Hopp til innhold
X
Innhald

Imam

Imam er arabisk og tyder førebilete, leiar. I islam kan imam ha fleire tydingar, til dømes leiar for den rituelle bøna eller ein ærestittel brukt om framståande teologar.
 
I sjia-islam vert imam brukt om etterkomarane til profeten Muhammad, som sjia-muslimane ser på som den rette leiaren av den islamske fellesskapen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.05.2014