske Boghandel / Nordisk Forlag. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Samfunnsengasjement

Straks han kom ut av dei verste sjukdomsplagene, tidleg i 1890-åra, trappa Løland opp samfunnsengasjementet sitt. Det var venstresak, fredssak, ungdomssak og ikkje minst målsak. Den smålåtne Løland var ingen talar, men gjorde det godt i avisspaltene. Frå 1896 hadde han den journalistiske arenaen sin i avisa Den 17de Mai. Der skreiv han om alt som rørte seg i tida, men hovudsakene var målsaka, kampen for allmenn røysterett, arbeidet mot unionen og – etter kvart – kampen for den frie tanken. I Kristiania var han ein av initiativtakarane og ein viktig pådrivar bak det såkalla «Røelaget», eit uformelt målpolitisk forum der sentrale folk i nynorskrørsla diskuterte både ideologi og strategi. Han spela ei viktig rolle som styremedlem i det radikale ungdomslaget «Fram», og han var ein viktig pådrivar bak den nynorske teaterrørsla.

Då han døydde, var han nyleg vald inn som styremedlem i Den norske Forfatterforening, og han var med i redaksjonen for tidsskriftet Syn og Segn.

Kritikk av kristendomen og bygda

I møtet med darwinismen og vitskapen i den nye tida kom Løland til å utvikle seg frå ein from ung mann til fritenkjar og darwinist. Engasjementet hans for den frie tanken resulterte mellom anna i vaksenbøkene Aasmund Aarak (1902) og Umskifte (1904). Dette var bøker som sette han i utakt med folk flest både i landsmålsrørsla og i ungdomslagsrørsla, og bøkene vart for ein stor del boikotta. Miljøa hans på denne tida var mest opptekne av nasjonale og kultur-kristelege spørsmål. Umskifte går òg kritisk inn på bygdelivet som vart dyrka på denne tida.

På same tid prøvde han å få gitt ut den underfundige, eksistens-pessimistiske boka Hundrad aar. Ho kom først i 1910, tre år etter at han var død. Boka varsla ei ny retning i forfattarskapen hans, på same måten som det alt hadde kome ein del bøker som burde fri han frå merkelappen heimstaddiktar.

Kjelder

Ernst Berge Drange: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007

Harald Bache-Wiig: Frisetting av barndommen. Rasmus Løland som barnebokforfatter. Oslo 2000

Peikarar

Om Rasmus Løland på Forfattarnettet sine nettsider

Vidare lesing

Bache-Wiig, Harald: Frisetting av barndommen: Rasmus Løland som barnebokforfatter, 2000

Drange, Ernst Berge: Rasmus Løland : barnebokpioneren frå Ryfylke, 2007

Midttun, Olav: Rasmus Løland, 1961

Norsk biografisk leksikon 2. utg.

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 27.05.2010
Sist oppdatert: 16.08.2018