Kvinner pyntar utanfor huset for feiring av divali.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ei teikning frå Kangra i India frå omkring 1800. Illustrasjonen viser hinduguden Ganesha som ein indisk herskar, sitjande på eit kostbart teppe med eit telt over. Øvst til venstre er Ganeshas far Shiva, og øvst til høgre er mor hans Parvati. Guden Vishnu ser vi nedst til venstre. Skikkelsen nedst til høgre førestiller kanskje forfattaren av teksten som biletet kan ha illustrert.

Hinduisme er eit samlenamn som blir brukt om eit mangfald av religiøse tradisjonar, idear og praksisar som har oppstått på det indiske subkontinentet over fleire tusen år.

Faktaboks

Uttale

hindu-i´sme

Hinduisme oppstod ikkje til ein tid eller på ein stad, har ingen stiftar, ingen trusartiklar eller fast organisert leiarskap. Mange av dei tradisjonane hinduisme er samansett av, har likevel både stiftarar, ei einskapleg lære, autoritative tekstar og sterke organisasjonar.

Andre religionar som har oppstått i Indiajainismen, buddhismen og sikhismen – har andre stiftarar, tekstar, trusartiklar og leiarskapar enn dei religiøse organisasjonane som blir omfatta av nemninga hinduisme.

Mange av retningane innanfor hinduismen har enkelte grunnleggjande førestillingar til felles med resten av dei indiske religionane. Dette gjeld først og fremst førestillinga om gjenfødsel og karma, og at det endelege målet for det religiøse livet er å frigjere seg frå den evige rundgangen med å bli fødd på ny.

Utbreiing

I 2023 omfattar hinduismen rundt 1,2 milliardar menneske, og hinduar utgjer rundt 15 prosent av befolkninga i verda. Hinduismen er framleis mest utbreidd på det indiske subkontinentet. I India er hinduismen den dominerande religionen, og rundt 80 prosent av befolkninga på 1,4 milliardar er hinduar. Det same er tilfellet i Nepal, der om lag 81 prosent er hinduar. Hinduismen har òg stor utbreiing på Sri Lanka (12 prosent) og i Bangladesh (9 prosent).

Elles finst hinduismen overalt der indarar har utvandra. Det vil seie at det no bur hinduar i dei fleste land i verda. Ein god del personar med ikkje-hinduisk bakgrunn har òg konvertert til hinduismen i Europa og Amerika, og dei reknar seg no eller kan reknast som hinduar.

Store hindubefolkningar finst på Fiji, i Sør-Afrika, Trinidad, Surinam, Mauritius og Guyana. Også i Vesten finst mange hinduar, særleg i Storbritannia, Canada og USA, men også i Frankrike, Tyskland og Sveits. I Noreg er det over 20 000 hinduar.

Tidlegare var hinduismen utbreidd i store delar av Søraust-Asia, og framleis er fleirtalet av befolkninga på øya Bali i Indonesia hinduar.

Truslære og historikk

Sjølv om India er inne i ein dramatisk urbaniseringsperiode, bur framleis meir enn halvparten av den indiske befolkninga på langsbygda. Landsbysamfunnet har hatt ein ubroten kontinuitet attende til den første jordbrukskulturen.

Enkelte trekk ved det religiøse livet i landsbyane går tilbake til forhistorisk tid. Til dømes tilber innbyggjarane lokale gudinner (såkalla «mødrer») som vernar landsbyen og gir fruktbarheit.

Den første bykulturen oppstod for om lag 4500 år sidan langs elva Indus. Det er sannsynleg at mange trekk i hinduismen har opphavet sitt i Indus-kulturen, men så lenge forskarane ikkje kan tyde skriftsystemet til denne kulturen, er det vanskeleg å avgjere kor mykje Induskulturen har påverka hinduismen.

Etter om lag 1700 fvt. begynte grupper med nomadar å vandre inn på det nordindiske slettelandet frå fjella i nordvest. Desse nomadane bestod av ulike grupper, men alle snakka indoeuropeiske språk. Nokre snakka sanskrit, som er nær i slekt med gresk og latin. Desse blanda seg gradvis med befolkninga som budde i området frå før.

Religionen til nomadane som tala indoeuropeisk, blir kalla vedisk religion. Han var dominert av offerritual retta mot ulike gudar, som til dels har nære parallellar i romersk og norrøn religion.

  • Indra var ein idealkrigar som, styrkt av den guddommelege soma-drikken, nedkjempa fiendar og drap eit slangeliknande uhyre som heldt det livgivande vatnet tilbake.
  • Varuna var ein allvitande og allsjåande gud som kunne halde handa over tilbedarane sine, men også straffe dei med sjukdom.
  • Agni var dels den synlege offerelden som førte offeret til gudane, og dels ein sjølvstendig guddom.
  • Soma var dels ein plante, dels ein rusande drikk som vart rituelt framstilt av planten, og dels ein guddom.

Dei indoeuropeisktalande nomadane hadde ingen førestillingar om gjenfødingskretsløp og frigjøring fra gjenfødsel, noko som vart eit dominerande trekk ved indiske religionar. Derimot ønskte nomadane seg velstand, kyr og avkom i dette livet og kanskje eit himmelsk tilvære i det neste. Dei ropte til gudane og lovprisa dei i hymner. Fleire samlingar av desse hymnene er bevarte. Den eldste er Rigveda (sanskrit for ‘viten som består av vers‘). På grunnlag av denne nemninga blir religionen deira kalla vedisk.

Upanishadane

Enkelte vediske hymner inneheld tilløp til førfilosofiske spekulasjonar, og frå 600-talet fvt. blir dei utvikla i prosatekstar som er kalla upanishadane. Her møter vi omgrepet brahman, som opphavleg stod for krafta i hymnene som gjorde dei verksame. I upanishadane får brahman òg tydinga verdsaltet [verdensaltet] – den usynlege, altgjennomstrøymande krafta som ligg under eller bak verda, og som verda er utgått frå.

Ein hovudtanke i upanishadane er at brahman er identisk med atman – sjølvet – det inste, udødelege vesenet til mennesket. I tekstane finn vi òg læra om gjenfødsel frå liv til liv. Det vart lagt vekt på lidingsaspektet, og eit av måla til mennesket vart å nå moksha – frigjering – det å sleppe unna all gjenfødsel.

Spiren til yoga (av sanskrit ‘anspenning’, i slekt med åk) finst òg i upanishadane. Yoga kom til å stå for talrike former for fordjuping, disiplin, askese og meditasjon. Felles for desse øvingane var overtydinga om at mennesket kan nå moksha ved eiga kraft gjennom å disiplinere kroppen og sansane, og særleg gjennom å kontrollere alle mentale prosessar. I meir enn 2000 år har yoga vore ein viktig dimensjon i hinduismen.

Frå tida rundt då upanishadane blei til har hinduismen rekna med ein moralsk årsakssamanheng i tilværet: Som ein sår, skal ein hauste. Alle handlingar har ein ibuande dynamikk som gjer at dei før eller seinare utløyser ein tilsvarande verknad. Handling, karma, er ikkje ein uavvendeleg lagnad, men eit upersonleg rettferdsprinsipp som kan gi ei moralsk meiningsfull forklaring på forskjellar mellom menneske.

Dharma og moksha

Hinduasketar i Prayag, Kumbh Mela-festivalen, februar 2013

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

I tida fram til byrjinga av vår tidsrekning blir det utarbeidd ein etikk og eit samfunnssyn som i store trekk har blitt ståande til i dag. I Rigveda finst berre éi hymne som beskriv korleis gudane i urtida skapte samfunnet med inndelinga i klassar ved å ofre og partere eit urtidsvesen: Frå munnen oppstod prestane, frå armane krigarane, frå låra landsbyfolket (bønder og handverkarar) og frå føtene tenarane. Denne hymna finst i det yngste laget av teksten.

Ei god handling er ifølgje denne forståinga først og fremst ei handling som bidreg til å halde ved like det ordna samfunnet, der kvart individ og kvar gruppe har sin klart definerte plass. Samfunnsordenen heng uskiljeleg saman med orden og lovbundne samanhengar i naturen og i universet som heilskap.

Denne ordenen vart kalla rita, seinare dharma (av sanskrit ‘å halde’), og handlar om det som er fast og urokkeleg. Ordet dharma var truleg ein påverknad frå buddhismen, som på denne tida, 200-talet fvt., stod sterkt i India. I buddhismen er dharma namnet på Buddhas lære. Konkurranse med buddhistane om klientar som var villige til å betale prestane for ritual, kan ha spelt ei sentral rolle i utviklinga.

Teksten Bhagavadgita (av sanskrit ‘Guds song’), frå tida då vår tidsrekning begynte, blir særleg i nyare tid rekna blant dei mest sentrale i hinduismen, og då særleg for tilbedarar av guden Krishna. Her står tanken om dharma som eit grunnleggjande prinsipp i tilværet sentralt. Gud grip inn i verda viss dharma er trua.

På same måte kviler det på alle menneske å utføre plikta si i samsvar med den stillinga dei har i samfunnet. Dette påbodet kunne lett kome i konflikt med læra om moksha, frigjering frå all handling. Bhagavadgitas løysing har blitt ståande som ein av dei mest sentrale tankane i hinduismen: Den handlinga som blir utført utan tanke på eiga vinning og utan tanke på resultat (fordi ho blir utført som eit offer til gud), bind ikkje mennesket til vidare fødsel og død, men fører til moksha. Dette strir tilsynelatande mot læra i hinduismen om fire livsstadium og ideen om munkelivet.

I alt sitt mangfald kan hinduismen langt på veg sjåast som ulike forsøk på å samordne læra om dharma og moksha. Begge kan stå som mål for menneskelivet, men det kan synast umogleg å foreine dei. Ei anna løysing enn den som blir forkynt i Bhagavadgita, er å innpasse dharma og moksha i eit skjema for menneskelivet, der tre livsstadium skal danne grunnlaget for å praktisere dharma og til slutt føre til eit stadium der dharma trer i bakgrunnen medan ein strevar etter moksha.

Hinduane har først og fremst prøvd å møte krava og pliktene i samfunnet – også religiøse plikter – i samsvar med dharma, men det har alltid vore mange som har valt å leve som heimlause asketar med tanke og sinn retta mot moksha åleine.

Retningane innanfor hinduismen

Hinduismen er ein mosaikk av tradisjonar og har ikkje noko sentrum eller nokon sentral organisasjon, men er eit mangfald på alle måtar, også når det gjeld lære. Mange hinduar er òg svært pragmatiske i måten dei praktiserer hinduismen, og besøkjer ulike tempel og guruar etter behov. Mange føler eit nært forhold spesielt til éin gud eller éi gudinne, men det betyr ikkje at dei ikkje òg har eit nært forhold til andre gudar og gudinner.

Sjølv om hinduismen i seg sjølv ikkje har nokon grunnleggjar, har det gjennom hundreåra oppstått ei rekkje retningar med grunnleggjarar, heilage [hellige] tekstar, rituelle tradisjonar og heilag geografi.

Det er vanleg å dele desse retningane i tre grupper:

  • vishnuismen
  • shivaismen
  • shaktismen

Dette er nemningar som òg blir brukte i hindutekstar. Purana-tekstane, som fortel om gudane og gudinnene i hinduismen, blir delte i vishnuittiske, shivattiske og shakta tekstar.

Shivaismen kan ha vore dominerande i seinare fasar av hinduiseringa av India, som føregjekk frå dei første hundreåra etter vår tidsrekning, men vishnuismen vart etter kvart den største retninga.

Individuelle religionssamfunn i hinduismen blir kalla sampradayaer. Dei viktigaste shivaittiske retningane (sampradayaene) er pasupataene, shaiva siddhanta, kashmir-shivaismen, lingayatane og nath-yogiar. Dei viktigaste vishnuittiske retningane er shri-vishnuismen, Madhva sampradaya, pushtimarga, Nimbarka sampradaya, gaudiya-vishnuismen og varkariar.

Shaktismen har ikkje sampradayaer på same måte, men legg vekt på ulike gudinner, spesielt Durga og Kali. Desse gudinnene blir òg tilbedne av andre hinduar.

Gudar og guddommar

Tradisjonell framstilling av hindugudar.
Statue av gudinna Durga blir senka i elva Hooghly ved slutten av Durga Puja i Kolkata.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Statuar av Ganesha i prosesjon for å bli nedsenka i havet ved avslutninga av Ganesha Caturthi-festivalen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

I hinduismen er det ulike oppfatningar om korleis guddommar står fram. Tre gudar har dominert dei siste to tusen åra: Vishnu, Shiva og Devi (gudinna Durga). Alle tre er svært samansette skikkelsar.

Vishnu er nemnd i Rigveda, men har ikkje noka sentral rolle i den vediske religionen. Shiva har hovudsakleg opphavet sitt utanfor den vediske religionen. Dei vediske gudane, som Indra og Varuna, fekk etter kvart mindre å seie, og til slutt forsvann dei så å seie heilt frå det religiøse medvitet til hinduane.

Shiva

Guden Shiva.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Shiva blir oftast framstilt som ein asket. Han har smurt kroppen inn med oske frå likbålet som eit teikn på at han er upåverka av lidenskapar og sit urørleg blant Himalayas aude fjell i djup, indre konsentrasjon. Gjennom det lange, samanfiltra håret hans strøymer den heilage elva Ganges frå himmelen og ned på jorda.

Shiva er òg familiefar og vekslar mellom livet som asket og samlivet med Parvati (av sanskrit ‘Fjelldottera’). Bustaden [boligen] hans er Kailasha-fjellet i Vest-Tibet og i Arunachala i Tamil Nadu. Han har to søner: Ganesha, som er lett å kjenne att med elefanthovudet sitt, og Skanda, også kalla Murugan, Kartikeya, Subramanya eller Shanmukha.

På same måte som menneskelege asketar har Shiva ei kraft, tapas (varme), som kan vere farleg og destruktiv. For shivaistane er Shiva ein som skaper, held ved like og øydelegg, men i enkelte teologiar der gudane blir tillagde ulike funksjonar, er det Shiva som knuser verda i den ville dansen sin når verda går i oppløysing.

Vishnu

Vishnu er framfor alt guden som skaper, held oppe og vernar verda. Han blir ofte identifisert med Krishna. Kona hans er Lakshmi, gudinna for velstand og framgang. Kvar gong dharma blir trua av demoniske krefter, grip Vishnu eller Krishna inn og rettar opp igjen den gode ordenen gjennom ein avatara (‘nedstiging’).

Ein reknar med ti slike avatarar i ulikeskikkelsar; dei fire første har dyreskikkelsar. Vishnu sjølv blir gjerne framstilt som ein konge. Enkelte avatarar kan i den grad dominere trua og tilbedinga til tilhengjarane sine at dei blir sett på som den eigentlege guden, først og fremst Rama og Krishna.

Rama

Rama blir framstilt som ein ung, heltemodig prins og ein from, rettskaffen konge. Hans fremste oppgåve er å rette opp igjen dharma, som vart trua då hustrua hans Sita vart røva av demonar. Med hjelp frå apehæren med leiaren Hanuman lykkast han i å frigjere Sita. Kampen mot demonane er eit bilete på striden mellom godt og vondt, og på at det gode sigrar til slutt. Også Hanuman har blitt ein guddommeleg skikkelse og eit bilete på styrke, mot og trufastheit.

Krishna

Krishna har fleire skikkelsar: eit lite, skøyaraktig barn, ein prins og ein gjetargut som med fløytespelet sitt og uimotståeleg venleik lokkar konene til gjetarane ut i skogen for å danse med han i månelyse netter.

Devi

Gud kan òg vere Devi – Gudinna – gud som kvinne. Som Durga (av sanskrit ‘Den utilgjengelege’) er ho blendande vakker, og styrken hennar er uimotståeleg når ho forsvarer dharma mot demoniske makter. Ingen i universet er hennar like, og ho blir verande ugift. Som Kali (av sanskrit ‘Den mørke’) er ho skremmande, og ho held til blant båla på likbrenningsstaden. Den mørke, nakne kroppen er smykka med avhogne hovud, og ho dansar vilt og ekstatisk.

I Bengal, der det har vore ei omfattande tilbeding av denne gudinna, vart det i diktinga òg lagt vekt på Kali som den kjærlege mora som vekkjer lengsel og morskjærleik hos tilbedaren.

Heilage personar

I hinduismen er det inga skarp grense mellom det guddommelege og det menneskelege. Gud kan vise seg som menneske, og menneske kan bli vurderte som openberringar [åpenbaringer] av Gud. Eit døme er Chaitanya (1486–1533), som av tilbedarane sine blir vurdert som inkarnasjon av Krishna. Andre religiøse leiarar, til dømes Shankara (788–820), blir sett på som heilage [hellige] førebilete utan nødvendigvis å stå fram som guddommelege. I den folkelege hinduismen, spesielt i bhakti, speler heilage lærarar og hymnediktarar ei sentral rolle. Dei gir seg heilt og fullt over til guddommen, noko som er typisk for dei sør-indiske hymnediktarane. Det gjer dei òg til førebilete på korleis ein kan bli fullkomen som menneske.

Også i moderne tid har mange hinduiske lærarar og mystikarar blitt æra som heilage, til dømes Ramakrishna (1836–1886). Mohandas Gandhi (1869–1948) blir ikkje berre vurdert som ein politisk leiar, men òg som ein helgen, og blir derfor kalla mahatma (‘den store sjela’).

Ulike vegar til frelse

Bhakti – truskap til ein guddom – har blitt ei viktig kulturform som er prega av ein sterk emosjonell kjærleik eller truskap til ein utvald guddom.

I Bhagavadgita blir det beskrive ulike vegar til frelse. Det er ulike tolkingar av desse vegane, og kor mange dei er, men ofte skil ein mellom tre vegar til frelse:

  1. Handlingsvegen, der alle handlingar blir definerte som like offerrituala til brahmanane
  2. Kunnskapsvegen, representert ved dei ulike religiøse tankesystema (Samkhya, Vedanta)
  3. Truskapsvegen, som prøver å appellere til alle: menn og kvinner, høg og låg, lærd og ulærd

Ei eiga form for bhakti stod fram som ei rørsle [bevegelse] innanfor hinduismen frå omkring 500-talet. Rørsla oppstod først i Sør-India og spreidde seg nordover frå cirka år 1000.

Omtrent samtidig med bhakti oppstod ei retning som blir kalla tantrismen (av tantre, ‘tråd, rettesnor’, nemning på tekstane til rørsla), som også finst i buddhismen. I den hinduiske tantrismen står Shiva og Devi i sentrum, oftast i skremmeleg form. Devi blir omtala som Shivas shakti, krafta hans, men ofte er ho heilt einerådande, som den høgaste guddommen.

Karakteristisk for tantrismen er tanken om at heile tilværet utgjer ein guddommeleg einskap [enhet], og at tilbedaren kan oppnå denne einskapen gjennom yoga og ved å bruke kraftfylte mantra (stavingar og formlar) som er henta frå tantraene.

I nyare tid

muslimane erobra det meste av det nordlege og sentrale India, fekk det store følgjer for kultur og samfunnsliv i India. Det er likevel uklart kva endringar det førte til for hinduismen.

Møtet med dei europeiske kolonimaktene som kom sjøvegen tidleg på 1500-talet, hadde i fleire hundre år lite å seie for hinduismen. Det var først frå byrjinga av 1800-talet at europearane, først og fremst britane, kom til å øve stor innverknad på det indiske samfunnet. Enkelte velutdanna hinduar ønskte å fjerne det som vart vurdert som forfall samanlikna med den «opphavlege» eller «ekte» hinduismen, som kastesystemet, tempelkult og bhakti.

Medan enkelte, til dømes Ram Mohan Roy (1772–1833), ønskte ei tilnærming til kristendommen og europeisk opplysningsfilosofi, søkte andre, som Dayanand Saraswati (1824–1883), tilbake til dei vediske tekstane, der dei meinte å finne grunnlaget for normene i samfunnet og for tekniske framsteg.

Swami Vivekananda (1863–1902) forkynte Vedanta, at India var åndeleg overlegen Vesten, og tanken om at Vesten trong Indias åndelegheit som ei motvekt til materialismen. Denne hinduistiske sjølvforståinga vart viktig for den indiske rørsla for sjølvstende [selvstendighet]. Mahatma Gandhi og andre leiande skikkelsar la ofte religiøse prinsipp til grunn for engasjementet sitt.

På 1900-talet og seinare har hinduismen òg hatt innverknad utanfor India. Advaita-filosofien – læra om at alle ting er eitt – og yoga har hatt betydning på kvar sin måte, advaita som ein filosofi med appell til mange intellektuelle og yoga som ein praktisk metode til avspenning, mental og fysisk regenerering og djupare sjølvinnsikt, og særleg frå 1990-talet som rein gymnastikk.

Det djupaste målet for den indiske filosofien, nemleg frigjering frå rundgangen med stadig nye gjenfødingar, har likevel lett for å bli oversett i Vesten. Også organiserte rørsler har fått tilslutning i Vesten, og ei av dei mest omtala er ISKCON (International Society for Krishna Consciousness), sjå Hare Krishna-rørsla.

Sjølv om India gjennom grunnlova vedtatt i 1949 og gjeldende fra 26 januar 1950, er ein verdsleg stat der ingen religion skal vere favorisert, har politiske parti og rørsler med sterk hinduistisk profil gjort seg stadig meir gjeldande. På 1980- og 1990-talet spelte kravet om at India i større grad burde bli styrt etter hinduistiske idear, ei stor rolle i politikken, sjå fundamentalisme – hinduismen.

Religiøst liv

Hinduisme

Pilegrimar i Varanasi (Benares) som tek det rituelle badet i den heilage elva Ganges.

Av /KF-arkiv ※.
Rituell tilbedelse av linga, symbol på guden Shiva i Ujjain, Madhya Pradesh. Foto: Knut A. Jacobsen.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Hindu pilegrimsprest med kunder på pilegrimsstedet Omkareshvar ved elven Narmada.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Familien er grunnleggjande i hinduismen. Den daglege tilbedinga i heimen – av ein eller fleire utvalde gudar – og dessutan dei ulike rituala som markerer overgangen for kvar enkelt frå eitt livsstadium til eit anna, er sjølve nerven i hinduismen. Forankringa i familien var utvilsamt ein viktig grunn til at hinduismen overlevde den muslimske erobringa av India, medan buddhismen, som var konsentrert i store kloster, gjekk til grunne.

Det er ikkje funne bygningar frå Induskulturen som vi sikkert veit har vore brukte til religiøs kult. Dei vediske nomadane som var berarar av vedisk religion, hadde ikkje tempel og truleg heller ikkje gudebilete. Dei utførte offerrituala sine i friluft, og sjølv om dei konstruerte kompliserte alter, vart dei demonterte etter bruk.

Frå dei første hundreåra etter vår tidsrekning begynte hinduane å byggje tempel, først i tre, men etter kvart i stein. Eit hindutempel er først og fremst bustaden til gudane. Den viktigaste delen av tempelet er eit lite rom der sjølve gudestatuen står. Den viktigaste tilbedingsforma er puja (av sanskrit ‘oppvarting’), som inneber at guden blir oppvarta som ein konge eller ein høgt æra gjest. Om morgonen blir guden, representert ved gudestatuen, vekt og vaska, og det blir sett fram eit måltid. Maten består oftast av søtsaker laga av kokt mjølk, ris og vegetariske retter, men gudar som har ein skremmeleg karakter, som til dømes Kali og Bhairava, kan bli tilbydde kjøtt og alkohol. Vatn blir fylt i skåler, lys blir tende, og det blir brent røykjelse.

Guden blir underhalden med musikk, tidlegare òg med dans som vart utført av profesjonelle tempeldansarinner. Ofte blir guden i form av ein statue ført i prosesjon til og frå tempelet på årlege festdagar. Anten guden blir tilbeden i det indre av tempelet, eller statuar blir førte omkring i prosesjon utanfor tempelet, har tilbedarane eit stort ønske om å få gudens darshana (av sanskrit ‘syn, blikk’). Ved å sjå guden (i form av gudestatuen) og – like viktig – å bli sett av guden blir gudens nåde formidla til tilbedarane.

Sjølve tilbedinga av guddommen, i alle fall i dei største templa, blir utført av profesjonelle prestar, oftast frå brahmanklassen. Brahmanane står høgast i kastesystemet, og dei utfører livsens overgangsritar i familiane, i alle fall blant dei høgare kastane. Dei heimlause, omvandrande asketane, som framleis finst overalt i det indiske samfunnet, er derimot rekrutterte frå alle kastar. Dei søkjer gjerne å etterlikne Shiva med framferda og utsjånaden sin. Det finst òg klosterordenar, spesielt innanfor advaita-tradisjonen.

Heilage vatn, fjell, elvar og byar speler ei viktig rolle i hinduismen, og enkelte er store pilegrimssenter. Mest kjent er Varanasi (Benares) ved breidda av Ganges. For mange shivaittar er dette den heilagste byen i India, vigd til Shiva og velsigna av den heilage Ganges-elva. Ei rekkje andre stader langs Ganges er heilage: Gangotri, der Ganges har utspringet sitt; Hardwar (Haridwar), der elva kjem ned på sletta; Allahabad (Prayag), der ho flyt saman med Yamuna (Jumna); og staden der Ganges møter havet i Den bengalske bukta.

Andre kjende pilegrimsmål er byane Kanchipuram (Kanchi) og Madurai i Tamil Nadu, Narmada-elva, Rameshwaram-tempelet på Indias sørspiss, Jagannath-tempelet i Puri i delstaten Odisha, Mathura og Vrindavan i vestlege Uttar Pradesh. Det er dessutan mange tusen andre pilegrimsstader.

Litteratur

Det dominerande språket i den religiøse hindulitteraturen er sanskrit, det indoeuropeiske språket til nomadane som var berarar av den vediske tradisjonen. Dei førte med seg språket då dei kom til India mot slutten av 1700-talet fvt. Dei vediske hymnene i Rigveda og dei andre hymnesamlingane Sama-, Yajur- og Atharva-veda er forfatta på eit særleg formrikt og alderdommeleg sanskrit som blir kalla vedisk.

Hymnene vart lenge overleverte munnleg, og framleis blir dei resiterte av brahmanar utan å vere endra. Dette er den eldste ubrotne religiøse tradisjonen i verda. Av hinduane blir dei vediske hymnene rekna som evige, og dei er formidla til menneska av guddommelege vismenn (rishiar) som høyrde dei i urtida. Hymnene blir derfor klassifiserte som shruti (av sanskrit ‘det som er høyrt’), det vil seie som openberra, uforanderlege tekstar. Sanskrit blir vurdert som eit heilagt språk, som devabhasha (av sanskrit ‘språket til gudane’).

Hymnene vart følgde av Brahmana-tekstane, detaljerte tilvisingar og tolkingar av det vediske offerritualet. Upanishadane, som vart forfatta frå 600-talet fvt., peikar framover mot dei seinare filosofiske tekstane til dei religiøse tankesystema, også dei med utgangspunkt i tolkingar av offerritualet. Frå hundreåra rett før og etter starten på vår tidsrekning stammar dei to store indiske eposa Mahabharata og Ramayana.

Mahabharata, som består av rundt 100 000 dobbeltvers og truleg er det lengste verket i verdslitteraturen, er forteljinga om striden mellom dei fem Pandava-brørne og slektningane deira i Kuru-klanen. Verket har mange innskotne skrifter, mest kjent er Bhagavadgita, Guds song. Bhagavadgita har stått sentralt i delar av hinduismen heilt til i dag og var den første sanskritteksten som vart omsett til eit europeisk språk (til engelsk i 1785 og til norsk i 1982).

Ramayana er forteljinga om prinsen Rama. Desse og andre tekstar blir rekna som smriti (av sanskrit ‘det som er hugsa’), med andre ord som mindre evige og uforanderlege enn hymnene. Ein viktig forskjell er at Veda-tekstane ikkje har eit menneskeleg opphav, dei er apaurusheya, medan smriti-tekstene alltid blir identifiserte med ein forfattar. Mahabharatas forfattar er Vyasa, og forfattar av Ramayana er Valmiki.

Ein like viktig sjanger er Purana-tekstane. Det er i desse tekstane vi finn mange av forteljingane om gudane og gudinnene i hinduismen. I Bhagavata-Purana er forteljingane om Krishnas barndom og ungdom; i Markandeya-Purana finn vi Devimahatmya, forteljingsdiktet om den store Gudinna, Mahadevi eller Durga. Denne forteljinga blir feira i festivalen Durgapuja, som er særleg viktig i Bengal, og teksten blir resitert fullt ut. Purana-litteraturen blir gjerne delt i vishnuittiske tekstar, shivaittiske tekstar og shakta-tekstar. I Purana-tekstane finst òg mange hyllester til hinduismens mange heilage stader.

Purana-tekstane spelte truleg ei viktig rolle for at brahmanane overtok lokale religiøse tradisjonar og for utbreiinga av pilegrimstradisjonar, det vil seie for at dei rituelle tradisjonane til brahmanane spreidde seg til store delar av India.

Det finst ein svært omfattande filosofisk litteratur på sanskrit. Som lærd språk, ikkje minst når det gjeld filosofi, har sanskrit vore nærast einerådande blant hinduar heilt til 1900-talet. I hinduismen har filosofien hatt frigjering frå fødsel og død som mål, og han kan derfor ikkje eigentleg skiljast frå religion. Dette gjeld òg kunnskapsområde som grammatikk og estetikk. Også den tantriske litteraturen er forfatta på sanskrit.

Med bhakti-rørsla vart Indias talrike folkespråk tekne i bruk. Tamil var det første språket som i praksis kom til å konkurrere med sanskrit innanfor religiøs litteratur, men etter kvart kom alle dei indiske hovudspråka til å få ein rik religiøs litteratur. Bhakti-litteratur, i stor utstrekning dikt, helgenbiografiar og gjendiktingar av Ramayana, utgjer ein stor del av denne litteraturen.

Dei siste tiåra har også den indiske filmindustrien produsert tallause filmar for den indiske marknaden med tema frå hindu mytologi og frå eposa Mahabharata og Ramayana. Det same gjeld indiske teikneseriar. Verdien av desse nye media for vidareføring og standardisering av hinduismen bør ikkje undervurderast.

Arkitektur

Hinduisme

Kandarya Mahadeva, eit hindutempel blant mange andre i Khajuraho, nord på Deccan i India. Tempelet vart reist omkring år 1000 evt. under Candella-dynastiet og er utsmykka med over 800 skulpturar.

Av /KF-arkiv ※.
Hinduisme

Høgrelieff av ei dansarinne i Halebid.

Av /KF-arkiv ※.

Dei eldste bevarte templa er frå Gupta-perioden på 300–400-talet evt. Dei er bygde i stein, men det må ha eksistert tempel i tre, murstein og liknande tidlegare. Det indiske tempelet utvikla snart ein grunnplan som med små variasjonar er bevart til vår tid. Sjølve heilagdommen, der gudebiletet står, garbhagriha (av sanskrit ‘morslivshuset’), er eit mørkt rom som opnar seg mot ein eller fleire større hallar, mandapa, der dei besøkjande samlar seg og rituala blir utførte.

Utanfor dette rommet kan det vere ein meir open veranda eller ein søylehall. Hovudtårnet ligg over det inste «morslivshuset», og heile byggverket ligg gjerne på ei plattform som har same grunnplan som sjølve tempelet. Tempelet, med eventuelle sidebygningar, er ofte omgitt av ein høg, firkanta mur, gjennombroten av portalar som kan vere praktfulle byggverk i seg sjølv. Heile tempelet blir ofte oppfatta som eit mikrokosmos, det vil seie som eit bilete på universet.

Frå Gupta-perioden og den følgjande tida finn vi ei rekkje tempel som er hogne ut i klippeveggen i form av holer, og dei er ofte prydde med storslåtte relieff. Blant dei eldste er Udayagiri i Gwalior frå 400-talet, eventuelt med eit fire meter høgt relieff av Vishnu som villsvin, og frå 400–700-talet er holene ved Badami og Ellora.

I ei særstilling kjem det praktfulle Kailasha-tempelet ved Ellora – eit monolittisk tempel (det vil seie hogge ut av éi steinblokk) frå rundt 760 evt. Tempelet skal vera ein jordisk kopi av guden Shivas bustad. Noko seinare vart ei hole ved Mumbai, kjend som Elephanta-hola, hoggen ut, men etter dette vart det ikkje lenger hogge ut holetempel i India.

I tida etter Gupta-dynastiet kan tempelarkitekturen delast inn i to hovudstilartar: den nordlege (indo-ariske), karakterisert ved avrunda tårn og avrunda grunnplan, og den sørlege (dravidiske), karakterisert ved pyramideforma tårn og rektangulære grunnplan. Av eldre tempel i den nordlege stilen er ikkje noko bevart i dei større byane. Den muslimske erobringa på 1000-talet førte til omfattande raseringar, og materiale frå øydelagde tempel vart ofte brukte til å byggje moskear.

Av seinare regionale skular kan nemnast:

  1. Odisha på 900–1200-talet, kjent for Lingaraja-tempelet i Bhubaneshwar og Surya (Sol)-tempelet i Konarak frå 1200-talet.
  2. Templa til Candella-dynastiet i Khajuraho på Nord-Deccan frå 900–1000-talet, oppførte i litt mindre målestokk, men overdådig utsmykka med skulpturar både utvendig og innvendig. Templa i Konarak og Khajuraho er kjende for dei erotiske skulpturane sine. Desse templa er oppførte på UNESCOs liste over natur- og kulturarven i verda.
  3. Eit tredje senter er Gujarat på 1000–1200-talet med mellom anna Somnath-tempelet, som vart oppført på nytt i opphavleg form i 1959.

Sør-India har vore mindre utsett for invasjonar og øydeleggingar. Dei eldste bevarte templa finst i Aihole og Badami i Karnataka og er frå 400–700-talet evt. Stilhistorisk står dei i ei mellomstilling mellom nord og sør. Tempelanlegga ved Mamallapuram, sør for Chennai i Tamil Nadu, er frå 700-talet.

Eineståande er her mellom anna eit relieff i friluft, om lag 25 gonger 10 meter, som illustrerer elva Ganges' nedstiging frå Mjølkevegen til jorda. Fleire tempel er bevarte frå Chola-dynastiet, som varte frå år 900 til 1150, mellom anna det over 60 meter høge Shiva-tempelet i Thanjavur.

Frå 1100-talet begynte utviklinga av tårnliknande portalar, gopura, i dei ytre tempelmurane. Dette vart etter kvart det mest karakteristiske trekket i sørindisk tempelarkitektur. Talet på tårnportalar auka stadig, dei fekk større dimensjonar og vart dekte av eit mylder av mytologiske figurar som var måla i sterke fargar. Blant dei mest kjende er Meenakshi-tempelet i Madurai, Srirangam-tempelet utanfor Tiruchirapalli og tempelet ved Rameshwaram, alle med anlegg frå 1500–1600-talet.

Ei spesiell utvikling av den blanda Deccan-stilen er templa frå Hoyshala-dynastiet si tid på 1100–1300-talet i det sørlege Karnataka. Dei er karakteriserte ved stjerneforma grunnplan, ofte utan tårn, og ein eineståande rikdom av skulpturar og dekorative friser både innvendig og utvendig. Mest praktfullt er Hoyshaleshvara-tempelet i Halebid frå 1100-talet, som i raffinert dekorativ utsmykking er utan like i India. Ei siste blomstringstid fekk Deccan-stilen i Vijayanagara-riket frå 1336 til 1565, til dømes i Vitthala-tempelet i Hampi.

Tempelarkitekturen innanfor hinduismen har ikkje gjennomgått nemneverdig fornying sidan 1600-talet, og dei fleste tempel som er bygde i nyare tid, nyttar ulike stilartar nokså fritt som dekorative innslag.

Biletkunst

Frå litterære kjelder veit vi at det tidleg har eksistert ein målarkunst i India. Måleri har vore utførte på stoff, tre og palmeblad, men dei klimatiske forholda i India har ført til at det ikkje er bevart noko av den eldste målarkunsten. Det er først i holetempel og seinare i frittståande tempel av stein at veggmåleri kunne overleve til vår tid. Dei eldste hinduiske veggmåleria finst i Badami, datert ved ei innskrift til 578 evt.

Bevarte lause måleri er ein god del yngre. Først på 1400-talet vart papir, innført frå Iran, teke i bruk. Under islamsk påverknad vart ein miniatyrkunst utvikla på 1500-talet, men det var først på 1600-talet at ein eigen hinduisk miniatyrmålarkunst vart utvikla, først i Rajasthan og seinare, på 1700-talet, i fjella nord for Punjab (Kangra, Chamba og så vidare, den såkalla Pahari-skulen, ‘Fjellskulen’). Det finst òg talrike lokale målartradisjonar, til dømes i Bengal, Bihar og Odisha.

Med unntak av enkelte folkekunsttradisjonar har hinduisk religiøs målarkunst ikkje fornya seg sidan 1800-talet. Ei svært populær kunstform i vår tid er masseprodusert religiøs plakatkunst som er å finne i dei fleste heimar, og som ofte er nokså fri i framstillinga av gudar i nye kombinasjonar av ikonografiske element.

Skulptur

Det er naturleg nok bevart skulpturar som er mykje eldre enn måleria som framleis finst. Det finst såleis ei rekkje skulpturar i stein, brend leire og metall frå Induskulturen. Dei har truleg hatt religiøs tyding, sjølv om denne verdien førebels ikkje kan bestemmast nærare. Frå 200- og 100-talet fvt. finst statuar frå Mathura-distriktet, nær Agra, av lokale skytsgudar. Frå og med Gupta-dynastiet er det bevart ein rik skulpturkunst som avbildar guddommar og av og til scener frå eposa.

Mange av skulpturane tente til å smykke ytterveggene på templa. Til dømes er det framleis svært godt bevarte skulpturar på templa i Khajuraho (Madya Pradesh) og Hoyshala-templa (Karnataka). Det vart òg produsert bronsestatuar, spesielt i Sør-India frå Chola-dynastiet si tid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flood, Gavin: An introduction to Hinduism, 1996
  • Jacobsen, Knut A., editor in chief: Brill’s Encyclopedia of Hinduism. Six Volumes, 2009–2015
  • Jacobsen, Knut A.: Pilgrimage in the Hindu Tradition: Salvific Space. Abingdon: Routledge, 2013.
  • Jacobsen, Knut A.: Hyllest til Gudinnen. Oslo: Emilia, 2007.
  • Jacobsen, Knut A.: Hinduismen, 2010
  • Jacobsen, Knut A., red.: Verdensreligioner i Norge, 4. utg., 2018 (kap. 3: «Hinduismen i Norge»)
  • Jacobsen, Knut A., red.: Bhagavadgita og andre hinduistiske skrifter, 2001 (Verdens hellige skrifter)
  • Jacobsen, Knut A., og Ferdinando Sardella, red.: Handbook of Hinduism in Europe. 2 bind. Leiden: Brill, 2020.
  • Michell, George: Hindu art and architecture, 2000

Artikkelen er omsett frå bokmål til nynorsk av Aud Søyland.

Kommentarar (10)

skreiv Lars Nygaard

Ifølge Språkrådet heter det "braman" eller "bramin", ikke "brahman" (atså kasten, ikke bergepet). Jeg vet ikke hva som er riktig, men det kan være verdt å sjekke. mvh, lars nygaard

svarte Knut A. Jacobsen

Takk. Rett navn på kasten er brahman eller brahmana. På engelsk brukes også brahmin.

skreiv Knut A. Jacobsen

Her tar dessverre språkrådet feil, brahman er den korrekte formen,

skreiv Mariell Brandsegg

Hva er stifter? Skal det stå skrifter? Gjerne legg inn en forklaring.

svarte Mariell Brandsegg

Leste litt nøyere og da forsto jeg det, men takk for svar.

skreiv Olve Rasmussen

Ska ha en oppgave om hinduisme så lurer jeg på om dere har noe kunnskap om hvordan det kan være en utfordring å være hinduist i norge og i helsefagyrkene, altså om det er noe ekstra ting de må ha som et tidspunkt de trenger å være alene på for å be eller noe slikt?

svarte Knut A. Jacobsen

Se boken Bioetikk i verdensreligionene: Religion, medisin og teknologisk endring (Abstrakt forlag 2010).Boken har et kapittel Bioetikk i hinduismen, sidene 211 til 241. Der finner du noen opplysninger om hinduismen som er relevant for helsefagyrkene. Hinduismen har ikke noen lære om bestemte tidspunkt hinduene trenger å være alene for å be.

skreiv Marius Hauso

Dere skriver her at det i Norge er over 20,000 hinduer. Hvor får dere dette tallet i fra? Tallet fra "Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 1. januar 2016" ved Statistisk Sentralbyrå oppgir dette tallet til å kun være 8,882. MVH Marius Hauso

svarte Marius Hauso

Det oppklarte seg selv da jeg kom litt lengre inn i KNUT A. JACOBSENs bok "Verdensreligioner i Norge" hvor han på side 89 skriver: "Selv om religiøse grupper i Norge mottar økonomiske midler fra staten og kommunene i samsvar med sitt medlemstall, og det derfor er økonomisk belønning til gruppene for å registrere så mange medlemmer som mulig, er mindre enn 40% av hinduene registrerte medlemmer av de ulike religiøse organisasjonene."

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg