Hopp til innhold
X
Innhald

Blokksberg

Blokksberg kjem frå det tyske Blocksberg, fjell der heksene møttest til fest særleg Valborgsnatta, på tysk Walpurgisnacht, natta til 1. mai, som svarar til skjærtorsdagsnatta i nordisk folketru. Namnet er ei folkeleg forvansking av Brocken i Harz.
 
I norsk tradisjon svarar Blokksberg til Blåkollen eller Lyderhorn, i Sverige til Blåkulla.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 17.01.2014