Hopp til innhold
X
Innhald

Zoroastrisme

Zoroastrisme er namnet på ein gamalpersisk religion, grunnlagd av Zarathustra, som truleg levde i det 6. hundreåret f.Kr. Den høgaste guden er Ahura Mazda, som verkar gjennom eit godt og eit vondt prinsipp. Desse ligg i stadig kamp med kvarandre gjennom dei fire store periodane: gull-, sølv-, kopar- og jarnalderen. Til slutt skal verda gå under og ei ny oppstå. Sjå parsarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.05.2014