Hopp til innhold
X
Innhald

Buddhismen

Buddhismen er ein verdsreligion grunnlagd av den indiske prinsen Siddhartha Gotama med ærestittelen Buddha, etter tradisjonen i åra 565–485. Buddhismen har mellom 600 og 700 millionar tilhengjarar totalt.
 

Buddhismen er ein verdsreligion grunnlagd av den indiske prinsen Siddhartha Gotama med ærestittelen Buddha, etter tradisjonen i åra 565–485.
Buddha. Foto: Merlijn Hoek, flickr.com CC BY 2.0
 
Sentralt i læra står Buddha og "oppvakinga" hans, det vil seie erkjenninga av "Dei fire edle sanningane": 1. Sanninga om lidinga. 2. Sanninga om opphavet til lidinga. 3. Sanninga om stoppinga av lidinga. 4. Sanninga om vegen til stoppinga av lidinga.
Buddhismen vart utbreidd av munkeordenen, og religionssamfunnet delte seg i to hovudretningar: Den tidlege buddhismen var sett saman av fleire skular, ein av desse finst framleis og vert kalla theravada, læra til dei eldste. Theravada er utbreidd i Sri Lanka, Thailand, Kambodsja og Myanmar. Den austlege retninga, mahayana, den store vogna, spreidde seg til Kina, Japan, Korea, Nepal, Tibet, Mongolia, Vietnam og Laos.
Buddhistiske munkar ved Pashupatinath-tempelet i Kathmandu, Nepal. Foto: 
Mike Behnken flickr.com CC BY 2.0
Buddhistiske munkar ved Pashupatinath-tempelet i Kathmandu, Nepal. Foto:
Mike Behnken flickr.com CC BY 2.0
 
 
Det buddhistiske tempelet i Dambulla, Sri Lanka. Foto Marco Lazzaroni flickr.com CC BY 2 0.
Det buddhistiske tempelet i Dambulla, Sri Lanka. Foto Marco Lazzaroni flickr.com CC BY 2 0.
Sentralt i buddhismen er gjenføding og mennesket i endring. Livet ein lever her og no, er eit resultat av handlingar i tidlegare liv (karma). Ved å gjere gode gjerningar i livet du lever no, vil du arbeide mot målet om nirvana, ein tilstand der begjær og illusjon ikkje finst. Når ein har nådd nirvana, vert ein ikkje fødd på ny.

Ikkje-vald er viktig i buddhismen og trua på at alt liv har ein eigenverdi. Klosterliv, bøner, pilgrimsreiser og andre ritualar er viktige.
I dei siste hundre åra har buddhistar drive aktiv misjon i Vesten, og buddhistiske organisasjonar finst i dei fleste europeiske landa, òg i Noreg. Tal frå 2013 syner at buddhismen har mellom 600 og 700 millionar tilhengjarar totalt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2014
Sist oppdatert: 25.08.2014