Hopp til innhold
X
Innhald

Oberon

Oberon er ein segnfigur, alvekongen som var gift med Titania. Han vert òg kalla Alberich (i germanske segner) eller Albernon og Auberon i gamle franske segner.
Hos Shakespeare opptrer Oberon mellom anna i En midtsommernattsdrøm. Oberon er òg namnet på ein romantisk opera av Karl-Maria von Weber.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.01.2014