Hopp til innhold
X
Innhald

Mare

Mare, i folketrua som oftast ein kvinneleg kveledemon som framkalla vonde draumar og trykk over brystet når ho reid eit menneske eller dyr (jf. mareritt).

Mara kunne vere ei møykjerring som gjekk att og plaga folk, ho kunne vere ei eldre ugift kvinne, men ho kunne òg ha ein dyreliknande skapnad.

Diktaren Ludvig Holberg skriv i sin «Lifs og Lefneds Beskrifuelse» frå 1702 at då han kom til prestegarden på Voss for å arbeide som huslærar, var han svært plaga av mara. For å få bukt med plaga la han stål under hovudputa, las mareverset og sette skorne sine slik at dei vende ut frå senga.

Kjelder

Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987

Ørnulf Hodne: Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo 2011

Peikarar

Segner om mara, Norsk folkeminnesamling

Først publisert: 05.03.2014
Sist oppdatert: 26.10.2016