Grensesteinen mellom Strinda og Trondheim frå 1864.
Grensesteinen mellom Strinda og Trondheim frå 1864. I følgje folketrua fekk den som flytta eller fjerna grensesteinar mellom eigedomar ikkje fred i grava.
Av /Trondheim Byarkiv.
Lisens: CC BY 2.0

Deildegast var i norsk folketru ein gjengangar etter ein mann som i levande live hadde flytta eller fjerna grensesteinar mellom eigedomar. Å endre eigedomsgrenser blei rekna som eit alvorleg brotsverk.

Faktaboks

Uttale
dˈeildegast
Etymologi
av norrønt deild = deling, skiljestein
Også kjend som

deild

Straffa for brotsverket var at den skuldige ikkje fekk fred i grava. Etter døden måtte tjuven prøve å gjere det godt att ved å lyfte steinen tilbake på rett plass. Tradisjonen fortel at folk kunne høyre latter og skratt medan deildegasten arbeidde med steinen, etterfølgt av fryktelege skrik når steinen glapp mellom henda hans. Det einaste håpet om fred etter døden var at nokon hjelpte han med å setje steinen på plass att. Fekk han inga hjelp, blei han verande attergangar heilt til dommedag.

Segner om deildegasten er mest vanleg i dei gamle sjølveigarområda, Vestlandet, Agder og Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bø, Olav (1957): "Deildegasten". I Norveg 5.
  • Hodne, Ørnulf (1995): Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo: Cappelen. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hodne, Ørnulf (2011): Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo: Cappelen Damm

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg