Hopp til innhold
X
Innhald

Seid

Seid kjem av det norrøne ordet seiðr, som tyder magi, trolldom i førkristen tid i Norden. Seid vert ofte omtalt i sagaene, men ein veit lite om korleis seiden vart praktisert. Odin var seideguddomen, men det var elles vanærande for ein mann å drive med seid. Det var for seidkjerringar og seidkoner. Å seide er å drive med trolldom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.01.2014