Hopp til innhold
X
Innhald

Nisse

Nisse (tuftefolk eller tomte, av tuft, tomt = grunn som det er bygd hus på), i nordisk folketru eit overnaturleg vesen som held til på eller ved ein gard.

I norsk tradisjon finn vi òg namn som tusse, gardvord, gardsbonde, tunkall, tuftekall, tunvord, rudkall, vergen og haugebonde. Nemningane viser delvis til den som budde på og rådde over det jordstykket der garden var bygd, eller til den som opphavleg rydda garden og blei gravlagd i nærleiken av han. Forteljingane om nissen viser klare fellestrekk i skildringane av han. Nissen var ein kortvaksen gamal mannsperson som var kledd i gamle, grå vadmålsklede, knebukser, sid trøye og raud topplue. Han var lòden over heile kroppen og urimeleg sterk i høve til storleiken. Eit anna fellestrekk er skildringane av det lunefulle temperamentet til nissen. Han kunne vere venleg og omsorgsfull, men òg vondskapsfull, utspekulert og hissig. Ofte fortel segnene om nissar som barkar saman i slagsmål fordi ein av dei stel korn frå ein annan gard.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jule- og nyttårskort frå 1890, teikna av Erik Werenskiold. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri).

Jule- og nyttårskort frå 1890, teikna av Erik Werenskiold. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri).

Nissen heldt gjerne til i fjøset eller stallen. Her stelte han husdyra og hadde ein spesiell omtanke for hestane. Derfor blir han gjerne framstilt som ein medhjelpar for menneska på garden. Nissen fôrar dyra, vaskar og ryddar, men er òg den som kan stelle i stand ugagn dersom han opplever seg urettferdig behandla. Når menneska behandla han med respekt, viste nissen respekt tilbake. Måtar å vise respekt på var å la ei seng i huset stå tom, slik at nissen kunne bruke henne, eller ein kunne setje ut ein rikeleg porsjon med graut med smørauge. I norsk folketru er nissen altså eit sosialt vesen og ein del av gardsfellesskapen, og han lever i meir eller mindre harmoni med menneska.

(Artikkelen held fram under biletet)

Julekort frå 1908 med teksten «Hilsen fra Christiania». Ukjent illustratør. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri).

Julekort frå 1908 med teksten «Hilsen fra Christiania». Ukjent illustratør. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri).

I norsk tradisjon blir opphavet til nissen forklart med bibelske referansar, særleg skapingsforteljinga. Felles for forteljingane er forklaringar på kvifor nissane har enda opp i ei verd som er parallell til menneskeverda, dømde til eit liv i skuggen. Ei forklaring er at dei underjordiske er falne englar som har halde seg til Lucifer og dermed er blitt utstøytte. Den vanlegaste opphavsforteljinga handlar om borna til Adam og Eva. Ein dag såg Eva at Vårherre kom vandrande mot heimen deira, og ho skunda seg å stelle borna, slik at dei skulle møte han flidde og reine. Ho rakk ikkje å stelle alle, og dei ustelte gøymde ho derfor unna. Då Vårherre kom og fekk sjå borna, spurde han om dette var alle borna ho hadde. Eva svarte ja. Då sa han: «Det som er gøymt for Vårherre, skal vere gøymt også for mennesket.» Slik blei dei bortgøymde borna stamfedrane til dei underjordiske og på Guds befaling gjorde usynlege for menneska.

Innsamlinga av folkeminne på 1800-talet gjorde nissefiguren meir stereotyp. Gjennom litterære og biletlege framstillingar blir han særleg knytt til julefeiringa og blir tillagt eigenskapar i tråd med nasjonalromantiske idear om den norske folkesjela. Julekortillustrasjonane som blei populære i Noreg i 1880-åra, har sin del av æra for at nissen først og fremst er blitt ein julenisse, sjølv om han aldri har konkurrert med den meir storvaksne julenissen om gåveutdelinga.

Wilhelm Larsen teikna det første norske nissekortet i 1883. Her framstilte han ein smilande nisse som ønskjer alle «glædelig jul». Den skøyaraktige nissen er likevel til stades, for i handa har nissen ein ferdiglaga snøball som han er klar til å kaste.

Julekort frå 1917 laga av kunstnaren Christian Magnus. Foto: Nasjonalbiblioteket (Ingen kjente restriksjonar / falle i det fri).

Julekort frå 1917 laga av kunstnaren Christian Magnus. Foto: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions, public domain).


Kjelder
Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987
Ørnulf Hodne: Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo 1995
Ørnulf Hodne: Norsk folketro. Oslo 1999

Ane Ohrvik: Nisser. Fra helgen til sinnatagg. Oslo 2004

Peikarar

Segner om nissen som blir med på flyttelasset, Norsk folkeminnesamling

Først publisert: 05.03.2014
Sist oppdatert: 27.11.2017