Hopp til innhold
X
Innhald

Soldyrking

Soldyrking som inneber å dyrke sola som ein gud, er kjend frå mange religionar. I Egypt i oldtida var Ra og Amon solgudar. Soldyrking skjedde òg i Mesopotamia. I gamalindisk og gamalpersisk religion var Mithra solgud, og Mithra-dyrkinga vart seinare populær i Romarriket.
I Noreg vitnar solkors på helleristingar om soldyrking alt i bronsealderen. I Hellas i oldtida var Helios solgud, men Foibos, "den lysande", må òg opphavleg ha vore ein solgud. Soldyrking var utbreidd i jordbrukskulturane i Mellom- og Sør-Amerika i tida før europearane kom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014