Hopp til innhold
X
Innhald

Bøygen

Bøygen, "den bøygde", er i nordisk folketru eit stort troll i ormevesen som legg seg på tverke for folk. Det norrøne ordet baugr, ring, er ei poetisk omskriving av orm.
Bøygen er særleg knytt til segnene om storskyttaren Per Gynt frå Gudbrandsdalen. Ibsen brukte namnet symbolsk i skodespelet Peer Gynt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.01.2014