Hopp til innhold
X
Innhald

Shinto-religionen

Shinto-religionen har opphav i det japanske ordet shinto, som kjem frå det kinesiske shen-tao, gudevegen, og er namnet på den japanske nasjonalreligionen som òg er den opphavlege religionen i landet.
Kulten av makter i naturen, kami, står sentralt. Det finst mange ulike typer av kami, mellom anna kan døde slektningar verte til kami, då vert det kalla ujigami - slekstånder.
Shinto er påverka av buddhisme og konfusianisme. I dag praktiserer ein del shinto og buddhisme under eitt.
 
Foto: Jesslee Cuizon, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014