Hopp til innhold
X
Innhald

Oskorei

Oskorei, etter norsk folketru eit følgje av daudingar eller vette som rir gjennom lufta.

Den norske tradisjonen om oskoreia er samansett og fleirtydig. Fellestrekka er førestillingane om eit skramlande og støyande følgje av farlege attergangarar som kom om natta og utgjorde ein trussel for folk, særleg ved juletider (julereia). Oskoreia kunne rive med seg menneske på den ville ferda. Mange segner fortel om personar som brått er langt frå heimstaden sin etter å ha blitt tekne med på eit ritt gjennom lufta og sleppte ned på ein framand stad. Hestar kunne òg bli bortførte og ridde i senk av oskoreia. Då fann ein dei skumsveitte og skjelvande på stallen dagen etter. Som vern sette ein eit stykke skarpt stål over dørene og rissa inn ein kross med krit eller tjøre.
Førestillingane om oskoreia har vore gjenstand for ulike fortolkingar i kunsten, som berre delvis følgjer tradisjonen. Ei av dei meir kjende fortolkingane finn vi i diktet «Asgaardsreien» (frå Nyere Digte, 1844) av Johan Sebastian Welhaven (1807–1873). Her er tre av strofene:
Lydt gjennem Luften i Natten farer
et Tog paa skummende sorte Heste.
I Stormgang drage de vilde Skarer.
de have kun Skyer til Fodefæste.
Det gaaer over Dal, over Vang og Hei,
gjennem Mulm og Veir; de endse det ei.
Vandreren kaster sig ræd paa Veien.
Hør hvilket Gny – det er Asgaardsreien!
Asgaardsreien i Fylking rider
ved Høst og Vinter i barske Nætter,
men helst den færdes ved Juletider;
da holder den Fest hos Trolde og Jetter,
da stryger den lavt over Eng og Sti
og farer den larmende Bygd forbi –
da vogt dig Bonde, hold Skik og Orden;
thi Asgaardsreien er snart ved Gaarden!
Naar Øllet virker i Bjælkestuen
og vækker de hedenske Juleskikke,
og Ilden kaster sit Skin fra Gruen
paa svingede Knive og vilde Blikke,
da gaaer der et Gys gjennem Tumlen tidt;
da høres de natlige Skarers Ridt,
da knager Væggen, da dandser Kruset;
thi Asgaardsreien slaaer Kreds om Huset.
Welhavens dikt var truleg også ein viktig inspirasjon då Peter Nicolai Arbo (1831–1892) måla biletet «Aasgaardsreien» i 1872. Måleriet blir rekna som hovudverket hans.
                  
På bokmål kan det heite både oskorei og åsgårdsrei.
Kjelder                                                                                                                                                   
Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987
Ørnulf Hodne: Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo 2011
Ørnulf Hodne: Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo 1995
Peikarar
Johan Sebastian Welhavens dikt «Asgaardsreien»                                                                                                                                                                                                                        

Først publisert: 05.03.2014
Sist oppdatert: 05.03.2014