Hopp til innhold
X
Innhald

Pagode

Pagode kjem frå ordet bhagavatti i sanskrit, som tyder heilagt hus. Ein pagode er eit frittståande tempel i India, Thailand, Myanmar, Kina og Japan. Forma går attende til den halvkule- eller halvklokkeforma indiske stupaen. Den mest elegante forma fekk pagodar i Kina og Japan på 600-talet.
 
Japansk pagode. Foto: bigweasel, flickr.com CC BY 2.0
 
Japansk pagode. Foto: bigweasel, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 12.05.2014