Hopp til innhold
X
Innhald

Demon

Demon kjem frå det greske ordet daimon, som opphavleg er ein gud eller guddom, og vart til dels brukt om fylgjet til einskildmennesket, det romerske genius, dels om åndene til dei som er døde.
Ordet fekk seinare tydinga vond ånd, mellom anna i Det nye testamentet, og vert brukt slik i dag. Å vere demonisk vil seie å vere besett av ei vond ånd med vond kraft.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 17.01.2014