Hopp til innhold
X
Innhald

Regine Normann

Serine Regine Normann, lærar, forfattar og eventyrforteljar, første kvinne med nordnorsk bakgrunn som vann anerkjenning i den nasjonale litteraturen.

Regine Normann var fødd i Bø i Vesterålen 29. juli 1867 og døydde i Skånland i Troms 14. august 1939. I 1894 drog ho til Oslo, tok lærareksamen i 1897 og praktiserte deretter som folkeskulelærar i byen til ho gjekk av med pensjon. Parallelt med lærargjerninga skreiv ho bøker. I debutromanen Krabvaag, frå 1905, er handlinga lagd til attkjennelege stader på nordlandskysten. Kritikarane var begeistra, og boka vart omtalt i eit 50-tals aviser. I 1925 vart ho omsett til tysk.

Normann skreiv til saman 18 bøker, dei fleste med nordlandsk motivbakgrunn, formidla på riksmål, men med hyppige innslag av vesterålsk talemål. I byrjinga av forfattarskapen teiknar ho eit mørkt bilete av landskap og levekår, noko som braut med den idylliserande måten å skildre landsdelen på. Rundt 1920 er den sosialrealistiske stilen erstatta med eventyr og tradisjonsstoff. Oppveksten hadde gitt henne førstehands kjennskap til nordnorske forteljingar, og ho brukte den munnlege overleveringa som utgangspunkt for å dikte vidare. Eventyr (1925) og Nye Eventyr (1926) stadfesta Normann sitt ry som eminent forteljar og er omsett til fleire språk. I 1967 vart eventyra gitt ut samla under tittelen Ringelihorn.

Normann var i 19 år styremedlem i Den norske forfattarforeining og i 21 år medlem av ein offentleg komité som arbeidde for skuleboksamlingar.

Ho vart heidra med Pegasus-ordenen av Forfattarforeininga i 1928, Petter Dass-medaljen i 1932 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1937.

Kjelder

Hans Henrik Jensen: «Nord-Norge i Regine Normanns diktning», i Liv Helene Willumsen (red.): Regine Normann i hundre år, Eureka nr. 4/2005, side 245–266, digital utgåve: http://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/3254/book.pdf?sequence=1 [lesedato 1.9.2015]

Liv Helene Willumsen: «Regine Normann», Norsk biografisk leksikon, henta frå snl.no https://nbl.snl.no/Regine_Normann [lesedato 30.8.2015]

Liv Helene Willumsen: «Regine Normann – Nordlandets Forfatterinne», reginenormann.no: http://reginenormann.no/biografi/ [lesedato 30.8.2015]

Peikarar

Stiftelsen Regine Normann

Først publisert: 27.01.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016